MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “februar, 2015”

Så det stemmer at meklarane på BUF tek parti, Sæbø?

I innhogg 14. februar hevda eg at familiekontora ofte tek parti for mor og mot far utan å ta omsyn til barna sitt beste. Barna sitt beste etter samlivsbrot meinar eg er at dei har like mykje kontakt med både far og mor. Dette skaper debatt.

Du kan lese innhogget her: «Dei hjelper berre damene på BUF!»

I eit svar i Sogn Avis skriv dagleg leiar Liv Sæbø at det er ei mistyding at BUF er partiske, og at ho trur ikkje alle opplever det slik. Det både håpar og trur eg ho har rett i. Det var heller ikkje mine ord at BUF berre hjelper kvinner. Det var eit sitat. Men i diskusjonar og kommentarar om dette innlegget på mellom anna twitter, er det mange som hevdar at dei har opplevd eller kjenner folk som har opplevd det same som meg. At meklar på familiekontora tek parti for mødre. Og ingen hevdar at dei har hatt motsett oppleving – at meklar tek parti med fedre. Desse kommentarane kjem frå heile landet, frå både menn og kvinner. Ei kvinne skriv at ho fekk akkurat den avtalen ho ville fordi familiekontoret tok parti for henne mot barna sin far.

Sæbø skriv at familiekontora skal opptre «med stor grad av nøytralitet, og i alle fall kjønnsnøytralitet». Vidare skriv ho at det kan opplevast som partisk når meklar legg vekt på kva som er det beste for barna. I lys av mi eiga oppleving og alle tilbakemeldingar og kommentarar eg har fått etter innlegget kan det sjå ut som det berre er menn som opplever meklar hos BUF som partisk når det vert lagt «vekt på det beste for barnet». Då har eg altså rett i det eg skriv, Sæbø? At menn opplever BUF-meklar som partisk fordi ho meinar at barn i utgangspunktet har best av å vere mest muleg hos mor på kostnad av samveret med far? Det vert ein uheldig og feil praksis, særleg når du skriv at det ikkje er forskning som understøttar dette synet.

Heile svaret til Liv Sæbø kan du lese her:

Les meir…

Advertisements

Velkommen til eit røykfritt sjukehus?

skilt

Eg var på diabeteskontroll i går. Det er ein ting som slår meg kvar gong eg kjem til sjukehuset i Førde: Dei store kontrastane mellom orda som møter meg på store plakatar – «Velkommen til eit røykfritt sjukehus!» – og all røyken og røyklukta. Under kvart «Røyking forbode»-skilt står det til ei kvar tid ein eller fleire røykarar. Og det er mange slike skilt i inngangspartiet ved sjukehuset sin hovudinngang. Korfor let Helse Førde alle desse som meinar seg heva over lov og forbod få halde fram å forsure inngangspartiet til Førde sjukehus? For røyken stoppar ikkje ute, røyklukta var i går tydeleg også når ein gjekk frå resepsjonen mot inngangsdøra. Då er ikkje sjukehuset røykfritt!

Det er ikkje det at røyklukta plagar meg så mykje. Men eg kjenner folk som blir plaga eller kjenner ubehag av røyk. (Korfor meinar somme røykarar at det er løgner og påfunn når folk kjenner ubehag eller er allergiske mot røyk?) Mange som blir plaga av røyk må også på sjukehus. Allergikarar til dømes. Og små sjuke barn. Eller friske nyfødde barn.

Det er ikkje det at eg har noko mot røykarar. Eg kjenner mange røykarar. Men dei er folk som tek omsyn til andre; som har respekt for andre. Det som provoserar meg er at enkelte røykarar arrogant hevar seg over forbodsskilt og folkeskikk i sin eigen narsissistiske storheit. Og at ikkje Helse Førde gjer noko med dette.

helsefoerde

– Dei hjelper berre damene på BUF!

– Vi gjekk til familekontoret for å få hjelp då vi skulle flytte frå kvarandre. Men der var inga hjelp å få for meg. Eg har no betalt skatt eg også. Men familiekontoret ville berre hjelpe eksen; dei hjelpte henne å få hovudomsorga for barnet vårt. Dei sa det var slik det måtte vere. Dei hjelper berre damene der i BUF. Du har ingen sjanse når dei tek parti med eksen din og mot deg!

Orda kom frå ein blid og hyggjeleg ung mann eg møtte tilfeldig. Men det kunne like godt vore mine eigne ord. Mi eiga erfaring med BUF-etat i mekling om ein barneavtale var at likestilling ikkje var praksis der. Ikkje tanken på barnas beste heller. I alle dei åra som har gått etterpå har eg tenkt at nokon må setje søkelys på dette. Men først var det for nære meg og for nær i tid. Så tenkte eg at praksisen nok er betre no; at det er meir likestilling og meir fokus på barna sin situasjon no enn det var for nokre år sidan. Heilt til eg møtte denne unge mannen for kort tid sidan. Då forstod eg at det ikkje er så mykje som har endra seg i BUF-etaten. Og så forstod eg at det BUF-kontoret i Sogndal ikkje er det einaste som tek parti med mødrene. At det snarare er vanleg at barn sitt beste kjem i siste rekkje på kostnad av mødrene. Og at dei prøver å lure frå deg dei rettane du har som far. Slik kan det ikkje vere i Norge i 2015!

bufLogo

Vekst og utvikling for barn og unge?

Når ektepar eller sambuarar som har barn under 16 år vel å avslutte eit samliv, er ein pliktig å gå til mekling hos eit av BUF-etat sine familiekontor. Då mine barns mor og eg kom dit for ein del år sidan hadde vi på førehand blitt samde om korleis vi ville dele omsorga for barna. Vi ville at barna skulle ha god kontakt med oss begge, og ville at dei skulle vere ei veke hos kvar. Dette var ikkje familiekontoret sin meklar samd med oss i. Ho gjorde kva ho kunne under heile samtalen for å overtale mora til å kreve hovudomsorga for barna. Og argumenta for dette var ikkje barna sitt beste. Argumentet var at det var det beste for henne som mor, for då kunne ho kor tid som helst flytte kor ho ville innanfor Norge og ta med barna – utan at eg som far kunne stikke kjeppar i hjula for henne.

– Kva med barna sitt beste? spurde eg. Og eg prøvde å argumentere for den avtalen vi som mor og far hadde vorte nokolunde samde om før meklinga. Men eg blei konsekvent avbrote og fekk ikkje snakke ut. Eg hugsar eg sa til meklaren at om ho tok så tydeleg parti for ein av foreldra, og i tillegg ikkje let meg få forklare kva eg meinte, så var ho ikkje ein nøytral og upartisk forhandlar. Eg hugsar eg fekk snakke litt då. Resultatet vart til slutt at vi delte omsorga slik vi hadde bestemt på førehand. Men eg tenkte mykje i tida etterpå kor sjokkerande det faktisk var i eit likestillingsorientert Norge at BUF-etat sin meklar tok så tydeleg parti for ein av foreldra. Og det utan å gjere noko som helst forsøk på å skjule at ho gjorde det. Og eg har ofte tenkt på kor mange foreldre som kan ha komme til eit familiekontor med ein intensjon om å dele omsorga mest muleg likt fordi dei har tenkt at det er det beste for barna. Og så har dei komme ut av kontoret med avtalar som har ført til at fedre og barn nesten ikkje har kontakt meir. Som den faren eg møtte for eit par veker sidan. Det må ikkje vere slik i Norge i 2015. Det må leggjast meir vekt på barna sin rett på å ha god kontakt med begge foreldra! På sikt trur eg det vil føre til mindre konflikter mellom foreldre og ein betre oppvekst for barna.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 14. februar 2015.

Dagleg leiar Liv Sæbø sitt svar til dette, og mitt svar til henne kan du lese her!

Kvar er kjærleiken alle snakka om?

Det «alle» kritiserer regjeringa for no skjedde også under forrige regjering. Det høyrest derfor noko uthola og dobbeltmoralistisk ut når politikarar frå dei raudgrøne regjeringspartia er høge på sin eigen kritikk av Anundsen. Eg kan gi eitt døme frå Stoltenberg si regjeringstid. Det finst utruleg mange fleire. Eg har skrive om nokre av dei i ulike kommenatarar i ulike aviser. Fylgjande tekst var trykt i BT i oktober 2012:

Sist søndag blei den vesle kvinna Thien, som hadde budd og arbeidd i Norge sidan 2000, lagt i jern på Trandum asylmottak. Etterpå køyrer politiet til Thien si syster og pågrip barna Danny, som er 4 år og under utgreiing for muleg hjerneskade, og Cecilie, 2 år. Barna blir livredde når dei ser mora i handjern. Så blir dei sende til eit land der dei ikkje har nokon kontaktar, der det er usikkert om Danny får den hjelpa og behandlinga han treng. Dei blir sende ut utan lov til å ta avskjed med familie og venner i Norge. Dei blir sende bort frå Thien sitt førstefødde barn, som berre blei to månader, og ligg gravlagt i det landet som for eit år sidan, etter 22/7, snakka om kjærleik. Kvar er den kjærleiken hen? Kvar er respekten for menneske eller solidariteten og medkjensla? Er alle dei gode forsetta om positive endringar etter 22/7 alt gløymt? Går Norge vidare som eit samfunn bygd på dei empatilause trekka vi tok så sterk avstand til? Eksisterer kjærleiken dei snakka om berre i språket til dei som styrer landet vårt? Hovmotet gir ikkje plass til kjærleik; hovmot fører til fall. Dei sterke reaksjonane på den iskalde, hjarterå og kjenslelause måten Stoltenberg-regjeringa handsamar barn på viser at kjærleiken vi snakka om etter terroren framleis eksisterer utanfor makta sine korridorar.

Det som skjedde søndag har skjedd mange gonger siste åra. For eit par år sidan blei eit barn henta av politikorps i eit klasserom i Sogndal; eit velfungerande skulebarn, godt integrert, vart sendt til ei ukjent framtid ingen i Norge ville utsett sine venner for. Denne guten blei dregen ut av klasserommet, han fekk ikkje lov til å ta farvel med vennene sine før han blei sendt ut av det landet han hadde levd sidan han blei fødd. Dette var eit overgrep av norske styresmakter, ikkje berre mot barnet som blei erklært uønskt, men også for alle dei barna som til læraren si vantru vart nekta å ta farvel med ein god venn; ein venn som brått og uventa blei rive frå dei. Slike brot kan opplevast som verre og meir uforståelege enn vennskap som endar med død. Sogn Avis fortalde etterpå om gråtande barn som kom heim etter skulen og var trøysteslause. Veit norske styresmakter eigentleg kva dei utset små barn for? Forstår dei ikkje korleis slik empatiløyse utfordrar psykiatrien både i Norge og andre land?

Klimakrisa alle snakkar om er ikkje lenger den mest alvorlege trusselen i Norge i dag! For like fort som varmen smeltar isen på jorda ser det ut som kulda frys hjarto på oss menneske. Det er ein større trussel enn klimakrisa. Om vi ikkje har evna til å bli eit betre, meir menneskevennleg samfunn, så er det best klimaøydeleggingane tek oss bort frå dei lidingane iskalde hjarte og tapt solidaritet og medkjensle vil påføre oss. Det er på tide vi reiser oss og seier kva vi meinar om at dei som styrer landet ofrar barn for prinsipp i eige sjølvopphøgd narsissistisk hovmot!

Denne teksten stod på trykk i BT ein søndag i oktober 2012.

Det snøar i Fjærland i dag (òg) 2.

Berre deler nokre bilder av snøvinteren igjen. Denne gongen har eg teke nokre bilde av kårhuset frå hovudhuset på garden.

kårhus4

kårhus2     kårhus1 

kårhus3

Har posta nokre bilder tidlegare i dette innlegget!

Åtte politifolk og meg.

Dette skjedde for lenge sidan. Eg har også skrive om hendinga tidlegare under tittelen

Mitt kriminelle rulleblad.

For ein del år sidan hadde bror mi ei boble, som var styla heilt ut av proporsjonar, med dekk breie som traktordekk. Det var ein slik bil som vart lagt merke til, ein slik bil damene snur seg etter, ja mannfolka også, sjølvsagt, men det var mindre viktig. I alle fall trudde vi at vi vart lagt merke til når vi var på tur med Bobla.

Bobla var i god stand, men ikkje registrert, så kvar gong vi skulle ut og visa ho, eller oss, så leigde vi prøveskilt. Desse prøveskilta vart som regel bestilt frå Biltilsynet, men eit par gonger leigde vi skilt frå ein bilverkstad i nærleiken.

Siste gongen eg gjorde det var for å køyra til Sandane for å visa fram Bobla på Glopperock-laurdagen. Eg parkerte Bobla ved STIL-stova. Der stod ho eit par timar medan eg var oppteken på eit møte.

Då eg nærma meg Bobla att, kom det to politibilar med fullt blålys køyrande opp på sida av oss (meg og Bobla), åtte dører vart slege opp, og eit uniformert politimenneske kom ut kvar si dør. Så gjekk dei i gong med å forhøyra meg om prøveskilta.

Eg vart noko sett ut av oppstyret, men fekk i alle fall gjort greie for kor eg hadde skilta frå, og viste dei vognkortet som høyrde til. Før avhøyret var slutt, kom enno ein politibil med fullt blålys køyrande inn på plassen. Eg tok til å forstå at dette var ei svært alvorleg hending, når politiet såg på meg som ein lovbrytar dei trengde sju-åtte politifolk for å takle. Eg som alltid hadde prøvd å unngå slåsskampar som barn – og tapt dei eg ikkje hadde komme unna!

Men det var då dei klipte bort skilta eg forstod at eg hadde eit problem. Eg prøvde å få svar på kva som var gale, men fekk ikkje gode svar. Eg forstod ikkje kva eg hadde gjort feil.

I ettertid har eg blitt fortalt at medan denne karikerte politiaksjonen pågjekk, vart det bode fram narkotika til mindreårige utanfor rådhuset på Sandane, utan at politiet greip inn. Dei hadde høgare prioriterte lovbrot å løysa denne kvelden.

Og til politiet sitt forsvar vil eg seia at dei lukkast i å løysa den saka dei prioriterte, sjølv om den etter eit par års etterforsking vart lagt bort. Det vart ikkje teke ut tiltale mot meg, fordi dei mangla bevis. Dei fekk ikkje pressa ut noka tilståing frå meg i politiavhøyret eit halvt år etter hendinga. Eg meinte eg ikkje hadde noko å tilstå, og det irriterte nok avhøyrarane at eg såg på saka som ein parodi.

Til politiet sitt forsvar vil eg også seia at om dei trengde sju-åtte mann for å kontrollera meg, så forstår eg godt at dei ikkje ville leggja seg ut med narkotikahandelen som pågjekk godt synleg midt på gata i sentrum denne kvelden.

Hjort med julelys

hjortPerHoyheim

Denne julepynta bukken blei fotografert av Per Høyheim for nokre dagar sidan, og delt på fjesboka. Eg har spurt fotografen om lov til å bruke bildet. Om nokon saknar julelysa og vil ha dei tilbake må de ta ein prat med bukken sjølve!

Post Navigation