MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “mars, 2015”

Skrivegull på Selje

– Det er ikkje ofte eg opplever at alle deltakarane på ei skrivekurs leverer tekstar av solid kvalitet, men det var verkeleg tilfellet her. Her var det skrivegull å finne, seier kurshaldar May Grethe Lerum etter Sogn og Fjordane Skrivelag si kurshelg.

selja1

maygrethelerum    selja2

Sogn og Fjordane Skrivelag, som har 30-års jubileum i år, har skrivekurs som eit årvisst arrangement. 20. – 22. mars var 13 deltakarar frå store delar av fylket, og jamvel frå grannefylka nord og sør for oss, samla til kurs med May Grethe Lerum som kurshaldar. Lerum er sjølv ein mykje publisert forfattar, litteraturkritikar og forlagsredaktør.
–Det er ikkje ofte eg opplever at alle deltakarane på eit skrivekurs leverer tekstar av høg kvalitet, men det var verkeleg tilfellet i Selje. Her var det gull å finne, seier Lerum, som trur fleire av kursdeltakarane har stort potensiale for å få kontrakt med eitt seriøst forlag.

Kursdeltakarane fekk tips frå Lerum om korleis dei kan veve historier som held på lesaren, korleis bruken av adjektiv virkar inn, kvar ein kan få hjelp og inspirasjon til å kome vidare som forfattar, og litt om korleis ein kan gå fram overfor forlag om ein ønskjer å få gitt ut ei bok.
Mellom øktene brukte deltakarane tida på å bli betre kjende med kvarandre og utveksle erfaringar. Før kurset hadde deltakarane sendt inn kvar sine tekstar inspirert av legenda om Sankta Sunniva. Laurdag nytta mange av dei høvet til å vitje Selja, for å oppleve klosterruinane på øya, Sunniva-kjelda og vandre i eit område med historisk sus. I nydeleg vêr vart dette ei flott oppleving.

Deltakarane var i alderen 14 til 85 år, og utforskar ulike litterære retningar. Nokre har gitt ut bøker, andre har lyst til å få ei bok utgitt, medan atter andre berre ønskjer å skrive godt utan at det dei skriv nødvendigvis skal publiserast. Tilbakemeldingane er ikkje til å mistyde. Deltakarane rapporterer om eit givande kurs, ikkje berre med solid fagleg påfyll, men også mykje moro.

Advertisements

Å omtale ein lærar eg hugsar utan å bruke adjektiv.

Er på skrivekurs og har fått heimelekse. Det er å skrive ein tekst som SKAL ha tittelen «Min kamp» og den skal vere om ein lærar eg hugsar godt. Ein slik tekst har eg skrive før, og så vidt eg veit har 20.000 lese den teksten på nett. Når læraren mobbar. Så får eg vel prøva å skrive om ein anna lærar eg hugsar; ein ny tekst. Det som er vanskeleg er at det viktigaste med oppgåva er at det ikkje er lov å bruka eit einaste adjektiv…

God hatt!

God natt, meinte eg.

Mareritt om eigendomsskatt

Tor-Bjarne var i nokså dårleg humør då han gjekk for å henta posten. Han hadde drøymt så rare draumar den natta. Om Putin og Kjos og ein rasande Parat-leiar Skjæggerud som ropte om at Norwegian-pilotane ville vere med å bombe Putin. Eit slikt oppdrag må ikkje overlatast til underbetalte NATO-pilotar, ropte Skjæggerud. Eg forstår at vi ikkje klarar å vinne over Kjos, brølte han, men Putin skal vi klare!

Og midt i denne draumen hadde ordførar og rådmann dukka opp. Og dei lo. Dei lo av Putin og Kjos og Skjæggerud. Men mest tykte Tor-Bjarne at ordførar og rådmann lo av han. Og det likte han ikkje. Det likte han svært dårleg, tenkte han då han opna postkassa og tok opp det eine brevet som låg der. Dei to hadde ikkje noko i hans draumar å gjere, tykte han.

Brevet var frå Sogndal kommune. Var det ikkje nok at ordførar og rådmann lo av han i hans eigen draum? Måtte dei sende brev til han også? Han reiv det opp. Det stod nokre tal der og nokre ord, «eigendomsskatt» stod det, og eit reknestykke med ein sum: 11.230 kroner! Det må vera feilsend, tenkte Tor-Bjarne. Men det var hans namn som stod der. Han høyrde ordførar og rådmann le til han frå draumen. Så var han altså sanndrøymd likevel.

Å vere sanndrøymd burde vore noko fint. Men når ein har drøymt vonde draumar er det ikkje fint å vere sanndrøymd. Tor-Bjarne fekk ein brå trong til å myrde talet på brevet. Han prøvde å søke på internett etter mord på summar. Men han fekk berre opp lenkjer om viskelær. Men talet 11.230 let seg ikkje viske bort. Han prøvde å stryke det bort med eit pennestrøk. Men penna virka ikkje. Han prøvde å rive arket i bitar. Men talet var like heilt. Til slutt spylte han papirbitane ned i do. – No er du daud! sa han og lo. – Den som ler sist! sa han ut i lufta til dei som hadde ledd av han i draumen.

Den kvelden fekk ikkje Tor-Bjarne sove. Dette var Fjordstien sin feil, tenkte han. Når rådmannen vil ha eit prosjekt gjennomført passar han på å budsjettere lågt. Slik at politikarane går inn for prosjektet. Om det er eit prosjekt han ikkje vil ha, som td utkantbadebasseng eller utkantfjordstiar, så passar han på å budsjettere høgt. Slik at det ikkje blir noko av prosjektet – om då ikkje utkanten tek seg av finansieringa sjølv. Alt dette tenkte Tor-Bjarne. Og slik kan ein godt tenkja. Det er ikkje farleg å tenkja slikt. Men ein skal helst ikkje sei det høgt. Men inst inne visste han at auken i eigendomsskatt var Fjordstien sin feil. Til slutt somna Tor-Bjarne. Om natta drøymde han at han henta posten. I postkassa låg det ein rekning frå Sogndal kommune. Der stod det som vanleg både ord og tal, «eigendomsskatt for 2017» stod det, og summen var 22.460 kroner! Ei dobling, tenkte Tor-Bjarne og vakna. Heldigvis somna han att og drøymde ein draum i to versjonar. I den eine versjonen protesterte folk og gjekk i tog mot dei voldsomme ekstraskattane. Det resulterte i at rådmannen måtte gå. Dette fordi han ikkje ville leggje seg flat. I den andre versjonen av draumen skjedde det ingen ting.

Eg treng vel ikkje seie at dette er ei oppdikta forteljing med oppdikta personar? Kva oppdikta personar seier eller tenkjer er vanskeleg å styra i ein skriveprossess. Dei byrjar å leva sitt eige liv. Det har eg i alle fall høyrt forfattarar seie.

Stor medlemsauke i Sogn og Fjordane skrivelag

Pressemelding.

Det er eit svært fornøgd styre som på årsmøtet til Sogn og Fjordane skrivelag no i mars legg fram si årsmelding. Etter nokre år med nedgang i medlemstalet og minkande oppslutning, peiker pilane no oppover.

– I 2014 auka vi medlemstalet med nesten 50%, og vi har fortsett å auke i 2015, så dette lovar svært godt for framtida, seier leiar Anne Marie Baugstø-Hartvigsen frå Florø. Eg trur det skuldast at vi har lukkast med å synleggjere oss, blant anna ved å vere meir til stades på nettet. Når folk fyrst har fått vite om oss, har det vist seg å vere mange skribentar rundt omkring som ser nytta av å utvikle seg i eit fellesskap med andre skriveglade.

50 % auke i medlemstalet i 2014!

skrivelagsstyret2014

Styret i Skrivelaget: Johannes Eggen Mundal, Anne Marie Baugstø-Hartvigsen og Helge Årøen.

Den ferskaste medlemmen i laget er John Verkland. Han kom i kontakt med skrivelaget då dei arrangerte ein novellekonkurranse i fjor, men blei fyrst medlem no i år. – Eg er ny i fylket og kjenner ikkje så mange enno, så for meg er skrivelaget ein arena kor eg kan bli kjent med andre som har dei same interessene som meg, seier John. Eg reknar med at eg også kjem til å lære mange nye ting om skrivekunsten.

maygrethelerum

May Grethe Lerum (foto: privat)

Og læring er ein av kjerneaktivitetane til skrivelaget. Kvart år arrangerer dei minst eitt skrivekurs, og no i vår vert det kurs i Selje med May Grethe Lerum som instruktør. – Det blir eit svært spennande kurs i flotte omgjevnader, skryt Anne Marie. Interessa har vore stor, så kurset er nesten fullteikna allereie. Det er berre eit par plassa ledige, så her må du vere snar om du vil vere med, smiler ho.

– Kurset passar både for etablerte skribentar og nybegynnarar, nett som laget sjølv, seier Anne Marie.

– Vi er ein spennande blanding av unge og gamle, nybyrjarar og erfarne. Nokre av medlemmane våre lever av å skrive, medan andre berre har skrivinga som ein hobby. Her er plass til alle, uansett ambisjonsnivå, men som lag vil vi bidra til å lyfte fram ein ny generasjon med forfattarar frå fylket. John Verkland kan vere ein av dei. – Eg har lyst til å skrive store og engasjerande forteljingar som lesaren blir trekt tilbake til gong på gong, seier han. – Det er ei utfordrande oppgåve, for slikt kan ta tid å skrive. Men forhåpentlegvis er dette noko eg kan drive med på heiltid i framtida, avsluttar John.

Vil du melde deg på kurset eller ynskjer å vite meir om skrivelaget, kan du gå inn på www.skrivelaget.com eller  www.facebook.com/skrivelaget.

Sogn og Fjordane skrivelag, leiar Anne Marie Baugstø-Hartvigsen.

Post Navigation