MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “oktober, 2015”

Bacon, pølse og Hevn

Denne veka fekk vi vite at pølse og bacon er på same kreftrisikolista som tobakk. Då gjekk eg til butikken i Fjærland og ville kjøpe bacon og vossakorv. Fordi eg skulle lage raspeballar til middag til meg og barna. Gjett kva: butikken var utseld for bacon. WWF hadde tydelegvis ikkje skremt baconsvolten frå fjærlendingar. Joker hadde rett og slett heilt brått og uventa blitt tømt for bacon. Eg kommenterte dette for den alltid blide butikkdama. Ho meinte det berre er flott om eg vil ete litt meir bacon, sidan eg ikkje brukar tobakk, så kanskje eg kjem i same risikogruppe som folk flest.

Butikken var tom for bacon, men hadde erstatningsproduktet smårettbacon. Som etter kva eg har fått med meg er eit langt dårlegare produkt. Ikkje hadde dei økologisk bacon heller. Som eg sjølvsagt hadde kjøpt om dei hadde hatt det. Så eg hadde ikkje noko val. På måndag åt både eg og barna raspeballar med smårettbacon og vossakorv. Men sjølv om vi åt pølse – og bacon av verste sort – kjenner eg meg ikkje dauden nær heilt enno. Eg satsar på at eit dagleg variert kosthald med mest muleg usprøyta mat – økologisk altso – gir meg nokre dagar, eller i det minste timar, ekstra her i livet. Trass stresset forårsaka av at nokre framleis er djupt usamde med mykje av det eg akkurat skreiv.

Og det er forresten ikkje feittet som gjer bacon og pølse kreftfarleg. Det er tilsetjingsstoffa. Og sannsynlegvis restane av sprøytemiddelgift. Derfor var det ikkje nytt for opplyste folk at konvensjonelt og bearbeidd kjøt kan vere kreftfarleg. Eg trur ikkje levealderen i Norveg kjem til å auke meir. Den kjem tvert imot til å bli kortare. Sjølv om norsk helsevesen blir betre år for år. Betre helseomsorg vil ikkje klare å nøytralisere stress og dårleg kosthald. Det seier seg sjølv. Som ei saksopplysning kan eg tilføye at eg forstår at media sine overskrifter er sensasjonsprega, og at ein må ete enorme mengder pølse om ein skal nå same risikofaktor som ein gjennomsnitts røykar.

Det er forresten ikkje feittet som gjer bacon og pølse helseskadeleg. Det er tilsetjingsstoffa. Og sannsynlegvis restar av sprøytemiddelgift.

Snart har thrilleren Hevn premiere. Filmen bygger på Ingvar Ambjørnsen sin roman, thrilleren Dukken i taket. Denne veka hadde filmen ein urpremiere i Fjærland. Filmskaparane hevdar Hotel Mundal og Fjærland var perfekt kulisse pga den klaustrofobiske stemninga dei høge fjella skaper. Som fjærlending og etterkommar av dei som bygde Hotel Mundal forstår eg kva dei meinar, men eg kjenner ikkje så sterkt den thrillerprega, klaustrofobiske stemninga. Før filmen blei vist for over 140 frammøtte fjærlendingar, blei det lese opp ei helsing frå filmskaparane – med godord til folk og natur. Det var jo spanande for bygda å vere vertskap for ei filminnspeling. Og sjølv må eg sei at det er ei glede å dele kjøkenutsikta mot snøkledde Gretta (1490 moh.) i den haustfarga Mundalsdalen med resten av Norveg!

Haustfargane og naturbilda i filmen Hevn er nok vakrare enn eit hevntema i nokon film nokon gong kan bli. Men hausten 2015 er minst like vakker som filminnspelingshausten 2014. Trass at eg akkurat har sendt 36 lam til slakt. Det er trist. Men overlever eg norsk pølse og bacon, så overlever eg vel å sende lam til slakt i år òg.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 31. okotber 2015.

Advertisements

Innlegg om å ta barn på alvor.

Eg har opp gjennom tida skrive mange innlegg om å ta barn på alvor. Dette er kanskje dei viktigaste av dei innlegga:

Når læraren mobbar

Ta barna på alvor!

Ta vare på gullkorna!

Kvar er kjærleiken alle snakka om?

God, norsk nynorskrasisme

Ein kan vere politisk korrekt og likevel vere rasist. Det er ikkje politisk korrekt å vere rasistisk på utsjånad eller rase, men ein kan godt ha rasistliknande meiningar om nynorsk språk og nynorsk kultur. Då eg var student hadde eg sommararbeid på Nynorsk Antikvariat i bokbyen i Fjærland. Ein stille sundag var det ei gruppe frå Oslo vestkant på vitjing i bokbyen. Dei kan kanskje vore frå ein anna kant også. Eg skal ikkje vere rasistisk kategorisk. På veg frå asfalten og opp trappa til Nynorsk Antikvariat prata dei høglydt om kor vanskeleg nynorsk språk var for dei. Vel inne i butikken spurde dei om eg hadde anna å tilby enn nynorsk litteratur. Eg sa, som sant var, at eg også hadde bøker på nær sagt alle språk, i alle fall eit titals ulike språk – også bokmål. Men eg sa også at som namnet på antikvariatet sa, så hadde butikken nynorsk språk og litteratur som hovudsatsing. Eg fekk då vite kor vanskeleg nynorsk var, det var reint umuleg å lesa det språket.

Eg heldt på å spørje dei korfor dei hadde reist så langt bort frå sin trygge kultur og sine kjende omgjevnader. Var det for å få stadfeste sine eigne fordommar mot framande språk og kulturar? Eller var det for å ha moro av at det fins folk som i fullt alvor trur på og lever med så framandkulturelle innslag som nynorsk språk og kultur tydelegvis var for dei? Kom dei verkeleg hit for å fortelje meg kor dårlege dei var i norsk språk? Og eg undra kva dei eigentleg gjorde nord for sinsenkrysset; korfor reiste dei ikkje til eit sydlegare eksotisk mål. Og så tenkte eg at dei sikkert ikkje hadde vore særleg meir hyggjelege på ein sydlegare, meir eksotisk plass. Alt dette tenkte eg. Det eg sa høgt var: – Stakkars dikka, de gaor glipp ao mykje goe litteratur! Eg kunne nok like godt snakka arabisk. Men rasisme handlar ikkje berre om spraok.

Tidlegare var omgrepet rasisme knytt til raseskilnader på menneske. I store norske leksikon på nett kan vi lese at denne forma for rasisme er mindre utbreidd i dag. Til trass for at det er påvist biologiske skilnader mellom menneske som har budd separert i lengre tider, så opererer ein ikkje med eit skilje mellom ulike menneskerasar innanfor moderne genetikk, skriv Store Norske. Det moderne rasismebegrepet, ofte kalla nyrasisme, inkluderer andre eigenskapar ved mennesker enn rase, til dømes kultur, skriv Store Norske vidare. Då kan rasisme forståast som at somme menneske med ein annen kultur er av mindre verdi enn andre. Det var den type rasisme eg møtte den sommaren på Nynorsk Antikvariat i Fjærland. Den typen rasisme er utbreidd i Norveg. Desverre.

Eg har stor forståing for at beste vestkantfolk – eller for såvidt folk frå andre kantar òg – kan ha vakse opp i eit sneversynt og lite tolerant miljø, og at dei i sin sjølvgode intoleranse derfor kan utvikle forakt for andre folk sine meiningar og kulturutrykk. Kort sagt rasisme. Men eg undrar meg over at ein slik type rasisme får eksistere nærmast i fred i Norveg i 2015.

Miskunnsam samaritan? Kor då?

Eg las nyleg ei forteljing om korleis ein skal oppføre seg mot flyktningar. Eller nyleg? Det kan ha vore på skulen eg lærte likninga om den miskunnsame samaritanen. Tida går så fort. I dag lærer dei knapt slikt på skulen. For dei som ikkje forstår latin omsett til nynorsk så er det likninga om den «barmhjertige» samaritanen eg snakkar om. Kven er nesten min? spurde den lovkunnige som kom til Jesus. Svaret han fekk, likninga, var omlag slik:

Det var ein mann som levde med familie og barn i sitt heimland. Så fall han i hender på røvarane Boko Haram. Dei drap kona hans og barna hans og let han liggja der for å dø. Det gjekk ein prest forbi utan å ense han. Så gjekk det ein politikar med makt forbi, utan å bry seg. Dei skunda seg derifrå for ikkje å komme i konflikt med andre som meinte noko. Og så kom det ingen samaritan forbi, slik som i Jesus si likning. Men mannen var heldig og kom til seg sjølv og rømte landet og enda i eit land langt borte; langt nord; kaldt og vått. Der blei han integrert og kjent som fotballspelaren Chuks. Han møtte ei kvinne og fekk seg ny familie, dei fekk barn. Og han elska den nye familien sin, sjølv om han alltid var prega av det han hadde opplevd i sitt gamle, og varmare heimland. Og den nye familien elska han tilbake.

Men han var komme til nok eit land med få miskunnsame samaritanarar. Sjølv om han blei integrert og sjølv om han til og med blei fotballspelar på eit norsk lag ville landet forfylgje han. Og Norveg sende han tilbake til røvarane som drap familien hans. Då dukka det likevel opp nokre som torde å opponere mot norske styresmakter. Dei starta ein aksjon og klarte å få Chuks tilbake til Norveg sommaren 2015.

Om du søker på nettet kan du finne forteljingar om politimenn sine tårer i møtet med Chuks. Og du kan finne forteljinga om hans to år gamle norske son som brått og uventa blei farlaus i mai i år. Du kan også finne forteljingar om tårevåte gjensyn med Chuks då han kom tilbake til Norveg i sommar.

Chuks spelte fotball og trente med laget sitt dagleg. Han spelte fotballkampar kvar helg. Likevel fann norske styresmakter ut at mannen ein gong til skulle sendast tilbake til røvarane Boko Haram som hadde drept familien hans. Denne gongen blei han varetketsfengsla. Fordi norsk politi er redd for at mannen som lever med sin norske familie og trenar med fotballklubben sin kvar dag skal forsvinne. Denne gongen blir Chuks skilt frå sin nye familie og send tilbake til røvarane som stal hans første famile utan at han får sei farvel til familien sin. Då han blei sendt ut i vår fekk han i det minste ein halvtime til å ta farvel med sin to år gamle son.

Om Jesus skulle fortelje denne historia til folk i Norveg i dag trur eg han hadde spurt: – Kvar blei det av den barmhjertige samaritanen? Og så hadde han spurt om det er nokon skilnad på korleis Boko Haram og norske styresmakter behandlar denne mannen. Begge har teke frå han familien. Ingen av dei er noko betre enn røvarane som overfall mannen i Jesus si likning. Ein kan vel med rette sei at både Boko Haram og norske styresmakter er hakket verre enn røvarane i likninga. Røvarane var berre ute etter pengar. I samanlikning er overgrepa som er gjort mot Chuks barn, som sit farlause igjen i Norveg, heilt ufattelege.

No skal eg ikkje sei så mykje om flyktningane frå Syria. Eg trur at det meste er sagt i forteljinga eg akkurat har sitert. Eg forstår at solidaritet har vorte eit pynteord som ikkje betyr noko lenger. Men eg håpar – og trur – at nesterkjærleik framleis finst

Post Navigation