MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “juni, 2015”

Kan vi få matkrise i Europa?

I ein kronikk i Aftenposten  i byrjinga av 2013, underteikna av fleire kjende og samfunnsmedvitne europearar, vert det hevda at Europa, på den eine eller andre måten, vil visna bort dersom ikkje noko vert gjort. Dette er ikkje lenger berre ein hypotese eller ein vag frykt, men eit faktum, skriv dei. «Over alt er det oppløysingstilstandar – frå aust til vest, frå nord til sør. Europa glir inn i ein straum av auka populisme, sjåvinisme og andre typar eksklusjons- og hatideoligiar—-» Europa som idé, draum og prosjekt er ikkje i krise; Europa er døyande, og det skjer rett framfor augo våre, seier dei. Artikkelen er underteikna Umberto Eco, Salman Rushdie og ni andre forfattarar og intellektuelle.

I februar 2013 kommenterte eg denne kronikken, og då fekk eg vita at eg var heilt på jordet i min kommentar. Sjølv meinar eg den siste utviklinga i Hellas og EU stadfestar at både Umberto Eco, Salman Rushdie og eg kan få rett. Kronikken som Aftenposten trykte fekk stor merksemd i fleire EU-land, mellom anna i Sverige. Her i landet fekk han mindre merksemd, og dei som har kommentert konkluderar stort sett med at desse intellektuelle er nokså røyndomsfjerne, og fer med skremslepropaganda. Men kanskje ein bør lytte når Europas intellektuelle elite uttalar seg. Resten av denne teksten er slik eg skreiv den februar 2013:

Ein må knipe augo hardt saman og slå av nyheitene om ein ikkje kan sjå at kronikkforfattarane har nokre poeng. Medisinen dei skisserer for eurokrise, giftig berlusconisme, oppløysingstilstandar og feilslegen er meir av same medisin. «Sosialisme eller barbari, brukte vi å seie. I dag står valet mellom politisk union og barbari. For å vera meir presis: Føderalisme eller samanbrot.»

Eg tvilar på at det er rette løysinga. (Det skreiv eg i 2013. Kanskje valet i dag er føderalisme eller samanbrot?) Kanskje det til og med er slik at løysinga ligg i at ein del av idéane om Europa som prosjekt må døy? Kanskje den felles valutaen må leggjast tilside? Eg kan ikkje nok om økonomi til å gi svaret på det. Det klarar visst ikkje økonomane heller. Sjølv er eg meir oppteken av kva Norveg og Europa i dag gjer med landbruket. Ein god landbrukspolitikk og høg sjølvforsyning kan gjere skilnaden på naud og ikkjenaud i ei eskalerande europeisk krise.

For eurokrisa har også sett EU sin landbrukspolitikk på dagsorden. Danske Landbrugsavisen skriv at med dei føreslegne kutta i landbrukstøtte er kvart fjerde danske gardsbruk trua med nedlegging. I tillegg vil mange av dei som i dag har bra inntening få redusert inntekta slik at dei ikkje har råd til å kjøpe opp dei som blir lagt ned. Den samla gjelda til desse gardsbruka er av ein storleik som gjer at det kan få store fylgjer både for bankar og anna næringsliv i Danmark. Og dei same tendensane ser vi i mange andre land i Europa. Også i Norveg ser vi ein auka nedgang i tal landbrukseiningar og landbruksareal. Heilt til nyleg har vi likevel halde oppe ein høg grad av sjølvforsyning. Til no har det vore kjøparar til dei mjølkekvotane som har vore til sals. Slik er det ikkje lenger. Med regjeringsskifte etter valet er det stor sjanse for at nedlegginga av gardsbruk aksellererar. Skal vi tru FrP her i fylket så skal storparten av landbruket på Vestlandet leggjast ned; alle hobbybruk og alle bønder som har inntekt utanfor gardsbruket skal bort.

Derfor bør vi vere førebudde på at det kan bli vanskelegare tider også her til lands. Det er mange som ser det. Men styresmaktene viser liten vilje til å førebu eventuelle vanskelege tider. Norske politikarar hevar hovudet i hovmot og seier dei har styrt Norveg slik at ei krise sikkert ikkje vil ramme oss. Men det er olja, ikkje politikarane, si forteneste at dette landet skil seg ut i europeisk samanheng. Og det framstår som arrogant av norske politikarar å ta æra for velstanden som er bygd på ressursar Skaparen har lagt utanfor kysten vår!

Eg anbefalar alle å lese kronikken Aftenposten trykte i januar 2013: Europa på dødsleiet. Les den i lys av dagens situasjon.

Advertisements

– Denne kalven kan heite Norgeskalven!

Dette er berre ein liten kvardagsleg bloggoppdatering. Om slikt som skjer på garden når ein tek åtteåringen med på fjøsstellet. Denne dagen fann han ut at han skulle gi namn til alle kalvane. Det var Torden, Vesle Torden, Minitorden, Megatorden og liknande. Ikkje spør meg kva han såg på tv kvelden før.

Så seier han plutseleg: – Den kalven der kan heite Norgeskalven, pappa!

– Norgeskalven? Korfor det? spurde eg.

– Sjå på han då, pappa. – Dersom den kalven hadde sett seg i ein spegel hadde han sett eit norgeskart!

Norgeskalven2

Og eg såg på kalven. Og eg såg at guten hadde eit poeng. Sjølv om eg også ser at kalven må helle litt på hovudet for å sjå det norgeskartet.

– Dersom den kalven hadde sett seg i ein spegel hadde han sett eit norgeskart!

Norgeskalven3

Innlegg om upasteurisert mjølk

upasteurisert

Skjemdump frå BT i dag.

Eg har drukke upasteurisert mjølk heile mitt liv. Frå eg var fødd og fekk morsmjølk. Det var ingen den gongen som sa at upasteurisert mjølk var livsfarleg. Mattilsynet var ikkje påkomme, og Næringsmiddeltilsynet var plassert langt aust i hovudstaden. Og eg har overlevd – trass all mjølka eg har drukke. Men no risikerer eg altså politirazzia.

Eg har opplevd ein slags politirazzia ein gong før. Då var eg i tjueåra og hadde lånt min brors Boble, ei folkevogn som var styla langt ut av dimensjonar. Bobla skulle vere med meg på ein musikkfestival, litt for å vise fram Bobla som var til sals, litt for å vise fram meg sjølv. Men prøveskilta var ikkje forskriftsmessige. Det visste ikkje eg før heile politistyrken som skulle halde orden på festivalen storma parkeringsplassen der Bobla var parkert og klipte skilta av bilen og las opp for meg alvoret i at eg hadde leigd prøveskilt som ikkje skulle vore leigd ut. To uttrykkningsbilar og åtte politimenn og -kvinner krevde situasjonen. Medan dette skjedde vart det formidla narkotika til trettenåringar på opa gate i sentrum. Saka mot meg blei henlagt etter lange forhøyr. Dei som selde narkotika fekk gå i fred.

Åtte politifolk og meg

Sidan den gongen har eg overteke farsgarden, og lagt den om til Debio-godkjent økologisk. Og eg drikk framleis upasteurisert mjølk. Det gjer fleire naboar og kjente også. Nokre fordi dei seier dei blir sjuke av den pasteuriserte mjølka frå Tine, men dei toler gardsmjølka mi. Så – no har eg sagt det! Nyleg hadde politiet razzia mot økobonden Gustaaf Koot fordi han let vaksne folk som spør etter økologisk upasteurisert mjølk få kjøpe det. Fem politimenn og to mattilsynsprimatar måtte til for å kontrollere den galne økobonden. Det er faktisk nesten like mange folk som trengdest for å ta meg då eg køyrde med prøveskilt på ei feit Boble. Er ikkje det sprøtt?

Eg hugsar helsesøster sin reaksjon på at vi ga barna mjølk frå gardstanken. Men barna mine er nesten aldri sjuke av influensa og slikt, og om dei får slikt er dei friske etter ein dag. Dei andre barna på skulen som drikk kjøpemjølk kan vere sjuke i vekevis.

Men om upasteurisert mjølk er så livsfarleg så forstår eg ikkje at barn framleis blir amma. Mjølka burde sjølvsagt først mølkast ut av brysta og pasteuriserast før den blei gitt til små, forsvarslause barn! Om upasteurisert mjølk er så farleg som Helsedirektoratet og Mattilsynet meinar må praksisen med å gi upasteurisert mjølk til spebarn endrast snøggast råd. Korfor tek ikkje styresmaktene sine eigne råd på alvor når det gjeld dei minste og mest verdifulle vi har, barna våre? Korfor latar dei som upasteurisert morsmjølk er så mykje meir sikker enn upasteurisert kumjølk?

Les også Landbruk og turisme

Tidlegare BT-innlegg: Når læraren mobbar

Tankar medan eg ventar på politirazzia.

Eg har drukke upasteurisert mjølk heile mitt liv. Frå eg var fødd og fekk morsmjølk. Det var ingen den gong som var hysteriske på at upasteurisert mjølk var farleg. Og Mattilsynet var ikkje oppfunne, og Næringsmiddeltilsynet var ein plass langt borte i Oslo. Eg har overlevd, trass all mjølka eg har drukke.

Men eg har opplevd ein slags politirazzia ein gong før. Då var eg i tjueåra, og hadde lånt ei styla Boble, ei folkevogn, som eg hadde leigd prøveskilt til for å vise den fram til interesserte kjøparar på ein musikkfestival. Det eg ikkje visste var at prøveskilta frå bilverkstaden ikkje var meint for utleige. Det trur eg ikkje folka på bilverkstaden visste heller. Men politiet visste det. Medan eg var på eit arrangement sirkla to politibilar over ein time rundt kvartalet der Bobla var parkert, og då eg kom ut kom politibilane med sirene og blålys og åtte politifolk storma mot meg og klipte prøveskiltet av Bobla og var nokså hissige mot meg for det grove lovbrotet eg hadde gjort. Det var Åtte politifolk og meg. At det på same tid vart selt narkotika til tretten-fjortenåringar på gata fekk ikkje politiet med seg. Det var kanskje min feil at politiet blei lokka bort frå kriminelle handlingar den kvelden. Ikkje veit eg. Saka mot meg blei, etter lange forhøyr, lagt vekk pga bevisets stilling.

Fem politimenn og to mattilsynsprimatar må til for å kontrollere ein livsfarleg økobonde.

Sidan den gongen har eg teke over farsgarden, og har lagt den om til Debio-godkjent økologisk. Og eg drikk framleis mjølk tappa rett frå tanken. Det gjer fleire naboar og kjente også. Fordi dei ynskjer økologisk og upasteurisert mjølk. Nokre av dei seier dei ikkje blir sjuke av mjølka eg produserer, medan mjølka frå Tine-kartongar gjer dei dårlege i magen. Så – no har eg sagt det. Og nyleg hadde politiet razzia mot ein økobonde som sel upasteurisert mjølk. Fem politimenn og to mattilsynsprimatar måtte til for å kontrollere den galne økobonden. Det er langt meir enn det som trengst når ein filmskapar med kjelder innanfor IS skal kontrollerast og sensurerast.

Eg hugsar godt irettesetjinga vi fekk frå helsesøster då vi i vanvare sa at barna fekk mjølk frå eigne kyr. Men ho melde oss ikkje, slik Mattilsynet gjer når dei får ferten i at folk får kjøpt upasteurisert mjølk. Men barna mine er «aldri» sjuke. Medan andre er utslegne av influensa og anna dritt i dagesvis og iblant i veker, er barna mine aldri borte frå skulen meir eller ein dag eller to. Og det er ikkje kvart år dei har fråvær pga sjukdom i det heile. Dei fleste influensaer bit ikkje på dei. Eg skal ikkje påstå at det gode immunforsvaret er pga. upasteurisert kumjølk. Det kan like godt vere pga. upasteurisert morsmjølk. For morsmjølka er ikkje pasteurisert den heller. No er det på tide at helsestyresmakter grip inn og krev at mødrene mjølkar mjølka ut av brysta og pasteuriserer den før små, forsvarslause babyar får den. Om upasteurisert mjølk er så farleg er eg sjokkert over at ikkje det har vore gjort grep tidlegare for å verne desse uskuldige små barna. Sannsynlegvis trur styresmaktene at upasteurisert morsmjølk er årsak til at barn dør. Korfor held dei ein slik trussel mot små barn skjult?

Les også: Landbruk og turisme

Landbruk og turisme

Vi er snart komne til midten av juni, og ute vekslar det mellom vårvêr og haustvêr. I fjor starta naboen slåtten 1. juni. I år er ikkje graset i nærleiken av å vere klar for slått enno. Oppe i fjella står snøen like høg som graset gjorde på same tid i fjor. Og sauebønder klagar både på naturen og på jordbruksoppgjer. Men verken jordbruksoppgjeret eller naturen er spesielt lett for ein sauebonde å få gjort noko med.

Før jordbruksoppgjeret lanserte Bondelaget saman med mellom andre Norges Bygdeungdomslag og organisasjonen Spire ei felles plattform for eit berekraftig norsk landbruk. Spire er ein ungdomsorganisasjon under Utviklingsfondet, og har fokus på miljø, mattryggleik og internasjonal handel. No kritiserer Spire Bondelaget for å ha gått med på ein jordbruksavtale som er tvert imot den plattforma dei var samde om. Spire meinar at ved å skrive under på jordbruksavtalen har Bondelaget brote det dei var samde om i den felles plattforma og sett ein effektiv stoppar for ei berekraftig utvikling i norsk landbruk.

At norsk landbruk meir og meir gjer seg avhengige av import av billeg soya frå Brasil er nemleg ikkje berekraftig. Alle forstår det. Argumenta for å importere fôr framfor å utnytte td. norske utmarksressursar går kun på økonomi. Det er billeg å importere soya, men ikkje berekraftig. Det er heller ikkje berekraftig å sprøyte med Roundup. Salet av dette ugrasmiddelet har tredobla seg siste tjue åra, trass både norske og internasjonale rapportar som viser at middelet mellom anna fører til skade på foster og forureining av drikkevatn. Ny forskning viser også at glyfosat, virkestoffet i Roundup, truleg er kreftframkallande. Eg håpar at de som brukar middelet i hagane og plenane rundt villaen dykkar stenger barna inne dei to-tre vekene gifta framleis kan smitte av frå plantane til barnehender og barnemunnar. Noko anna vil vere svært urovekkjande.

Men tilbake til bruk av norske utmarksressursar. Det er bruk av utmark til beite som har forma store deler av det kulturlandskapet vi likar å ta bilde av og som turistar frå heile verda kjem til fjordane våre for å sjå. I dag ser vi at i takt med nedlegging av gardsbruk, meir «effektiv» produksjon av mat med auka bruk av importert fôr og redusert bruk av utmarksbeite, gror kulturlandskapet igjen. Derfor undrar det meg at ikkje reiselivsorganisasjonane tek større initiativ for å leggje tilrette for eit meir berekraftig norsk landbruk. Tidlegare har eg sagt at pga mange felles interesser burde Bondelaget ta initiativ for eit samarbeid med reiselivet. Sidan Bondelaget er litt treige her trur eg initiativet må komme frå reiselivet. Før kulturlandskapet dei sel på bilde til heile verda blir borte.

Hittil i juni har temperaturen ligge omlag ti grader under det vi tenkjer på som junitemperaturar. Vi går og ventar på at vêret skal slå om og sommarvarmen komme. Og vi trur at det vil skje ganske snart. Det er ikkje like lett å tru på ei berekraftig utvikling i norsk landbruk, eller på eit kulturlandskap som ikkje gror att. Men vi trur likevel på det òg.

Les også: Tankar medan eg ventar på politirazzia!

Kulturlandskap

Kulturlandskap: Kyr og sauer beitar på kvar si side av vegen 1 Øvre Mundal.

På cruise med Fjordvisjon

Eg var så heldig å få vere med på cruise med Fjordvisjon i helga. Mads Bekkelund og Fjordvisjon, mest kjende frå «Oppdrag Sognefjorden» på NRK, går denne sommaren i rute på Sognefjorden. Eg reiste saman med Jan Inge Fardal, redaktør i Sogn Avis og nokre av dei andre uavhengige spaltistane i Sogn Avis. Vi gjekk ombord i Sogndal fredag ettermiddag, og hadde ein flott tur sitjande ute på dekk i solskinet. Fantastisk flott å ha med seg Jens Brekke og Johs. B. Thue som delte av sin kunnskap om kyrkjer og grender langs fjordane, og Randi Førsund som supplerte med sine historiske kunnskapar om vikingtida. I tillegg til dei eg har nevnt over var Georg Arnestad også med.

Der ingen skulle tru... Fresvik

Fantastisk heldige med vêret. Bildet til høgre teke mot Fresvik.

Turen gjekk frå Sogndal via Fresvik og til Aurland, der Fjordvisjon brukar liggje ved kai til neste morgon. Laurdag gjekk turen tilbake til Sogndal. Fardal hadde varsla på førehand at han hadde bestilt godt vêr til fredagen. Eg er usikker på kva kontaktar han har, men godt vêr fekk vi både fredag og laurdag. På turen tilbake frå Aurland til Sogndal på laurdag var vi også inne i Nærøyfjorden – verdsarvfjorden.

sjølvi Fjordvisjon grillen

Sjølvie med redaktør Fardal og kaptein Bækkelund i bakgrunnen.  Kveldsstemning ved kaien i Aurland.

dørskilt Haakon-suiten

God seng i Haakon-suiten, sjølvsagt. Her har det sove kongelege før meg. Ein anna, større suite har namnet Mette-Marit-suiten.

Fjordvisjon, «verdas minste cruiseskip», var for ein månad sidan på tur i Troms med omlag alle tronarvingane i dei europeiske kongehusa. Eller dei som ikkje var med angrar seg nok i ettertid. Kronprins Haakon inviterte til denne turen med Fjordvisjon fordi han hadde vore med ein gong før. Det er lett å forstå at han ville dele opplevinga si på Fjordvisjon med sine kongelege venner. Eg vil tilrå at dei som les dette spanderar på seg ein «kongeleg» cruisetur på Sognefjorden i sommar. Det er ingen garanti for at Mads Bækkelund køyrer dette opplegget fleire år.

Post Navigation