MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “mars, 2016”

Sogn og Fjordane skrivelag 30 år!

Sogn og Fjordane skrivelag var 30 år i 2015. I det høvet arrangerar Skrivelaget seminar, bokbad på Pikant og jubileumsmiddag i Førde laurdag 2. april i år. Arrangementa er opne for alle (bortsett frå årsmøtet, som er for medlemmer). Det vert boklansering av antologien Sukkersalta pepar. I høve jubileumsarrangementet og boklanseringa kan du få kjøpt antologien til jubileumspris.

Det er framleis høve til å melde seg på. Det kan du gjere til Rune Hegrenes:

rune.hegrenes@gmail.com     /     906 40 230

plakat skrivelag30.jpg

Advertisements

Foreldre prioriterer bilen før barna

Det er i grunn rart at når folk skal kjøpe olje til bilen, så kjøper dei den beste olja utan tanke på pris. Men når folk kjøper mat til barna sine, så kjøper dei det billegaste dei finn, heilt utan tanke på kvalitet.

Utsagnet kom frå min venn Christian på veg til eit eller anna møte i regi av Økoringen Vest ein gong for nokre år sidan. Og trist nok er Christian sine ord svært treffande for mange norske foreldre; norske foreldre som seier at barna er det mest verdifulle dei har. Likevel prioriterer dei beste og dyraste kvalitet til bilen og billegaste og dårlegaste kvalitet mat til barna, medan dei klagar på at norske bønder ikkje kan skaffe dei endå billegare mat.

IMG_4307

Eigentleg er det heilt uforståeleg at foreldre prioriterer bilen framfor barna sine!

Måten norske foreldre brukar pengar på – måten somme prioriterar når dei kjøper mat til barna – trumfar tomme utsagn om at barna er det mest verdifulle dei har. Bilen, som skal vare nokre få år, får det absolutt beste. Barna, som skal leve eit heilt menneskeliv, får det billegaste maten som kan skaffast for pengar. Eigentleg er det heilt uforståeleg at foreldre prioriterer bilen framfor barna sine!

Og du vil eg skal tru deg når du seier barna dine er det mest verdifulle i livet ditt? Og så går du på butikken på jakt etter den billegaste maten du finn til dei, slik at du skal ha råd til å behandle bilen din fint? Trass at du veit at den billege maten forårsakar sjukdommane barna dine får? Eg berre spør. Svaret ditt vil eg aldri forstå!

Post Navigation