MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “november, 2015”

Gud, sauer og kommunikasjon

Kommunikasjon har aldri vore enkelt. Det har vel også fylkespolitikarane i fjordafylket merka denne veka. Både dei som stemte for og dei som stemte mot å selje Fylkesbåtane, eller Fjordein eller Fjorden, eller kva selskapet no skal heite. Torghatten er i alle fall eit merkeleg namn for eit ferjeselskap. Eg lurer på om fylkesordføraren i sin iver etter å selje Fjordein har tenkt på det. At Torghatten er merkeleg både i kommunikasjon med kundar eller med folk som dampar rundt med Fylkesbåtane-flagget på fritidsbåten sin eller på t-skjorta si. Eg vurderer forresten sterkt å skaffe meg ei slik t-skjorte. Eller eit slikt flagg. Sjølv om eg ikkje har anna båt enn ein liten robåt.

Sjølv kommuniserar eg mest med dyr. Det er kanskje enklare. Uansett kva eg seier viftar den brune labradoren Bella med halen. Uansett kva eg seier eller gjer veit eg at ho er min usvikelege ven. I motsetnad til somme folk, som framleis hatar meg for den eine gongen eg skreiv noko i eit innhogg som dei var usamde med. Katten Jasmin, som etter kvart viste seg å vere hankatt, er eg nesten like usikker på som somme folk. Å kommunisere med ein katt er ikkje det same som å kommunisere med ein hund. Den eine tilber meg nesten som ei gud, og den andre meinar den eig deg. Elles pratar eg mest med sauene. Og med kyrne. Sauene brækar og er nøgde når dei får det dei treng. Eg snakkar fjærlandsk, og sauene svarar med bræk. Ofte er slike samtalar meir oppmuntrande enn samtalar om vêret med eit menneske som ein utan vilje kryssar veg med.

Men av og til kommuniserar eg med folk òg. Ein teolog eg kjenner sa noko ein dag som eg har tenkt ein del på. – Mennesket treng Gud, sa han, uforstyrra av at påstanden er heilt umusikalsk for både dei politisk korrekte og for folk flest i Norveg i dag.

Men korfor treng folk Gud? Eller korfor treng folk ein gud? Med liten eller stor G? tenkte eg. Teologen svarte før eg rakk stille spørsmåla høgt. Han visste kva spørsmål eg kunne komme på å stille. Det er ei god evne i kommunikasjon, tenkte eg.

– Mennesket treng nokon å stå til ansvar for, sa han. – Når folk ikkje har ein gud, så har dei ingen å stå til ansvar for. Då kan mennesket ubegrensa gjere kva det vil, kva det har lyst til. Folk har forkasta Gud for å sleppe å ha nokon å stå til ansvar for. Det er moderne no å tru at kvart enkelt menneske i seg sjølv er gud. Ikkje som i kristendommen, der mennesket liknar på Gud, men som i New Age, der menneska sjølv er gudar. Då er det ikkje lenger slik at ein må stå til ansvar for nokon andre. Då trur mennesket at det kan gjere akkurat som det sjølv vil. Dette er ikkje bra for mennesket, seier teologivenen min. Det er ikkje bra for mennesket å tenkje at det sjølv er gud. Og sånn heilt utanfor teologien er det i grunn lett å vere einig i det.

Sjølv tenkjer eg at dersom kvart menneske er sin eigen gud, så er omgrepet gud utan meining meir. Men i teologivennen min sin påstand har den meining. Om Gud er utanfor deg sjølv, så har du nokon høgare enn mennesker å stå til ansvar for. Om du sjølv er gud kan du gjere kva du vil. Heilt til du eventuelt oppdagar at det finst høgare krefter enn du sjølv. Jaja. Som sagt er det kanskje enklare å kommunisere med sauene. Dei har ingen gud. Men jobben min er å vera den gode hyrden deira. Og eg gjer så godt eg kan.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 28. november 2015 under ein heilt anna tittel.

Advertisements

Lettvektarar på jorda

Denne reportasjen er publisert med tillatelse frå vekeavisa Bondevennen.

Bondevennen s10

Bondevennen s11

 

Bondevennen s12

Bondevennen s13

Reportasjen stod på trykk i Bondevennen 20. november 2014.
Tekst og foto: Liv Kristin Sola

Du finn Bondevennen på nett her:
BONDEVENNEN Fagblad for landbruket

 

Tre ord om deg og nesten din

Solidaritet

Ordet kjem frå Frankrike. På 1500-talet blei det brukt om ei gruppe sitt kollektive ansvar for gjelda til eit medlem i gruppa. For gruppa var samhald sterkare enn eigeninteresse. Så blei solidaritet eit politisk omgrep; ei kjensle av globalt samhald individ mellom. I dag er solidaritet meir avgrensa til samhald innan eiga gruppe, meir lik den opprinnelege definisjonen.

På papiret er desse orda utan liv. Det krevst menneske for å gi dei liv.

Narssisisme

Ordet kjem frå den greske myta om Narkissos, som forelska seg i sitt eige spegelbilde. I psykiatrien er det usemje om sjukleg narssisisme kan omtalast som personlegdomsavvik. Omgrepet fekk fornya interesse på slutten av 1900-talet av sosionomar som framheva vestleg kultur som sjølvnytande og empatilaus. Eit hovudtrekk med personlegdomsavvik er empatimangel. Men som desse sosionomane antydar kan rikdom og velstand også skape empatiløyse.

Nestekjærleik

Ordet er henta frå Bibelen. Du skal elska din neste som deg sjølv. Då må ein lære å elske seg sjølv på ein ikkje-narssisistisk måte. Nestekjærleik er omsorg og ansvar for andre medmenneske utan dei økonomiske omsyna solidaritet er grunna i. Omgrepet liknar på agape; Guds usjølviske kjærleik.

I motsetnad til solidaritet er nestekjærleik eit statisk omgrep. På papiret er desse orda utan liv. Det krevst menneske for å gi dei liv.

Denne teksten var skrive for to veker sidan, og var meint trykt i ei avisspalte. Avisa vil likevel ikkje ha teksten, då dei meinar den ikkje passar i lys av det som har skjedd dei siste to vekene.

Post Navigation