MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “september, 2015”

Ta barna på alvor!

Som forelder må du alltid ta barna på alvor. Det er ikkje alltid at samfunnet rundt deg tek kampen for barna dine. I tronge kommunebudsjett kan det ofte sjå ut som pengar er viktigare enn barn. Slik kan det vere for pressa kommunepolitikarar. Slik er det ikkje for meg som far. Eg har ei plikt til å ta barna mine på alvor, sjølv om det skulle gå ut over både økonomi og rykte. Barna må alltid komme først.

– Barn har ingen rettar når skulen blir nedlagd! er tittelen på ein god kronikk publisert på nettsida til NRK Sogn og Fjordane, signert Gunn Linde. «Lovverket vi trudde skulle verne ungane våre inneheld omgrep som forsvarleg, tilstrekkeleg, nødvendig, akseptabelt, rimeleg, godt nok. Dette gir kommunane den heile og totale definisjonsmakta,» skriv ho. Barna blir ikkje høyrt når skulen blir lagt ned. Ikkje foreldra heller. Om Balestrand kommune meinar at ein time på buss for ein seksåring er «akseptabelt» – så er det innanfor lova. Fordi kommunen har definert det som «godt nok». Om så foreldra har ein anna definisjon, fordi dei tek barna sine på alvor, og sender klage til Fylkesmannen, så får dei ikkje medhald. Fylkesmannen legg til grunn kommunen sin definisjon om kva som er «forsvarleg» og «godt nok».

Gunn Linde og andre foreldre i Balestrand søkte om å få barna inn på ein skule som ligg i nabokommunen – Høyanger – berre 8 kilometer frå heimen. Men det fekk dei ikkje. For Balestrand kommune har definert ein time lang busstur for seksåringar som godt nok. Kva menneskesyn er dette? Kva samfunn har vi blitt når vi ikkje lenger tek barns beste på alvor? Gunn Linde etterlyser eit meir konkret lovverk, ikkje slik det er no med omgrep som vaksne som tenkjer meir på pengar enn på barn kan definere slik dei vil. Ofte mot barnas beste.

I Fjærland har vi eit vegkryss som ikkje er realisert enno. I planane for realiseringa av dette vegkrysset er ikkje barna (eller andre fotgjengarar for den del) sin tryggleik lagt vekt på. Vegvesenet seier at dei kan ikkje ta omsyn til barn då barn ikkje har noko på riksvegen å gjere. Likevel er det slik i dag at ungdomsskuleelevar må gå langs riksvegen og krysse den, i alle forhold; i snø og i mørker, for å komme seg til skulebussen. Om vinteren kan sikta vere dårleg. Privatbilar og vogntog passerer i 90 km i timen sjølv om fartsgrensa er 70. Korfor meinar Sogndal kommune at barna skal gå langs denne vegen og krysse den når Vegvesenet seier at barn ikkje har noko der å gjere? Eg reknar med at det ikkje har vore gjennomtenkt å utsetje mine barn for slik fare, ordførar Jarle? Derfor forventar eg at du og Sogndal kommune snakkar til den som har ansvar for skuleskyssen. Eg forventar at barna sin tryggleik går føre økonomi.

Lovverket vi trudde skulle verne ungane våre inneheld omgrep som forsvarleg, tilstrekkeleg, nødvendig, akseptabelt, rimeleg, godt nok. Dette gir kommunane den heile og totale definisjonsmakta,» Gunn Linde

Det finst eit førebilete når det gjeld å ta barn på alvor. Han blei rasande på fylgjarane sine når dei prøvde å jage barna bort frå han. Han sa at dei skulle late barna komme til han, at hans rike tilhøyrde barna. Han sa til fylgjarane sine då dei krangla om kven som var størst blant dei at den som gjer seg liten som eit barn blir dei største i hans rike. Det handlar om å ha respekt for barn. Når dei fortel om vald og vanskelege opplevingar på skulen, så må eg ta barna på alvor, sjølv om nokon skulle finne på å sei at barna mine hausar opp ting og at dei berre overdriv – og at ein derfor ikkje treng ta omsyn til det dei seier. Eg har valgt å ta mine barn på alvor alltid. Og som far er eg betre i stand å sjå kor tid barna mine overdriv og kor tid dei ikkje gjer det. Å sei til barn at dei hausar opp ting og overdriv utan å kunne dokumentere at dei gjer det er det motsette av å ta barn på alvor.

Les også BT-kronikken: Når skulen sopar vald under teppet

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 5. september 2015

Gunn Linde sin kronikk kan de lese her:   – Barn har ingen rettar når skulen blir nedlagd!

Advertisements

Post Navigation