MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “februar, 2016”

Om eg skulle plante eit tre

Då Johans i Mundal – tippoldefar min – gifta seg planta han nokre graner i skogkanten på Øvstebøen i Mundal. Det var ein gong på 1800-talet. Det vert sagt at plantane kom frå Amerika, og var ei bryllaupsgåve. Eg har alltid lurt på korleis dei hadde teke hand om plantane på den lange reisa. Kanskje dei eigentleg kom som frø? Eg veit ikkje, men i alle fall overlevde dei reisa heilt frå Amerika og til dei blei planta i Mundal.

Ei av granene står framleis som eit landemerke i Mundal. Ho blir berre kalla Edelgrana. Då dei andre blei hogge, og Edelgrana blei ståande att åleine, har ho hatt god plass til å breie ut greinene sine. Ungar og ungdom har i fleire generasjonar prøvd seg på å klatre til topps i Edelgrana. Ikkje alle har klart det. Greinene sit så tett at det ikkje er ei lett oppgåve å komme seg opp. Men dei som har klart det har fått god utsikt. Den siste eg veit om har vore til topps er Anders, som driv nabogarden. Han hadde med eit tau opp for å måle kor høg Edelgrana er. Omlag 31 meter høg, kom han til.

I 1990 hadde Sogn og Fjordane Skogselskap ein «konkurranse» for å registrere tjukke tre i fylket, både lauvtre og bartre. Eg tok mål av Edelgrana og sende dei til Skogselskapet. Den gongen var omkretsen 4,00 meter. Ho var det største bartreet i Balestrand kommune, som Fjærland den gong tilhøyrde, og det femte største bartreet i Sogn og Fjordane. Til samanlikning var det største bartreet i Sogndal kommune den gongen ei furu på Haukåsen som var 3,30 m. I samband med ein akedag ved Edelgrana i vinter målte vi omkretsen igjen. I dag er omkretsen omlag 4,60 m. Ho ser framleis grøn og frisk og fin ut, trass merker i borken av ungane som hadde tenkt å sage henne ned for eit par generasjonar sidan og merket etter ein hest som har gnage i borken.

Eg prøvde meg også på å fylgje tradisjonen med å plante eit tre då eg gifta meg. Eit epletre. Det blei ikkje særleg vellukka. Hjorten øydela epletreet før det hadde gitt oss så mykje som ei bøtte epler. Så no sit eg her både utan epletre og utan kjerring. Om det har nokon samanheng skal eg ikkje gje meg inn på å spekulera i.

Om eg skal plante eit tre igjen, eller så eit frø, med ynskje om at det skal bli til eit stort tre, så skulle det vere eit tre som byggjer meir på norsk tradisjon enn ein edelgranplante frå Amerika. Det skal vere eit frø av nestekjærleik, respekt og empati. Det er eit frø som kan vekse seg stort og sterkt i menneskehjarte. Eg skulle ynskje at dette frøet kan vekse seg like stort og sterkt som Edelgrana, og at det kan klare seg sjølv om nokon prøver å skade det; så sterkt at dei som prøver å sage det over ende gir seg i forsøket. Eg skulle ynskje at det veks fort opp og bli ei motvekt til tankegods og ideologi som kallar kristen nestekjærleik og menneskeverd for «godhetstyranni»; ei motvekt til dei som med å kalle nestekjærleik tyranni indirekte kallar Gud ein tyrann. Ei motvekt til dei som vender ryggen til respekt, empati og nestekjærleik og let seg styre av frykt for islamisering.

IMG_4289

Om eg skulle plante eit tre, så var det eit slikt tre eg ville plante. Og eg veit at i mange hjarte veks det slike tre, men eg veit også at i andre hjarte vil forsøket på å plante eit slikt tre vere som å så eit frø på steingrunn der det er lite jord. Der vil det spire raskt, men når sola går opp visnar det, for det manglar rot.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 27.2.2016

Advertisements

Post Navigation