MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Når læraren mobbar

«Normalt sett skulle hjernen din snart vore ferdig utvikla.» Replikken vart repetert veke etter veke, år etter år. Etter replikken følgde ein pause, så kom det eit trykksterkt men med uvanleg lang e. Denne læraren hadde lært oppskrifta på korleis ein skal bryte ned sjølvkjensla hos ein ungdom eller eit barn; sakte, men sikkert.

«Når du ikkje var her, hadde vi himmelen her, når du kom tilbake starta helvetet igjen», sa læraren til ein tolvåring som kom tilbake til skulen etter sjukdom. Kanskje det var ei ekte kjensle frå læraren, kanskje helvetet berre fanst inne hovudet hans. Uansett korleis du vil definere dette er det psykiske overgrep mot barn. Og slike overgrep skjer på norsk skule.

Feilutvikla lærar

Alle barn som har opplevd over tid av at ein vaksen tillitsperson fortel at du ikkje er bra nok eller at hjernen din er utvikla mindre enn normalt, veit at det tek tid å byggje opp igjen eit skadd sjølvbilete. Når ting blir sagt ofte nok trur ein til slutt på det. Eg var eleven som ifølgje læraren ikkje hadde normalt utvikla hjerne. For somme tek det år å forstå at læraren hadde feil, for andre kan det ta eit liv. No forstår eg at når ein lærar snakkar slik til ein elev er det læraren som er feilutvikla.

Få skuleleiarar innrømmer å ha slike problem, men i elevundersøkinga frå 2013 seier 35.000 barn at dei blir mobba av lærarar eller andre vaksne på skulen. Det er nær 10 prosent av dei spurde elevane. Kvar veke skiftar 100 norske barn skule fordi dei blir mobba. Kunnskapsministeren vil at mobbarane skal skifte skule i staden for mobbeoffera. Det er meir rettvist, men løyser ikkje problemet

Muleg å oppdage

Det blir hevda at mobbing skjer skjult, og at det derfor ikkje er lett å ta tak i eller å løyse. Eg meiner mobbing alltid er mogleg å oppdage. Men det er ikkje alltid lett. Iblant kan lærarar halde skjult at ein god kollega mobbar, og skuleleiarar kan skjule mobbing for å verne om rykte eller karriere. Mobbing mellom elevar kan ikkje skje skjult dersom det er nok vaksne til stades. Lærarar som mobbar kan vere vanskelegare å sjå. Og når foreldre melder til skulen at barn opplever seg mobba av lærarar, opplever dei å ikkje bli trudd. Eller dei får vite at det ikkje er mogleg å sparke ein fast tilsett lærar grunna mobbing.

No innfører regjeringa krav til lærarstudentar om eit visst karakternivå i matematikk. Eit viktigare tiltak for å betre læringsmiljø er å minimalisere mobbing. Då må ein ha lærarar som er trena til å oppdage mobbing. Eit psykologifag med vekt på mobbeproblematikk burde vere obligatorisk for alle som skal bli lærarar.

Viktige tiltak

Kanskje burde høgsensitive personar oppmodast til å søkje lærarutdanning og lærarjobbar. Høgsensitive tek til seg tre til fem gonger meir informasjon gjennom sansane enn majoriteten av oss. Det er rekna som eit karaktertrekk innanfor normalen, og kvar femte av oss er høgsensitiv. Eg trur at høgsensitive med sin naturlege psykologiske forståing av menneskelege prosessar vil vere ressurspersonar i å oppdage skjult mobbing.

Når det blir avdekkja at lærarar mobbar må det vere mogleg å ta dei lærarane ut av arbeid før dei øydelegg fleire elevar med mobbing og psykisk vald. Desse tiltaka er viktigare for at elevane skal yte maksimalt enn eit visst karakternivå i nokre fag frå vidaregåande. Å lukkast i kampen mot mobbing vil òg garantert påverke norsk PISA-ranking. Det bør vere motivasjon nok for politikarane til å ta tak i problemet.

Dette innlegget blei trykt i Bergens Tidende 24. oktober 2014, og blei mykje delt på sosiale medier i fjor haust.

Advertisements

Single Post Navigation

4 thoughts on “Når læraren mobbar

  1. Tilbakeping: Innlegg om upasteurisert mjølk | MANN MED GREIP

  2. Tilbakeping: Når skulen sopar vald under teppet | MANN MED GREIP

  3. Tilbakeping: Skule som sopar vald under teppet | MANN MED GREIP

  4. Tilbakeping: Om sauebønder og mobbing | MANN MED GREIP

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: