MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “januar, 2016”

Tid for sivil ulydnad?

I fjor ein gong skreiv eg meg på ei liste til støtte for dei som arbeider for å verne Førdefjorden mot øydeleggjing i byte mot å tene pengar ei kort stund. Eg skreiv meg på lista mest for å halde meg orientert om saka. Denne veka fekk eg ein e-post med orientering: Nordic Mining skal i februar starte nye prøveboringar i Engebøfjellet. Og etter orienteringa får eg ei oppmoding: Bli med på aksjonar, skriv aksjonsgruppa, organisert av Natur og Ungdom.

Eg kjenner litt til organisasjonen Natur og Ungdom frå tida mi som lokallagsleiar i Bondelaget. Ved fleire høve fekk eg lytte til nokre av organisasjonen sine dyktige og dedikerte representantar på Bondelaget sine leiarsamlingar i Sogn og Fjordane. Eg hugsar eg alltid var imponert over desse ressurssterke, unge folka. Og glad for samarbeidet dei søkte med bondenæringa, og for at Bondelaget inviterte dei inn til sine viktige samlingar.

Og no får eg altså ein e-post underteikna av Natur og Ungdom. Om ei viktig sak. Og dei vil helst ha dei 2000 som har skrive seg på aksjonslista med på aksjonar. «Alle aksjonar vil bli på eige ansvar og rekning», presiserar dei. «Håpar vi ser deg i Vevring!» Og eg veit det er ei viktig sak. Men sivil ulydnad, er det det dei snakkar om? tenkte eg. Er det ein Alta-aksjon dei snakkar om her?

Seint torsdag kveld fekk eg ein telefon frå Natur og Ungdom. Ein hyggjeleg telefonsamtale, i grunn. Og ho legg ikkje skjul på at ho snakkar om sivil ulydnad. Utan at eg spør om det. Nokon gonger er det naudsynt med sivil ulydnad, seier ei eg ikkje kjenner inn i sin telefon og ut frå min. Eg har det så travelt no, seier eg, eg veit ikkje om eg får det til. Eg seier ikkje at eg ikkje veit om eg torer. Etterpå tenkte eg at det er sikkert mange som tenkjer som meg. Som vurderer om dei vil vere med på ein slik askjon. Og i grunn fortener ikkje ein slik aksjon at folk ikkje torer delta.

Bortsett frå Norveg har resten av verda konkludert med at å fylle giftblanda fjellmassar i fjordar er så problematisk at dei ikkje tillet det. Fire andre land har sjødeponi per i dag. I dei fire andre landa, Tyrkia, Indnesia, Chile og Papua Ny-Guinea fører motstand og strengare miljøkrav til at det ikkje blir sett i gong nye prosjekt med sjødeponi. Då står Norveg att som einaste landet i verda som tillet å dumpe gifthaldig gruveavfall i fjordar. Resten av verda har funne betre løysingar, medan vi her i landet vil vi sleppe giftblanda gruveavfall i viktige laksefjordar. Kanskje er ikkje miljø og klima så viktig for dagens regjering, men skal vi tillate at denne regjeringa øydelegg Norveg sin klima- og miljøposisjon på jorda? Kanskje treng og fortener Førdefjorden og Repparfjorden ein Alta-aksjon? Kanskje ikkje førre setning skulle vore forma som eit spørsmål?

Denne helga skal Tor rase over himmelen her. Han skal visst ikkje slå med hammaren. Men medan han bles vindar som vi menneska har gitt han energi til gjennom vår øydeleggjande rovdrift på planeten vår og naturressursane våre kjem eg til å vere oppteken av å vurdere å gå til sivil ulydnad. Valet burde eigentleg vere lett. Det burde vere lett å velje mellom mine barn sitt miljø og klima og mi eiga komfortsone. Og det valet står ein i heile tida. Det gjeld mange fleire saker enn denne. Det kan vi tenkje på medan Tor fer over himmelen her og ned i dalane. God helg!

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 30.1.2016

Hugsar du snøen som fall i fjor?

Som fjærlending er eg vant til at vinteren har snø. For omlag eitt år sidan oppretta eg denne bloggen. I januar i fjor skreiv eg fleire blogginnlegg om snøvinteren 2015. For all del. Eg saknar slett ikkje dei snømengdene vi hadde i fjor. Men det er litt stusseleg å vere heilt utan snø også.

Det var forresten ikkje snø å snakke om vinteren 2014 heller. Då var det austavind heile vinteren. Men i alle fall, i snølause januar 2016, slik såg det ut i Øvre Mundal for eitt år sidan:

Bortsett frå faksimilen frå Sogn Avis har eg teke alle foto. Bildet i avisa er teke av bror min, Jarle Mundal.

Og når det er mykje snø om vinteren, så kan det sjå ut som dette i midten av mai. Bilda under er frå Bøyabreen og Brævasshytta:

Slik var vinteren her i fjor. Hugsar du snøen som fall i fjor?

Godt nytt år!

NÅR EG SET MEG NED for å skrive dette innhogget har eg akkurat kome inn dørene etter å ha vore ute og sett på nyttårsrakettane. Kveldens gjester har akkurat reist heim, og barna har knapt somna. Eg hadde ein idé om at eg skulle setje meg ned å skrive nokre tankar om det året som har vore. Om sigrane. Og kanskje litt om dei vanskelege kampane. Eller alternativt skrive om 2015 i mi verds tal og statistikk, om kva eg har skrive om i innhogga, og kva for innhogg folk har gidda å lese om. At det eg sjølv var mest nøgd med berre har hatt 50 klikk på bloggen min, medan det eg oppfatta som eit gjennomsnittleg innlegg frå meg hadde nær 3.300 treff på bloggen. Men oppglødd som eg framleis kjende meg etter å såvidt har gløtta på døra til 2016 bestemde eg meg for å leggje meir vekt på mulegheitane i det nye året enn på vanskelege kampar i det gamle.

Eg var her i 2015, på godt og vondt. Takk til alle dykk som var med meg!
Rune Olstad

EG SKAL VERE ÆRLEG: 2015 var ikkje mitt beste år. Heldigvis er det mange som har bidrege til at det ikkje blei så ille likevel. Nokre av dei har betalt for det. Men dei fleste som har bidrege positivt er venner. Eg set pris på dei profesjonelle, men endå meir på venene mine. I dagane mellom jul og nyttår møtte eg ein av dei, Rune Olstad, over ein kopp kaffi på ein av kaféane på eit kjøpesenter i Sogndal. Eg blei godt kjent med Rune for nokre år sidan, då han arbeidde i Bokbyen og budde ein vinter i Fjærland. Kaffikoppen på eit kjøpesenter i Sogndal blei til to, og medan vi prata blei barna våre venner over ein mobil med Mine Craft på. For dei som ikkje er unge nok til å vite det er Mine Craft eit dataspel frå 1980-talet som framleis er så populært at barna ynskjer seg Mine Craft-lego til jul. Og så er Mine Craft eit spel Barnevakten tilrår til barn pga læringseffektane spelet gir, og som ei motvekt til spel som foreldre let øydeleggje barna sine.

MEN EG KOM ALTSO akkurat inn att frå nyttårsrakett-Fjærland for å skrive dette innhogget. Og eg er framleis i undring av at nokon hadde teke seg opp på Endrefjellet for å vise oss andre kor fint det er med nyttårsrakettar frå fjella. Og eigentleg lengta eg litt opp til dei der oppe på fjellet. Dei må ha hatt ei fantastisk oversikt over nyttårsrakett-Fjærland. Slik starta eg datamaskina med eit håp om å klare å skrive ferdig eit innhogg før daudline denne gongen også. Men først tok eg ein svipptur innom FB og las om folk sine optimistiske ynskje for 2016. Og der fann eg Rune, sjølvsagt, med sin poesi og sine treffande ord:

På årets siste dag, skriv han, skal ein vel tenkje tilbake, og ikkje minst love gull og grøne skogar for året som kjem. Han tek det på kornet, Rune, og ærleg er han òg: Eg var her i 2015, på godt og vondt. Takk til alle dykk som var med meg. Eg gjer Rune sine ord til mine – eg låner dei og seier: Eg var her i 2015, på godt og vondt. Og eg takkar alle som var med meg.

OG FOR 2016 SKAL EG prøve å fokusere på dei gode venene eg har, og prøve å ikkje gjere som eg delvis gjorde i 2015, då eg fokuserte for mykje på dei som uttalt hatar meg. Dei vil eg likevel aldri gjere til lags. Eg vil ikkje gjere det at nokon ikkje likar meg til mitt problem i 2016. Eg skal heller møte dei med respekt og smil. Og så låner eg min venn Rune si nyttårshelsing på FB til dykk alle. Sjølv om eg bokstaveleg talt ikkje kan synge.

Neste år ynskjer eg å synge enno meir, lese enno meir, elske enno meir. Ja, rett og slett leve enno meir. Godt nytt år!

Les også: Ei rose frå meg til deg!

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 2. januar 2016. Det som står i kursiv er sitat frå eit dikt Rune Olstad delte på FB nyttårsafta. Under her kjem diktet slik han publiserte det.

Les gjerne også dette innlegget som stod på trykk i Vårt Land romjula 2015: Solidaritet og nestekjærleik – to ulike menneskesyn!

På årets siste dag

skal ein vel
tenkje tilbake
og ikkje minst

love gull og
grøne skogar
for året som kjem

Eg var her
i 2015
på godt og vondt

Takk til alle dykk
som var med meg

Mange nye mennesker
fekk eg gleden
av å møte

dette gjer
at eg føler meg
enno rikare

Ingenting
kan overgå
gleda av å vere saman

Neste år
ynskjer eg å
synge enno meir
lese enno meir
elske enno meir

Ja, rett og slett
leve enno meir.

GODT NYTT ÅR

Rune Olstad

Post Navigation