MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “januar, 2015”

Kva no, Hotel Mundal?

I dag melde Sogn Avis at investor Ola Moe har kjøpt ut Rolf Wikborg frå Hotel Mundal. Dette vart markert med eit norsk flagg i snøkanten framfor hotellet i dag.

Hotel Mundal sin historie er nær knytt til garden eg driv i Mundal. Johannes S. Mundal (Johans i Mundal, min tippoldefar,) var ein av initiativtakarane for å få bygd hotellet, saman med systera Brita, og hennar mann Olaus Dahle. Å byggje eit så stort hotell i 1891 var både dyrt og dristig. Det kom fleire hotell i Sogn på den tida, oftast sett opp som mindre overnattingsstader og bygd ut etter kvart som trongen for fleire senger kravde det og økonomien tillet det. Men Olaus Dahle hadde sterk tru på at eit stort hotell ville vere med å skape auka aktivitet i bygda. Dei engasjerte den kjende arkitekten Peter Andreas Blix til å teikne hotellet.

Hotel Mundal

Tradisjonsrike Hotel Mundal med Mundalsdalen og fjelltoppane Grettene i bakgrunnen.

Men Balestrand sparebank ville ikkje gi lån til det store prosjektet. Då pantsette tippoldefar min garden og stilte halvparten av kapitalen. Resten av pengane blei lånt privat av bøndene i Fjærland. I tillegg til Johannes Mundal og Olaus og Brita Dahle, var Per Mundal og den kjende breføraren Mikkel Mundal, brørne til Johannes og Brita, med og dreiv hotellet i starten. Om desse to også var medeigarar er eg litt usikker på. Men det var Olaus og Brita som stod for drifta av hotellet heilt frå starten. Brita var ei sterk kvinne, og seinare har fleire sterke og dyktige kvinner styrt hotellet.

Og korleis gjekk det så med økonomien til Hotel Mundal etter den store satsinga? For å sitere hotellet si eiga heimeside: «Prosjektet var truleg vellukka, for alle låna var nedbetalte i 1907.» Det kallar eg tunt påsmurt! På same tid som hotellet betalte tilbake låna til fjærlandsbøndene selde Johans i Mundal sin del av hotellet til Olaus Dahle. I kjøpekontrakten, datert 3.10.1906 går det fram at Johannes og sonen Sjur, altså min oldefar, sel sin halvdel av hotellet med hest og reiskap, båtar og tomt, i tillegg til beiterett for ein hest i Mundalsdalen. Kontrakten har også eit krav om at seljarane ikkje skal starte konkurrerande hotell i Fjærland eller gi støtte til slike. Kjøpesummen var 40.500 kroner.

For nokre år sidan kjøpte Rolf Wikborg seg inn i Hotel Mundal, og dreiv det aktivt nokre år. Siste året har ikkje hotellet vore i drift. No har altså investor Ola Moe kjøpt ut Wikborg. Dette vart feira med flagg utfor hotellet i dag. I over 120 år har Hotel Mundal vore viktig for turistnæringa og bygda. Det er det framleis. Håpar mange får seg gode opplevingar på det tradisjonsrike hotellet i sommar!

unnamed Oppslag i Sogn Avis 27.1.2015.

Advertisements

Det snøar i Fjærland i dag (òg).

2015/01/img_3085.jpg

Dersom det blir stille frå meg så er det berre fordi eg har snødd inne eller at Internett har snødd ned og sluttar å virke.

snow3

Fekk spørsmål om eg ikkje bør skifte bloggnamn til MANN MED SKUFFE.

Ytringsfridom før og etter Charlie Hebdo

Med terroråtaka i Paris fekk 2015 ein alvorleg start for Europa. Vi fekk nok ei alvorleg påminning om at vi er sårbare for ekstemistar sin terror også i vår del av verda. Måten karikaturteiknarar og journalistar i Europa svarar på, ved å slå ring rundt ytringsfridommen, er ein reaksjon både Frankrike og Europa vere stolte av. Teikningar av terroristar med automatvåpen og bombebelte som tapar mot karikaturteiknarar med blyant som våpen, vil bli hugsa lenge! Det vil også teikninga av terroristane som spør etter sine sytti jomfruer når det kjem til islam-himmelen også: – Jomfruene er opptekne med desse Charlie Hebdo-folka, taparar!
Vi hugsar karikaturstriden frå 2007 også. Den gongen var det mange som her i vesle Norge som snudde ryggen til ytringsfridommen. Då den kristne avisa Magazinet trykte ei faksimile av Jyllandsposten sine karikaturteikningar, blei redaktør Vebjørn Selbekk ståande nokså åleine med kritikken frå norske styresmakter og twitter. Dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre reiste på turne i Midt-austen og forklarte alle som kjende seg såra av Muhammed-karikaturane at redaktør Selbekk stod for noko unorsk noko, og at han stod åleine. Han var ein kristen fundamentalist, som folk flest i Norge tok avstand frå. Men dei Støre prata med hadde nok fått med seg at mange andre aviser i Norge også hadde trykt Muhammedkarikaturane. Dei visste at den norske utanriksministeren laug for å prøve å berge sitt eige og Norge sitt skinn. Til norske medier understreka Støre at sjølv om fundamentalistar på ei side provoserte, så hadde ikkje fundamentalistar på den andre sida rett til å bruke terror. Sjølvsagt. Statsminister Stoltenberg sa til VG at redaktør Selbekk var delvis ansvarleg for at sinte muslimar storma og sette fyr på den norske ambassaden i Syria. Han sa at å trykke karikaturane var «ei gal handling». I ettertid har både Støre og Stoltenberg beklaga korleis dei behandla Selbekk. Dei burde også ha beklaga for det norske folk det grove åtaket dei utførte mot ytringsfridommen i Norge!

Eg er ikkje Charlie. Eg kjenner ingen trong til å provosere for å utfordre grenser. Det er Charlie Ebdo sin misjon, ikkje min. Ikkje kan eg teikne heller, forresten. Ikkje strekar, i alle fall. Eg kan teikne ord og setningar, og eg strevar etter å gi kritikk på ein respektfull og intelligent måte. Men sjølv om eg ikkje vil bruke ytringsfridommen til å provosere grenser på same utfordrande vis som Charlie Ebdo, så støttar eg hundre prosent retten til å kunne gjere det. Ein treng ikkje vere Charlie for å støtte ytringsfridommen. Eg er ikkje Jens eller Jonas anno 2007 heller. Eg snur ikkje ryggen til retten å ytre det ein vil. Ein skal ikkje kompromisse med ytringsfridommen slik det offisielle Norge gjorde. Og ein skal i alle fall ikkje gjere innrømmingar til krefter som leikar med terror. Sa eg at eg meinar Støre og Stoltenberg burde sei ubetinga unnskyld overfor norske journalistar og det norske folk? Eg meinar dei bør det. Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 17. januar 2015.

Ta vare på gullkorna!

– Sjå pappa, sjå regndropane som dansar på bilruta! Sjå; dei står i kø, dei er mange, og no dansar dei bortover! Sjå, pappa! Og fireåringen tok til å synge medan regndropane dansa bortetter bilruta. Sjå, no er dei ikkje så mange lenger, men dei dansar likevel!
– Det har nesten slutta å regne forstår du, svarte eg.

Det var ei magisk stund, ei poetisk stund eg aldri kjem til å gløyme. Orda frå fireåringen var så entusiastiske, så poetiske og så godt beskrivande for det ho såg. Og orda frå meg var så rasjonelle, så i kontrast til barnet sine. Det er ikkje så mange slike augneblink eg hugsar. Men eg har i periodar vore flink til å skrive ned gullkorn frå barna mine. I skrivande stund spør eg dei om eg får lov å dele litt av gullkorna med dokke som les dette. Det får eg lov til. Men vi blir samde om at de ikkje treng vite kven av dei som har sagt kva. Så når eg refererer til sjuåringen så kan det vere kven som helst av barna mine. Alle har vore sju år ein gong.

– Du pappa, sa sjuåringen, veit du at hjortemannen har hundre damer på ein gong? Minst! Sjuåringen er stille ei stund, så eg får tid til å la alvoret sige inn.
– Eg forstår ikkje korleis det går an! (Ny pause.)
– Og alle dei barna det blir då!

– No er det så mange fluger her at den eine sit oppå den andre! sa fireåringen.

– No veit eg kor alle måkane kjem frå, sa ein anna fireåring då vi stod ved bryggja i Hyen.
– Meinar du dei kjem herifrå?
– Ja, sjå kor mange dei er her då!

barnimotlys

Vi som likar å skrive og å leike med ord og språk kan lære mykje av barn sin utforskande og leikande språkbruk. Der dei ikkje har ord, eller ikkje har full forståing av ord brukar dei språket så godt dei kan, utan å vere redde for å dumme seg ut eller å bli mistydd. Som då sjuåringen spurde om aldersskilnaden på seg og kusina.
– Er ho eldre enn meg? spurde han.
– Ja, korleis det?
– Jau, for då eg var seks år var ho halv sju!

Vi har gamalnorsk spælsau på garden, og om våren er barna svært opptekne av lamma i alle slags fargar: svarte, kvite, grå og brune i ulike nyansar og ulike fargekombinasjonar.
– Eg kjenner folk som har både gamalnorsk og nynorsk spælsau!
– Javel, svarte eg, kva er skilnaden då? Språket? Brækar eine rasen på nynorsk og den andre på gamalnorsk?
Den språklege mistydinga ga oss ein god lått.

Eg såg femåringen i ivrig samtale med to litt eldre bygutar. Han var ivrig og høgrøysta.
– Kumøkk, sa han, er eigentleg grønt gras; som har blitt brunt; og litt rundare!

Eg forklarte kort for barna korleis vateren skulle brukast. Femåringen vatra litt her og litt der. Det låg ei dokke på benken. Golvet under benken blei vatra.
– Her er golvet skeivt, konstaterte femåringen. – Og er golvet skeivt, då er benken skeiv òg! Og er benken skeiv, då er dokka skeiv òg!

Diskusjonar mellom søsken kan vere interessante. Dei to var i ein ivrig, høgrøysta diskusjon.
– Eg stod her, sa den vesle, og eg er meg og eg er berre éin, eg kan ikkje vere der borte òg!
– Ja. Du er deg, og det er berre ein av deg, svarte den andre og senka stemma til mumling:
– Trur eg, i alle fall!

– Det finst hundre og det finst hundre tusen, sa den minste.
– Det finst større tal enn det, sa den største.
– Ja, det finst hundre og hundre tusen, og så finst det mark. (Tidlegare tysk valuta, min merknad.)
– Men det finst større tal også, sant pappa?
– Kva heiter det største talet då?
– Veit ikkje, svarte barnehagebarnet, men det talet har plass til heile verda!

Til slutt vil eg dele favorittane mine. Treåringen skulle vere med å plukke bjørnebær ein søndag.
– Vi må hugse å plukke berre dei modige bæra! sa ho.
Frå ein anna tre-fireåring, som gleda seg til kvar barnehagedag; ho gjekk i barnehagen måndag, onsdag og fredag. Tysdag kveld lurte ho på om kor tid ho skulle i barnehagen igjen. – I morgon, sa eg. Neste morgon var ho spent.
– Pappa, er det i morgon i dag, eller er det berre i dag i dag òg?
Uansett om det var i går, i dag eller i morgon: Ta vare på gullkorna frå barna dine!

Denne teksten er trykt i Rett på-spalta i Fylkesmagasinet 22. januar 2015.

Post Navigation