MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “april, 2016”

Dette er ikkje 1936. Dette er våren 2016.

I år kom våren tidlegare enn ein gjennomsnittsvår. Eg høyrde på radioen at gjennomsnittsvåren er tretti dagar tidlegare no enn for tretti år sidan. Eg er ikkje sikker på om det stemmer heilt. Når det er snøfritt på heimebøane i Mundal 20. april, så seier vi det er tidleg vår. Eg kan ikkje hugse at snøen på det jamne låg til 20. mai for tretti år sidan. Men eg hugsar eitt år snøen låg så lenge. Eg trur det var våren etter snøvinteren 1981-1982. Eg hugsar læraren og naboen min, Olen, tok på seg skia og gjekk ein skitur på bøane like ved fjorden sjølvaste nasjonaldagen det året. Og inne i Supphelledalen, nær Jostedalsbreen, låg snøen til ut i juni. Men det var den snøvinteren alle snakka om. Eg hugsar også det var snølause vintrar då eg var ung.

13d9c27f-263a-45b6-bfc9-44a8557230c7

Sau og hjort side om side – på kvar si side av vegen.

I innhogget «Klimaproblemet har kome for å bli» 23. april i år siterar Georg Arnestad sin ven og tidlegare kollega Jon Naustdalslid frå boka «Klimapolitikk. Samfunn og styring under eit klima i endring». Korleis verda ser ut i smått og stort i år 2100, er delvis avhengig av korleis vi handterer klimaproblemet. Men det vil minst like mykje vere avhengig av korleis vi samtidig handterer mange andre problem, som til dømes fattigdom, fordeling, krig, fred, global rettferd, utvikling…

Eit av problema som må handterast er situasjonen i Midt-Austen (og no siterer eg ikkje Naustdalslid eller Arnestad). Tilsynelatande står verdas leiarar makteslause når det gjeld å redde sivile og barn frå krigane i regionen. Det norske og europeiske politikarar derimot er gode på er å prøve stenge grensene mest muleg for barn og familiar som flyktar frå krig. Eit anna problem, nesten som eit paradoks til dei som flyktar frå muslimske land i Midt-Austen, er den aukande antisemittismen i Europa. I det siste har det vore fleire skandalar der profilerte politikarar har kome med antisemittiske ytringar. No seinast i det svenske Miljöpartiet de gröna i Sverige og i det britiske Arbeidarpartiet. Paradokset er at medan folk flyktar frå krig i Midt-Austen seier europeiske jødar at antisemittismen gjer dei redde, og dei vurderer å flykte til Israel – eit land som nesten dagleg opplever terror eller forsøk på terror. Aftenposten trykte nyleg ein kronikk om antisemittisme i Norveg. Den fortel om norske jødar som sparar pengar for å reise til Israel, fordi dei ikkje kjenner seg trygge her til lands. Dei opplever at barna deira dagleg blir trakassert på skulen. Dei opplever det skremmande at «jøde» har vorte eit vanleg skjellsord, og er lei seg for måten Carpe Diem brukar ordet på i sin siste songtekst. Kronikkforfattaren skriv at han er opprørt på veg heim frå kafébesøket, og spør om det verkeleg kan vere sant at i visse miljø er barn opplært til å hate jødar. «Er både lei meg og vettskremt», skriv han. «Dette er ikkje 1936. Dette er 2016.»

Men våren er tida for nytt liv og naturmangfald som vaknar og gror etter vinteren. Og om vi vil det eller ikkje vert vi påverka av våren. Den hjelper oss å tenkje positivt og gir oss håp. No held bøane på å bli grøne. Det veit hjorten. Om kvelden står hjorten og beitar like ved husa her, side om side med nylamma sauer. Og om vi ikkje klarar å løyse miljøproblem og andre problem no om våren, så må Gud hjelpe oss. Til alle som framleis held på med lamming der ute vil eg ynskje lukke til! Sjølv har eg ein liten flokk gamalnorsk spælsau. Omlag ein tredel har lamma. Til no har det gått bra, og eg ser fram til resten! Så ynskjer eg alle gode vårdagar!

Advertisements

Trettiårsjubileum og mislukka sjekketriks.

Denne helga skal eg på 30-årsjubileum. Sogn og Fjordane skrivelag er jubilanten. Så vidt eg veit er laget det einaste skrive- eller forfattarlaget i landet som tek inn medlemmer som ikkje har gitt ut skjønnlitterære bøker godkjende av litteraturrådet. I Sogn og Fjordane skrivelag går vi godt saman både hobbyskribentar som meg og kjende forfattarnamn. Om eg skulle nemne nokon så kan det vere May Grethe Lærum, som er fødd og oppvaksen i Sogndal, og mellom anna kjent for bokserien Livets døtre, med handling delvis frå Sogn. Eller Rolf Losnegård, kjent for å ha skrive storparten av dei historiske spela her i fylket, mellom anna Fridjof-spelet på Vangsnes. Eller Kjartan Hatløy, av litteraturmeldarar omtalt som den største nolevande nynorskpoeten.image

Skrivelaget arrangerer minst ein gong i året skrivekurs for medlemmer og andre. Siste skrivekurset var det deltakarar frå 14 år til over 80. I interessa for skaping og kreativ skriving er aldersskilnad berre noko positivt. Vi lærer av kvarandre på tvers av generasjonsskilje.

Sogn og Fjordane skrivelag blei stifta i 1985. Laget var eit direkte resultat av ein novellekonkurranse arrangert av Sogn og Fjordane magasin. Som ei markering av jubileet arrangerte Skrivelaget i 2015 ein ny novellekonkurranse. Så vidt eg hugsar kom det inn nesten femti noveller. På jubileumsarrangementet i Førde på laurdag blir det presentert ein antologi med vinnarane av denne novellekonkurransen, pluss bidrag frå fleire av medlemmene i laget, i ulike sjangrar. Eg har sjølv to tekstar med i antologien, som har fått namnet Sukkersalta pepar.

Baksideteksten på boka fortel mykje om stemningane i Skrivelaget. Den inviterar lesaren inn i boka: «Kom, bli med! Bli med inn og hels på! På førstepremiebyggaren på bygda og på sommarfugljenta med mørke løyndomar. Bli med hit og sjå! På våren. Engane. På blomane og lyngen. På stjernene. Bli med og høyr! Om han som fekk dauden på døra. Om katten som var ein hump i vegen. Og om han som drog på kino for å sjå Birgitte Bardot naken.» Eg kjenner eg gler meg til å halde boka i hendene og til å lese. Og eg gler meg til å treffe gode, skrivande og kreative vener på jubileumsseminar og jubileumsmiddag i Førde. Kanskje akkurat no når du les dette innhogget i avisa. Og kanskje kjenner du at du eigentleg skulle vore med på dette arrangementet? Om du fylgjer med kjem det nye sjansar!

Temaskifte – ein anna røyndom: Folk hadde nok venta eit innhogg frå meg om eigendomsskatt-skandalen i Sogndal. Eg skal ikkje ta opp att alt bra folk har sagt om det. Men eg tykkjer det Sogndal kommune har gjort er eit ganske dårleg sjekketriks i frieriet til nabokommunar. Kven vil gifta seg med ein som pissar i buksa for å bli varm ei lita stund? Kommunane rundt Sogndal vil nok halde god avstand til ein slik friar, og heller passse godt på å leggje til rette for næringsliv som flyktar frå drepande skattar i Sogndal. Og dei vil ta godt imot potensielle huskjøparar og hyttekjøparar som ikkje lenger vil kjøpe i Sogndal. Dei vil nok unngå ein «rådmannstyrt» kommune som er så nøgd med dei nye eigendomstakstane at han enno ikkje har forstått kor øydeleggjande skatten er for landbruk og anna næring i Sogndal. Kanskje han tykkjer det er greit å senda ein rekning på 70.000 til eit verneverdig hotel i Fjærland med tre månaders driftstid og stort vedlikehaldsetterslep? Han pissar i buksa, og vil nok snart oppdage kor kaldt og mislukka det er. Eg ber berre om at politikarane får mot nok til å slutte å signere alt frå administrasjonen i Sogndal. Kanskje nokon i leiinga i kommuneadministrasjonen bør skiftast ut snart? I tillegg til nokon av dei folkevalde, sjølvsagt.

Post Navigation