MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “juli, 2015”

Når katten leikar fartsdump i oppkøyrsla

Jan hadde vore sjalu på katten. Det var ikkje lov å seie noko stygt om katten Jeanett. Om ho ville klore sund den nye, antikke sofaen, så var det heilt greit for Eva, og einkvar som ville unngå Eva sitt temperament sa ikkje mot henne når det gjaldt katten. Jeanett var prinsessa i huset. Ho fekk gå der ho ville, sove der ho ville og ete det ho ville. Jan var berre Mannen – med liten M, og Mannen fekk ikkje gå der han ville, ikkje sove der han ville, og han fekk ikkje ete det han ville sitjande i sofaen framfor skjermane.

Ein dag Jan kom køyrande opp innkøyrsla til villaen var Jeanett ein hump i vegen. Jeanett hadde lov å vere ein hump i vegen om det var det ho ville. Og Jeanett var lita og grå, og kunne godt gå for å vere ein liten hump i vegen. Men Jan hadde ikkje lov å køyre over Jeanett fordi om ho leika hump i vegen. Å drepe ein katt var mord, hadde Eva sagt. Å køyre over ein katt, var aktlaust mord, hadde ho også sagt, og det burde straffast med fengsel. Eller helst med blodhemn. Om nokon drep ein katt, bør vedkommande drepast, hadde Eva sagt.

Jeanett

Han såg katten ligge daud i oppkøyrsla. Dersom Eva fann ut at det var han som hadde drepe katten, kunne fort han vere den neste daude i oppkøyrsla. Han såg seg rundt. Det var ingen der. Han trudde ikkje Eva var heime. Han måtte skjule liket. Fjerne det. Han gøymde kroppen i bagasjerommet på bilen, slik dei pla gjere i krimseriar på tv. Så gjekk han inn.

– Eva! ropte han, stemma skalv, – er du heime? Ingen svarte. Jan sprang ut igjen til bilen, sette seg inn, køyrde planlaust rundt på vegen. Han kjende hjarta banke høgt og fort. Han kjente det dunke i hovudet i takt med hjarteslaga. Korleis skulle han komme seg unna denne skiten?

Han tenkte på den gongen naboen Kurt hadde snakka om å skyte villkattane i nabolaget, kor rasande Eva hadde vorte. Kurt hadde fått klar beskjed om at dersom han drap Jeanett, så skulle Eva drepe han. Etter kvart hadde situasjonen roa seg. Men då dei kom heim att om ettermiddagen, hadde ho vore sur og tverr resten av dagen. Jan hadde ikkje tort å seie noko. Til slutt hadde ho eksplodert igjen. – Du forsvarte meg ikkje, sa ho. – Du tok ikkje parti med meg! Korleis skulle han ta parti med henne kvar gong ho i raseriutbrot trua med å drepe folk? hadde han tenkt.

Det var ein haustleg mørkvåt kveld. Han såg at han nærma seg huset til Kurt. På impuls bråbremsa han, hoppa ut av bilen, tok liket av Jeanett ut frå bagasjerommet og la henne forsiktig ned på vegkanten. Han bøygde hovudet og gret. Gret for Jeanett og for for si eiga lange einsemd. Så køyrde han til Statoil-stasjonen og vaska bilen. Alle eventuelle spor etter påkøyrsla måtte bort. Posen kroppen hadde ligge i pressa han djupt ned i søppeldunken på toalettet hos Statoil. Han vaska hendene hardt og lenge. Så køyrde han sakte heimover. Han var seinare heim enn han brukte å vera, og han visste at Eva kom til å spørje korfor. Han visste at Eva kom til å gå ut for å leite etter Jeanett. Ho kom til å finne katten utanfor huset til Kurt. Det var eigentleg ikkje hans probelm. Han hadde nok problem uansett. Men det var hans problem likevel.

Denne teksten er redigert og forbetra og står på trykk i Sogn og Fjordane sin nye antologi «Sukkersalta pepar». Der har eg også ein anna tekst på trykk.

Sukkersalta pepar kan du bestille her.

Advertisements

Nyklekte kyllingar

Har vore heldig å få låne ei rugemaskin eit par år no. Her er resultatet av årets nyklekte egg, Den første kyllingen var svart. Den andre, som du ser i bakgrunnen på første bildet er klassisk gul.

IMG_3732

kyllingar1Kristi

Foto: Kristi Mundal

Spennande å fylgje med på kva som skjer i rugekassen. Både vaksne og barn søker tilbake hit og ventar på at neste under skal skje.

kyllingar2Kristi

Foto: Kristi Mundal

Video med daggamle kyllingar. Foto: Astrid Nygård.

kyllingar

Gule i ulike nyansar og svarte svarte. Dei tre svarte kan lett skiljast fordi to av dei har ulike lysare nyansar i brystet.

Kva hjorten og folk flest ikkje veit

Når eg skriv dette er eg framleis i innspurten av slåtten. Når du les det håpar eg forresten eg er ferdig. Rekordkald mai og første halvdel av juni har ført til sein slått. «Mai kulde gjør bondens låver fulde,» sa eit gamalt ordtak. Og det ordtaket er nesten sant framleis. Når det er kaldt i mai tetnar graset i rota, og det gir gode avlingar. Men i moderne landbruk blir ikkje avlinga lagra som høy i løa. Den blir lagra i rundballar ute.

forvirrakodle

Eg hadde nokre rundballar igjen å køyre då eg såg hjortekodla (eller hjortedama, som åtteåringen seier) stå og sjå seg forvirra omkring. Slik blei ho ståande lenge. Ser du henne mellom tredje og fjerde rundballen rekna frå høgre?

Her ein kveld etter fjøstid var eg ute og køyrde saman rundallar som var produsert tidlegare på dagen. Mellom rundballane får eg plutseleg auga på ei hjortekodle. Ho står og ser seg rundt, som ho er litt forvirra. Ho berre står der og snur på hovudet og ser på dei kvite ballane som ligg rundt henne på alle kantar. Det er som ho lurer på kva som har skjedd med maten hennar. Korleis kunne det grøne, fine graset skape seg om til omlag 40 store, kvite ballar? Eg veit svaret, men eg veit også at om eg går ut av traktoren og prøver forklare det for henne, så kjem ho til å springe for livet. Ho ville sikkert ikkje forstått det heller. Som folk flest no til dags. Men ho blir ståande lenge og sjå seg forvirra rundt. Som folk flest no til dags når det er snakk om landbruk. Til slutt hoppar ho over gjerdet til naboen som framleis ikkje har slege graset. Der går vennene hennar og beitar.

Folk flest ser at beiteareal no til dags blir til skog raskare enn regjeringspolitikarar har evne til å tenkje.

At vi no er i midten av FNs jordår veit nok ikkje hjortekodla. Eller vennene hennar. Eller folk flest, for den del. Jord er ein knapp ressurs på verdsbasis. I Norge er tre prosent av landarealet dyrka mark eller innmarksbeite. Og den beste jorda har dei siste 25 åra blitt redusert. Det har med parkeringsplassar, kjøpesenter og mammon å gjere. Og med politikarar som ikkje bryr seg om sine barnebarns barn. Ifylgje regjeringa si nettside har det totale jordbruksarealet i Norge auka i denne perioden. Det er ei løgn regjeringa kan presentere fordi folk flest ikkje har kunnskap til å avdekke løgna. Auken i jordbruksareal i regjeringen sin statistikk er beiteareal. Det har blitt meir beiteareal, hevdar regjeringa. Folk flest ser og veit at beiteareal no til dags blir til skog raskare enn regjeringspolitikarar har evne til å tenkje. Forklaringa på auka beiteareal er at ei omleggjing i tilskota til slikt areal gjorde at slike areal blei registrerte for at det kunne søkast tilskot. Samstundes som beiteareal gror att av skog har det derfor blitt meir beiteareal på statistikken. Slik statistikkløgn er lett å avdekke. Det totale landbruksarealet minkar, og det er den beste jorda som blir til kjøpetempel og parkeringsplassar.

forvirrakodle2

Korfor skipar FN til eit jordår? For å vise alvoret i det at jordsmonnet på jorda vi dyrkar blir redusert år for år. Degraderinga av jord skjer no 30-35 gonger raskare enn for berre nokre tiår sidan. FN fryktar at nedbygging av landbruksjord og reduksjonen i jordsmonn vil redusere den totale matvareproduksjonen på jorda vesentleg. Jord er ein avgrensa ressurs, og den utgjer grunnlaget for alt liv på jorda. Omlag 25 prosent av det biologiske mangfaldet er i jorda. I god matjord lever ein halv million skapningar under ein skosåle. Det tilsvarar 1-10 tonn levande organismar per dekar jord. Det hastar å ta vare på matjorda, skreiv Oikos Norge i ein landsmøteuttale. Ikkje berre fordi landbruksjord bygd ned, men fordi den landbruksjorda vi har går ned i kvalitet grunna jordpakking og tap av organisk materiale. Jordvern er viktig for folk flest – om FN arrangerer jordår eller ikkje.

Bildeblogg: Sommar og slått.

Er godt i gong med slåtten. Tre-fire veker seinare enn i fjor. Pga. vêret, ikkje pga. klimaet. Kaldt og vått vêr i vår og starten av sommaren gir gode avlingar på den elles tørkesvake jorda. Myrjorda som ga best avling i fjor gir mindre avling i år.

684

684 klatra opp i den bratte vegskråinga på veg inn til mjølking i går kveld. #økoku

Svært mykje kløver i enga i år. Eg veit ikkje korfor. Bortsett frå at eg driv økologisk og vil ha kløver i enga. Den som veit korfor kløveren veks så godt i kaldt vêr må gjerne forklare!

kløvereng2 kløvereng4

kløvereng3

Stort innslag av kløver i den økologiske enga i Mundal i år.

traktorrive kløvereng1

Bildet t.v.: Testing av ny traktorrive. Denne skal rake vel utan å rive med jord (som vi ikkje vil ha med i foret). Bildet t.h.: Utsikta frå traktoren når eg køyrer slåmaskina.

hanehøner

Kunne ikkje late vere å ta med eit bilde av Harald, Sonja, Mette, Marit, Märtha, Louise og Charlotte. Ikkje spør meg om slektskapen mellom desse. Så vidt eg veit er ikkje hanen Harald i slekt med nokon av damene. Håpar eg. For anstendigheits skuld!

Post Navigation