MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “juni, 2016”

Kva skal vi eta når økonomien kollapsar?

I oktober 2013 var eg på eit symposium om landbruk på Teaterfestivalen i Fjaler. Publikum var teatersjefar, regisørar og skodespelarar. Dei ville høyre kva bønder tenkjer om framtida. Kvar er norsk landbruk om 40 år? Kva skjer om tilgangen til import blir borte? Det var eit par av spørsmåla som dei ville eg og andre innanfor landbruk skulle svare på. Denne teksten byggjer på innlegget eg hadde der.

I mitt hovud er det vanskeleg å sjå på utviklinga i landbruket utan å sjå på dei større utviklingstrekka i samfunnet. Med industialisering og effektivisering av landbruk og industri har økonomien endra seg frå ein berekraftig økonomi til ein kunstig påverka ikkje-berekraftig økonomi. Suksessen til denne kunstige økonomien blir målt i økonomisk vekst, som er ein føresetnad for at den ikkje skal kollapse. Det er vanskeleg å tru at slik vekst kan halde fram lenge. Med tanke på klimaendringane hadde det vore ein fordel om at dagens økonomi kollapsa i morgon. Eller helst i dag. 

barnmkanin
Kaniner kanskje?

Då far min var ung blei dei beste bøane slege med hesteslåmaskin. Resten vart slege med ljå. Det var arbeid for mange på ein gard, både drengar og budeier. Dei arbeidde stort sett for maten og litt pengar til sko og kle, og kanskje ei gåve dei kunne ta med seg om dei gjekk over breen på friarferd.

Oldemor mi hadde som del av kåret si eiga ku, som ho mjølka sjølv. Ho hadde sin eigen slåtteteig, eigen plass i høyløa til høyet, eigne bærbusker og sjølvsagt ved og poteter. Mjølka ho ikkje brukte sjølv kunne ho selje eller byte i varer.

Vi har gått frå ein økonomi der folk arbeidde og produserte for å livberge seg sjølve og borna, til ein økonomi der det nesten ikkje er grenser for kva vi har råd til. Den gamle økonomien var trong og vanskeleg for mange. Det kan fort den nye, kunstige økonomien bli òg. Vi lever som om økonomien alltid kan halde fram å vekse, sjølv om alle veit det ikkje kan skje. Likevel er framleis økonomisk vekst ei forutsetning for vår økonomi. Kanskje vaknar vi ein dag og ynskjer at vi hadde hatt like bra kårordningar som oldemor mi. Vi bør vere budde på at økonomien kan knekke saman. For det kjem til å skje.

Kva meinar eg med kunstig økonomi? Landbruk og industri har vore fanga i ein karusell med alltid nye krav om effektivisering. Når arbeidsplassane blei rasjonalisert bort blei det skapt nye næringar og nye arbeidsplassar. Desse har kome innan tenesteyting og sørvis. For å oppretthalde ein økonomisk vekst blir det stimulert ein auke i tenesteyting, sørvis og eit ikkje-bærekraftig forbruk av varer vi ikkje treng. Dersom økonomien skulle kollapse kjem ingen til å spørje etter desse tenestene eller varene, uansett kva årsaken til ein økonomsik kollaps vil vere.

Norske politikarar snakkar mykje om beredskap mot terror og slikt. Det er få politikarar som snakkar om beredskap i forhold til mat, og enno færre som ser ut til å forstå ein slik problematikk. Kva skjer om all import av mat opphøyrer? Då vil mange matvarer som er sjølvsagte i dag forsvinne. Vi vil mangle ris og få eit underskot på korn. Produksjonar som baserer seg på importert kraftfôr vil kollapse. Det gjeld både gris og kylling, og delvis også storfekjøt og mjølk. Politikarar som vel å undergrave mulegheiten for å vere sjølvforsynt med mat i ei tid då økonomi, politikk og klima er så ustabilt og sårbart som no, får mykje å stå til ansvar for når den kunstige økonomien vi dyrkar knekk saman.

Kriseførebuing à la Norveg

Inne i hovudet mitt høyrer eg ei tunn røyst som seier at du må no forstå det, pappa, at eg er fødd til å vera bonde – det er ikkje storesøskena mine. Og den tunne røysta seier vidare at vi er tre bønder her på garden; det er bestefar, du pappa og eg! Og eg forstår at den vesle røysta ser på oss tre som likeverde og like viktige, og slik set det vesle barnet alt i eit langt perspektiv; eit perspektiv få vaksne i dag klarar å sjå. Den tunne røysta får meg til, trass klimaendringar og økonomisk og politisk uro i verda, å sjå positivt på framtida.

Advertisements

Flystyrt i Fjærlandsfjorden

Ein flystyrt i Fjærlandsfjorden er nok som ein bagatell å rekne om ein skal samanlikne med den politiske tsunamien som veltar innover Europa no. Brexit. Eg skal ikkje skrive om Brexit. Det kjem vi til å høyre om i media til vi får Brexningar av det. Men eigentleg skulle ingen late seg sjokkere over resultatet av folkerøystinga. Det blei akkurat som venta. Nei-folk er som kjent flinkare til å nytte seg av stemmeretten enn ja-folk. Dette var forutbestemt og burde vore venta.

Det eg skal fortelja om skjedde like før påska 1980. Den gongen hadde ikkje Fjærland veg ut or bygda. Bilferja til Hella og Balestrand var sambandet med resten av verda; Fjærlandsfjorden var «vegen» vår. Fjærland høyrde til Vik veterinærdistrikt, og distriktsveterinær Torstein Kongslien blei eit slags vitne då eit NATO-jagarfly kutta straumen til Fjærland og styrta i fjorden. Dette har han skrive om i Vestenfjeldske Veterinærforening si 100-årsjubileumsbok i 2002.

Ein solblank vårdag i slutten av mars 1980 var Torstein Kongslien på veg innover Fjærlandsfjorden med båten Dagros. Han skulle gjere den årlege sauevaksineringa, og hadde fleire stopp langs fjorden på veg inn til Fjærland. Medan han var i fjøsen i Rauboti høyrde dei eit voldsamt brak, og det blei kommentert at dette var då ein undarleg dag å få torevêr på.

På veg ned att til kaien la Kongslien merke til ein grov wire som bukta seg nedover bakken, og tenkte at denne hadde han ikkje sett på veg opp til garden. Etterpå tenkte han at heldigvis tok han ikkje på denne grove løypestrengen hans Olav Rauboti, som han trudde det var då han smatt under han ved ein stein nedover mot fjorden.

Då han kom til Lidal fekk han vita kva som hadde skjedd. Der hadde dei vore augevitne til at eit jagarfly hadde kutta høgspentlina som kryssa fjorden ved Rauboti før det styrta i fjorden. Han møtte kona på garden, som fortvila fortalde kva som hadde skjedd. Mannen hennar hadde med ein gong reist ut i båt og var ikkje komen tilbake. Kongslien tok med seg «ungkona på Lidal» i båten sin ut til åstaden. Der låg vrakrestar og flaut, og det var ei sterk lukt av flybensin. Men sauebonden frå Lidal var ikkje der, og veterinæren tykte synd i kona som var redd for mannen sin. Tilbake i Lidal fekk kona telefon om at mannen hadde plukka opp dei to pilotane frå fjorden og frakta dei til Dragsvik. Flyet var tysk, og var ein del av ei NATO-øving. Pilotane hadde i siste liten sett bøyene i luftspennet, og hadde såvidt rukke å skyte seg ut av flyet før det styrta.

Då distriktsveterinæren seinare på dagen kom inn til Fjærland, fekk han høyre om korleis flyet hadde komme lågt innover bygda, pressa seg opp over Jostedalsbreen, stupte seg nedover att og utover fjorden. Det stod folk på kaien og såg på dette, og dei hadde sagt at dette går aldri bra. Fjorden svingar, så frå kaien i Mundal kunne dei ikkje sjå flystyrten dei frykta ville komme, men dei stod og venta på at straumen skulle gå. Og det gjekk ikkje lenge før det skjedde.

Eg var gutunge den gongen, men hugsar godt praten om det som hadde skjedd, straumen som forsvann og diesel-aggregata som ganske snøggt kom på plass fleire plassar i bygda og stod og dura i veker før fjordspennet var reparert. Min far hugsar det blei sagt at så raskt hadde Sognekraft aldri reagert før når det var straumbrot i Fjærland. Folk meinte det var fordi straumselskapet skjønte at denne gongen fekk dei godt betalt for arbeidet og alle kostnadane sine.

Eg har prøvd å google denne hendinga, men finn ingen ting om det på nettet. Ikkje ein gong fylkesleksikonet omtalar det som skjedde. Takk til veterinær Torstein Kongslien for at han sende si augevitneskildring av det som skjedde til meg. Hendinga er også omtalt i boka Fjærlandsfjorden av Anders Aa. Mundal.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Årets lokalavis: Sogn Avis 25.06.2016

Post Navigation