MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “april, 2015”

Vi må ikkje gløyme Garolin!

Eg høyrde Bård Vegar Solhjell på Debatten i kveld, 23. april 2015. Han er sint på regjeringa for flyktningepolitikken. Den kan han godt vere. Men først må han ta ansvar for at den regjeringa han var med i dreiv Garolin til sjølvmord. Teksten under blei publisert i Sogn Avis januar 2013. Det var også trykt i BT under tittelen «Store ord er ikkje nok, Lysbakken!»

I 2012 valde 24 år gamle Garolin å avslutta livet sitt på asylmottak i Førde. Då hadde ho budd fem år i Norge medan ho hadde venta på at søknaden om opphaldsløyve skulle handsamast. Garolin var flykting, men Utlendingsnemnda (UNE) meinte at dokumentasjonen frå UNICEF vanskeleg let seg etterprøve, fordi den var frå Sri Lanka.

Garolin hadde lete seg verve av Tamiltigrane seksten år gamal. Då ho fekk treffa faren etter eit år hos tigrane fortalde ho at ho hadde prøvd å flykte. Det hadde mislukkast, og hadde ført til at ho blei straffa. Med hjelp av UNICEF klarte ho etter kvart å komme unna. Men sidan både tamiltigrar og regjeringssoldatar var på utkikk etter dessertørar, levde ho 17 månader i skjul før ho fekk hjelp til å flykte til slektningar i Norge. Denne framstillinga trudde ikkje UNEnoko på. Dei kunne teke ein telefon til UNICEF, så hadde dei fått stadfesta at Garolin snakka sant. Det bryet tok dei ikkje. Garolin orka ikkje tanken på å reise tilbake til eit liv i forfylgjing og dødsfare. Ho bestemte seg for å avslutte livet sjølv. Med seg i døden tok ho den nesten to år gamle norskfødde sonen.

Slike tragediar må ikkje skje igjen. Derfor må ansvaret for ein mislukka flyktningepolitikk plasserast rett. SV-politikar Norvall Nøringset gjorde eit mislukka forsøk på å fråskrive ansvar og skuld alt før Garolin blei gravlagd. Det er Barnevernet sitt ansvar; dei har skulda, hevda han i ein artikkel Sigbjørn Løland Torpe laga for nettsida til SV. I denne artikkelen er det ikkje tema at SV sat med regjeringsmakt, og at dei i avstemmingar på Stortinget har stemt solidarisk med AP mot lovforslag om å betre asylbarn sine rettar.

Audun Lysbakken hevda gong på gong under den raudgrøne regjeringa at no vart barn sine rettar betra. Norge skulle ikkje meir bli kritisert for å bryte FN sin barnekonvensjon. Lysbakken si tru på at hans ord om at ting skulle bli betre var så stor at han fann det ikkje naudsynt å gjere noko med lovverket. For det fekk han ikkje med seg AP på, og trass alle store ord er det tydeleg for alle at regjeringssamarbeid og regjeringsmakt er langt viktigare for SV enn å vinne slike saker. Garolin sin død er ei direkte fylgje av feil handsaming av UNE, og fleirtalsregjeringa som SV sat i, sitt ansvar. Ja, eg forstår det er sterke ord å hevde at SV og regjeringa har ansvar for det som skjedde med Garolin. Det var ho, og ho åleine, som valde å ta sitt eige liv. Men omstenda som førte henne mot dette valet er Jens Stoltenberg og Audun Lysbakken sitt medansvar. Eg kunne kanskje nemne Liv Signe Navarsete òg.

“Bergens Tidende tok med seg Garolin sin advokat, Kristine Aarre Hånes, til Sri Lanka no eit år etter Garolin sin tragiske bortgang. Advokaten seier at ho kjente skam ved å være norsk på Sri Lanka. Når det kjem til korleis eit SV-Ap-Sp-leia Norge handsamar barn og unge asylsøkarar kjenner mange seg skamfulle av å vere norske. Markeringane rundt i landet 12. januar (2013) viste det.

Det er på tide at Lysbakken gjer noko anna enn å snakke store ord. Det er snart ingen andre enn han sjølv som trur på dei store orda han snakkar. Alle andre forstår at det trengs handling bak orda. Kanskje han sjølv trur at det finst ein placeboeffekt i orda hans; at berre han seier det ofte nok så vil alt bli bra? Desverre er verknaden av sukkerpiller gitt i staden for medisin langt meir effektiv enn Lysbakken sine ord – uansett kor ofte han repeterer seg sjølv.

Vi må ikkje gløyma Garolin. Når Stoltenberg og Lysbakken gløymer må vi minne dei på medansvaret deira, og mulegheiten deira til å hindre at slikt skjer igjen.

Dette skreiv eg i 2013. Solhjell kan godt kritisere asylpolitikken under dagens regjering. Men det blir berre tomme ord så lenge han ikkje tok ansvar for kva som skjedde med Garolin i hans eige heimfylke under raudgrøn regjering!

Advertisements

Vårteikn: lamming

Lamminga starta som sagt litt tidleg i vår, for eg hadde nok ikkje heilt kontroll på det nykjøpte værlammet eit par gonger i fjor haust. Kan vel sei at han var produktiv – åtte sauer klarte han å gjere drektige på eit par korte turar inne hos sauene. No er det litt pause i lamminga, men det nærmar seg raskt det tidspunktet for lamming som stemmer med planlagt innslepp av værane…

(Her skal det komme eit bilde av væren–)

Dei første sauene med lam nyt dagane ute i hagen. 

   

       

Lamming

Lamminga starta her før helga. I går sleppte vi ut tre sauer og seks lam. Gamleværen står på bakføtene og lurer på om det er han som er faren. Det er vår no, sjølv om det framleis ligg snø på flatane i Mundal. 

     

Telefonsvindel

Telefonen ringer. Igjen. Frå skjult nummer. Eg tek telefonen og let seljaren prate. Han har visst eit tilbod til meg som er så godt at eg ikkje kjem til å tru det. Seier han. Eg tenkjer på sauene som snart skal lamme. Kva sa du? spør eg. Og medan eg lurer på om våren snart kjem og om graset blir grønt tidsnok høyrer eg i bakgrunnen noko om eit tilbod som er så godt at eg ikkje kjem til å tru på det.

– Du har rett, svarar eg, eg kjem ikkje til å tru på deg. Og no bankar det på døra her, eg trur det kan vera våren, seier eg, eg må ut og sjå korleis han har det. Du får ha ein fin dag! Eg legg på. Etter primstaven er det første sommardagen. Men ute kviler våren under kvit, nysnødd dyne.

Ikkje alle samtalar med telefonseljarar er like hyggjelege som denne. Telefonseljarar er rett og slett ikkje alltid like hyggjelege. Ikkje eg heller når seljarane er frekke nok. Då seier eg det til dei. Spør korfor dei er frekke. Det brukar ikkje føre til at dei sluttar vere frekke. Når dei ringjer opp til mine foreldre eller mine barn og manipulerer og lyg og seier dei har eit tilbod som er så godt at dei umuleg kan sei nei, då ringer eg tilbake og seier kor dårleg gjort det er å oppsøke eldre folk og barn med mål om å svindle dei. Eg seier også til dei – som sant er – kor dårleg tilbodet deira er, og kor stygt det er å manipulere med tal. Heldigvis er det ikkje lett å lure foreldra mine. Og tolvåringen legg på når seljarar ringer. Telefonseljarar har som mål å manipulere oss til å tru at vi treng eit produkt vi ikkje treng. Det er eit faktum. Så bryr dei seg ikkje om offeret er barn eller til og med demente. Såkalla seriøse firma som brukar desse telefonsal-selskapa risikerer sitt eige rykte kvar gong ein seljar ringer og gir seg ut for å representere dei.

Denne helga har Arbeidarpartiet landsmøte. Det vart starta med ein pressekonferanse onsdag ettermiddag der partileiar Støre vart teken i å lyge direkte på fjernsyn. Det var ikkje spesielt pent å sjå på. Det er ikkje moro for nokon å bli teken for å lyge. Særleg ikkje for ein partileiar på direkte fjernsyn. Og då kan ein vel ikkje forvente at telefonseljarar skal snakke sant heller. Eg har forresten sperra telefonen for seljarar. Det har foreldra mine også. Det ser ikkje ut til å hjelpe så mykje. Så no blokkar eg nummer som viser seg å tilhøyre seljarar, og eg let vere å ta telefonen når det blir ringt frå skjulte nummer. Så slepp eg irritere meg på at tek meg for å vere eit muleg offer for manipulering og triksing med tal.

Det var vekas hjartesukk. No skal eg ikkje klage meir på ei stund. No skal eg gleda meg over vår og livets under i sauefjøsen. Og så gledar eg meg til lunsjmøte på bygdahuset i Fjærland førstkomande onsdag. Der skal norskamerikanaren Jim Wedeberg fortelje om suksessen med hundre prosent grasfora mjølkekyr. Det skal visst gi ei mykje sunnare mjølk enn den norske soyabaserte mjølka. Men no skal eg ikkje gå inn i den fella å bli seljar av mjølk frå grasfora mjølkekyr eller økomjølk her. Eg er ikkje så redd for å bli teken i løgner, men veit at skuldingane fort kan komme.

100 prosent grasfôra mjølkekyr!

Onsdag 22. april klokka 11.00 inviterer vi, Øvre Mundal samdrift, til gardsbesøk. Etterpå blir det lunsjmøte på Fjærland bygdahus.

lunsjmøteplakat

Økologisk familielandbruk, 100% grasfôra mjølkekyr og ein markand for økologiske landbruksvarer i sterk vekst.

Det starta med eit møte i Wisconsin i 1988 der 7 bønder gjekk i lag og starta Cropp Cooperativ med visjonen om å bygge ei berekraftig framtid for familielandbruket i Amerika. Økologisk. I dag er dei ei samansluttning på over 1800 bønder som eig og driftar merkevaren Organic Valley Coop. I dag den største nasjonale kilden til økologisk mjølk i USA. Dei har gått frå å vere pionerar i økologisk landbruk til den største aktøren. Gjennom visjonen regionalt diversivitet i landbruksdrifta og økonomisk stabilitet dette  ved å drifte med økologisk metode og selje produkta merka som økologiske produkt. I 2014 har dei også klart å skalere opp mjølk frå kyr som berre får ete gras og merkevara Grassmilk er etablert. Når kyra et 100% gras får mjølka høgare nivå av den essensielle feittsyra omega-3.

Jim Wedeberg som i dag er Dairy Pool Director ved Organic Valley company kjem på privat besøk i Sogn og Fjordane og har takka ja til å halde eit ope møte i Fjærland 22. april kl. 12.30 der vi får høyre meir om både måten dei har bygd opp samvirket av økobønder, marknaden og no det siste med 100% grasfôra mjølk.

På slutten av 80 tallet, akkurat som i dag, var folk bekymra for matkvaliteten og miljøet. Folk såg etter meir naturleg framstilt mat, ernæringsmessige eigenskapar i maten og mat dyrka utan bruk av sprøytemiddel og kunstgjødsel. Dei starta med økolgisk grønsaksproduksjon og utvida til mjølk når dei var trygge på at marknaden var der.

Oikos Vest, økoringen vest og Sogn Jord- og Hagebrukssule/ressurssenter  i lag med Øvre Mundal samdrift inviterer med dette til ope møte i Fjærland 22. april der du får møte Jim Wedeberg og ein presentasjon på den drifta dei har fått til i Cropp Cooperative og merkevaren sin Organic Valley Coop.

Vi gler oss til å sjå deg der.

http://www.organicvalley.coop/about-us/our-cooperative/our-leaders/dairy-pool-director/

– Alle drikk litt økologisk mjølk!

NRK Sogn og Fjordane hadde ei sak i dag om kva som skjer med den økologiske mjølka. Sjølv produserer eg økomjølk i ei lita mjølkesamdrift saman med naboen, Aamund Mundal. Det var vi som blei oppsøkt av NRK rett før påske. Det er nemleg ikkje så mange økomjølkprodusentar i Sogn og Fjordane. Nokre av dei ser du på bildet under:

økokyr

Den gode, økologiske mjølka desse kyrne produserar blir blanda med den konvensjonelle mjølka før den blir tappa på kartong. Eg brukar å sei at om du kjøper mjølk på butikken drikk du litt økomjølk enten du vil eller ikkje! Bildet over har eg teke, sjølv om NRK-journalisten signerer det som sitt eige bilde. Eg tok det med hans kamera då.

Om du kjøper mjølk på butikken drikk du litt økomjølk enten du vil eller ikkje!

Du kan lese heile saka her!

okomjolk

Radioinnslaget finn du her!

Post Navigation