MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “august, 2015”

Kvinnesyn og biedød

Når eg set meg ned og skal skriva Innhogg til Sogn Avis nokre timar før fristen går ut er det ikkje alltid det er klart for meg kva eg skal skriva. Det er ikkje alltid eg har tid eller overskot heller. Tema, tid eller overskot er ikkje noko eg eigentleg skulle diskutere med bloggen sine lesarar. Denne gongen hadde eg eit tema. Og så kom det eitt til. Og endå eitt. Det er eit luksusproblem. Tid og overskot blei det likevel ikkje. Men skrivelysta kjem oftast av seg sjølv når eg først er i gong.

TEMA EIN. Og dette temaet gir grunn til uro: At så mange kvinner og unge jenter opplever valdtekt eller seksuell trakassering. Dette er eit samfunnsproblem som ikkje må undertrykkast. Ein må setje på lyset så flest muleg av trolla sprikk. Eg skreiv på twitter ein kveld at eg skal lære mine barn og ungdommar å forsvare seg mot slike drittsekkar. Eg er mot vald. Men det er desverre viktig å lære jenter å kunne forsvare seg sjølve mot eit stort samfunnsøydeleggjande problem. Sjølvsagt er det like viktig å sei at dei fleste gutar og menn er ikkje slike som trakasserar jenter fordi dei er jenter. Og at det kanskje berre er éin mann på Twitter som forsvarar overgrep mot jenter. Håpar eg, i alle fall.

Det var dette eg tenkte å skrive eit heilt innhogg om. Men det blir for trist å ta opp att ti-tolv tilbakemeldingar frå han som – heilt offentleg og under fullt namn på Twitter – hevdar at det er dei som valdtar det er synd på, ikkje jentene som blir utsett for overgrep. At mitt syn på dette gjer meg sjukare enn gutar som valdtek jenter. Fordi eg skreiv at jenter må lære seg å sparke og slå. På den måten viser eg visst hat mot sex, skriv han som forsvarar valdtekt. Verda er sjuk. Og desverre har ikkje likestillingskamp utrydda eit sjukt kvinnesyn.

Ein tøtsj er alt som trengst - for å drepe ei bie eller ei humle.

Ein tøtsj er alt som trengst – for å drepe ei bie eller ei humle.

TEMA TO. Fadderbarn. Eg har brukt denne spalta tidlegare til å seie noko om kor lite eg likar telefonseljarar som tvingar seg på. Denne veka møtte eg to seljarar. Dei stod utanfor ein butikk, og plakatane og bodskapen deira gjorde at eg stansa og lytta til dei. Det enda med at eg underskreiv papir om å bli fadderfamilie. Det er noko eg har tenkt på lenge. Og eg skriv ikkje dette for å skryte av noko. Vi har ikkje noko å skryte av i så måte. Eg skriv dette for å utfordre andre til å bli fadder. Barna likte med ein gong på tanken om å vere fadderfamilie. No ventar vi på melding om kven barnet er og kor i verda ho bur.

TEMA TRE. At raudt kjøt ikkje er klimaversting, slik debatten i sommar prøver å framstille det. Cevita meinar det bør innførast avgift på raudt kjøt fordi kyr og sauer rapar og fis metan. Og metan har eit oppvarmingspotensiale som er 25 gonger høgare enn karbondioksid (CO2). Civita meinar at økologisk landbruk er like ille som konvensjonelt landbruk. Men dei tek ikkje med i reknestykket utsleppa av lystgass knytt til bruk og produksjon av kunstgjødsel. Lystgass har eit oppvarmingspotensiale som er 12 gonger høgare enn metan, og 300 gonger høgare enn CO2. Når ein tek det med i reknestykket kjem økologisk matproduksjon betre ut. Ei minst like stor utfordring for verdas matproduksjon som klimaendringar er at sprøytemiddelbruk over lang tid har ført til ein stor reduksjon bier i verda. Nokre trur biene kan forsvinne heilt om vi ikkje tek tak no. Likevel er sprøytemiddelbruk i matproduksjon i sterk vekst – også i Norveg. God helg! Kjøp økologisk!

Kopplamma Kevin og Jumbo. Er dei klimaverstingar?

Kopplamma Kevin og Jumbo. Er dei klimaverstingar?

Advertisements

Post Navigation