MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Solidaritet og nestekjærleik: to ulike menneskesyn.

Det er viktig å kjenne nyansane i språket. Orda solidaritet og nestekjærleik flyt for mange saman i ei meining. Men det er stor skilnad på menneskesynet i desse to omgrepa.

Solidaritet kjem frå Frankrike. På 1500-talet blei det brukt av juristar om ei gruppe sitt kollektive ansvar for gjelda til eit medlem i gruppa – eit solidarisk, økonomisk ansvar. Så blei solidaritet eit politisk omgrep; ei kjensle av globalt samhald individ mellom. I dag er solidaritet igjen avgrensa til samhald innan eiga gruppe, meir lik den opprinnelege definisjonen, og sterkt farga av eit narsissistisk samfunn. I namnet åt solidaritet kan ein i dag sei nei til å vise menneske nestekjærleik.

Solidaritet er eit omgrep som har endra meining etter politiske behov. Kanskje særleg etter 1990. For Lech Walesa var solidaritet økonomisk ansvar for eiga sosiale gruppe. I dag er omgrepet solidaritet sterkt farga av eit gudlaust og narsissistisk menneskesyn som ikkje ser enkeltmenneska. I praksis ser vi dette når politikarar brukar solidaritet til å argumentere for å oppretthalde eigen levestandar på kostnad av folk som flyktar frå krig.

Nestekjærleik er eit statisk ord; eit ord som ikkje har endra meining opp gjennom tida.

Nestekjærleik. Ordet er henta frå Bibelen. Du skal elska din neste som deg sjølv, er det mest kjende sitatet om nestekjærleik. Sagt av Jesus, ifylgje bibelboka. Men kristne trur knapt på Bibelen no om dagen. Nestekjærleik er omsorg og ansvar for andre medmenneske utan dei økonomiske omsyna solidaritet legg til grunn. Omgrepet liknar på agape; Gud sin usjølviske kjærleik til menneske. Nestekjærleik er mennesket sin ikkjenarssisistiske kjærleik til medmenneske, og skil seg derfor frå eit moderne solidaritetsomgrep.

Nestekjærleik er eit statisk ord. Eit ord som ikkje politikk og anna har endra meininga på opp gjennom tida. I motsetnad til solidaritet. Nestekjærleik var det menneskesynet Jesus ba sine etterfylgjarar praktisere. Det er statisk fordi Gud er uforanderleg og fordi han ikkje er forvirra om sine eigne omgrep. I notidas forvirring kan det sjå ut som ikkje ein gong kristne ser skilnaden på desse to omgrepa. Det er trist når kristne politikarar står fram i media og argumenterer mot det Jesus lærte oss om å elske nesten vår.

Det burde ikkje vere vanskeleg å skilje mellom nestekjærleik, slik Jesus fortel om i likninga om den miskunnsame samaritanen, og solidaritet. Medan solidaritet er tilpassa dagens narsissistiske samfunn, så tyder nestekjærleik framleis det same menneskesynet som Jesus snakka om for 2000 år sidan. Det same menneskesynet snakkar Han om i dag også, for dei som høyrer på Han.

Derfor er det trist når norske politikarar forkastar det menneskesynet Jesus forkynte i likninga om den miskunnsame samaritanen til fordel for eit narsissistisk solidaritetsomgrep i diskusjonen om flyktningar. For meg er flyktningar menneske dei også, og for kristne skal alle menneske møtast med nestekjærleik og respekt, ikkje med narsissistisk solidaritet. Kanskje vi kan bruke denne jula til å tenkjer over kva Jesus sa om nesten vår? Velsigna jul!

Denne teksten stod på trykk i Vårt Land i romjula 2015 under tittelen To syn på menneske.

Kva er nestekjærleik, Listhaug?

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Solidaritet og nestekjærleik: to ulike menneskesyn.

  1. Tilbakeping: Godt nytt år! | MANN MED GREIP

  2. Tilbakeping: Visst er det synd på Frp! | MANN MED GREIP

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: