MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “august, 2016”

Hotel Mundal – MINNEORD.

Eg fekk i dag den triste meldinga om at Hotel Mundal, som tidlegare i sommar feira 125-årsjubileum, skal avlide ved hjelp av eutanasi (aktiv dødshjelp). Eigaren, Ola Moe, avkreftar at Hotel Mundal sin nære bortgong er etter hans ynskje. Han trur at det heller ikkje er eit ynskje frå det tradisjonsrike hotellet, som har gitt husrom både til den amerikanske visepresidenten Walter Mondale, FNs generalsekretær Kofi Annan, norske kongelege (dronninga var på vitjing seinast i sommar) og mange kjente kunstnerar og musikarar. Og visstnok til spøkelse. Ein av dei mest kjende som har hatt sommarjobb på Hotel Mundal i tenåra er Jostein Gaarder. Eg har sjølv høyrt Gaarder kåsere om korleis han fôra Hotel Mundal sine grisar. Det var verdt å lytte til!

Les også: Det innhaldsrike vertshuset i Supphelledalen.

Hotel Mundal sin historie er nær knytt til garden eg driv. Tippoldefar min, Johans i Mundal, var ein av initiativtakarane for å få bygd hotellet, saman med systera Brita, og hennar mann Olaus Dahle. Å byggje eit så stort hotell i 1891 var både dyrt og dristig. Det kom fleire hotell i Sogn på den tida, oftast sett opp som mindre overnattingsstader og bygd ut etter kvart som trongen for fleire senger kravde det. Men Olaus Dahle hadde sterk tru på at eit hotell ville vere med å skape auka aktivitet i bygda. Dei engasjerte den kjende arkitekten Peter Andreas Blix til å teikne hotellet. Men dei fekk ikkje lån frå Balestrand sparebank, så då pantsette Johans i Mundal garden, og stilte mykje av kapitalen til å setje opp hotellet. Resten, omlag halve kostnaden, vart finansiert av lån frå bøndene i Fjærland.

Hotel Mundal

Hotel Mundal fotografert om våren frå båt. Dei snøkledde fjelltoppane Grettene i bakgrunnen. Heimste Gretta tv. ligg 1490 moh.

Satsinga på Hotel Mundal var ikkje utan risiko. Men den blei vellukka både for tippoldefar og resten av bøndene i Fjærland. Turismen i bygda ga gode inntekter til gardsbruka, som organiserte hesteskyss frå Mundal til Bøyabreen og Supphellebreen. Når Europa og verda opplevde tronge tider i 1930-åra kom framleis dei rike, engelske turistane til Hotel Mundal og ville sjå breane. Langs vegane inn til breane stod dei som ikkje hadde skyssrett, husmenn og fleire, og selde souvernirar. Turistane kunne kjøpe stavar av sprakje (einer), vevde tepper og anna handarbeid. Det vert sagt at fjærlendingane ikkje visste om dei harde trettiåra før Gerhardsen snakka om dei på radio etter andre verdskrigen.

I 1906 selde tippoldefar min sin del av Hotel Mundal til svogeren Olaus Dahle. I kontrakten, datert 3.10.1906 går det fram at han og sonen, Sjur, sel sin halvdel av hotellet med hest og reiskap, båtar og tomt, og beiterett for ein hest i Mundalsdalen. Salsprisen var 40.500 kroner. I dagens verdi nesten 3 millionar kroner. Året etter var alle private lån til bøndene i Fjærland betalte.

Les også: Kva no, Hotel Mundal?

Etter Brita og Olaus Dahle har Hotel Mundal i fleire generasjonar vore drive av sterke kvinner. Den siste av desse sterke kvinnene var Marit Orheim, gift Mauritzen. Ho innsåg at det ikkje var muleg å drive hotellet vidare som eit familiehotell. Ho selde ein halvdel av hotellet til finansmannen Rolf Wickborg, som seinare kjøpte den andre halvparten frå Marit O. og Sverre Mauritzen si dotter. Wickborg eigde og dreiv hotellet halvhjarta nokre år, men opparbeidde seg eit dårleg rykte grunna ubetalte rekningar og lønner.

unnamed

Skjermbilete frå Sogn Avis si nettside.

I januar 2015 blei det kjent at Wickborg hadde selt hotellet til Ola Moe. Nokre av dei same folka som i 2015 feira at Wickborg var ute av Hotel Mundal, omtalar i dag Ola Moe like negativt som Rolf Wickborg. Moe seier at hans intensjon er å føre Hotel Mundal tilbke til fordums prakt. Han har i så fall ein lang veg å gå. Han må starte med å vise folk i Fjærland at han meinar alvor. Men sjølv om eg meinar at dette ansvaret ligg på eigaren, så meinar eg at Sogndal kommune har eit hovudansar dersom Hotel Mundal døyr.

Hotel Mundal2

Hotel Mundal frå eit vindauga frå garden som gav areal til hotellet. Diffust. Hotel Mundal kjem nok til å gå igjen om Sogndal kommune myrdar det.

Ofte blir eutanasi rekna for å vere sjølvmord. I Hotel Mundal sitt tilfelle vil eg kalle det eit drap. Drapsmannen er ikkje Ola Moe. Drapsmannen er Sogndal kommune. I andre kommunar her i fylket gir dei fritak for eigendomsskatt til historiske bygningar. For Sogndal kommune ser det ut til at dette er uaktuellt sjølv om resultatet er at dei tek livet av Hotel Mundal. Korleis Sogndal kommune tek livet av hotellet er uinteressant. Det er ikkje nok å vedta at Moe ikkje får lov å ta livet av hotellet. Om det blir ståande tomt grunna det som opplevest som urimeleg høg eigedomsskatt, vil det døy likevel.

Advertisements

«Kjære ti år gamle Andreas!»

 

Skuleåret 2016-2017 er såvidt i gong, og avisene er fulle av artiklar om mobbing og barneoppdragelse. Siste dagane har fjesbokinnlegget til Andreas Johnsen fått mykje merksemd. Innlegget er illustrert med eit skulebilde av han sjølv då han var 10 år gamal. Det startar slik:

«Kära 10 åriga Andreas. Du ska strax börja mellanstadiet. Du är nervös och vill egentligen inte gå tillbaka till skolan efter sommarlovet. Du är livrädd – för du vet att du kommer bli slagen.»

Svenske aviser skriv at Andreas si forteljing har berørt millionar – både barn og vaksne. I dag arbeider den no 33 år gamle svensken i organisasjonen Supermansprojektet, med førelesingar om diskriminering retta mot ungdom mellom 13 og 25 år. Kvart år møter han rundt 20.000 barn og unge på svenske skular. I arbeidet erfarer han at det framleis er like vanleg med mobbing og krenkingar på skulen. Han opplever ofte at barn tek kontakt og seier at han er den første vaksne dei fortel om sine mobbeopplevingar. Mobbing skjer ofte i det skjulte. Foreldre veit ikkje at det skjer, og på skulen vert det ikkje oppdaga. På skulane blir ofte mobboffer hengt ut som bråkemakarar. Dei får skulda for bråk utan at lærarane prøver å finne ut kva som ligg bakom, hevdar han.

Les også: Når læraren mobbar

I fjesbokinnlegget skriv han om gutar som slår han; om jenter som ler av tiåringen Andreas, om korleis redsla får han til å kaste opp; og om korleis Andreas gjer det han kan for å skjule mobbinga for lærarar og foreldre. Til nyheter24.se seier han at det er lenge sidan han har grine så mykje som då han skreiv dette innlegget.

Då Andreas voks på 1990-talet slapp han å vere redd for mobbing på sosiale medier. Han kunne gøyme seg bort og gråte utan at det plinga inn meldingar på mobilen, og utan å bli omtalt krenkande på sosiale medier. Dette er ein enorm tilleggsbelastning for dei som blir mobba i dag.

Han seier at vi som er foreldre i dag må våge å vise for barna kor lite vi veit om sosiale medier. Vi må våge å stille spørsmål til dei om dei sosiale mediene dei brukar. Vaksne har ei evne til å tenkje konsekvens som barn ofte manglar. Derfor er det foreldre sitt ansvar å lære barn kva som kan skje med eit bilde som blir publisert, og korleis det kan bli spreidd på nettet. Derimot kan barn mykje om til dømes Snapchat og Instagram – og der har foreldre ofte mykje å lære, avsluttar Andreas Johnsen.

Foreldre har også eit stort ansvar når det gjeld å førebyggje at barn blir mobbarar. Foreldre er alltid eit førebilete. Nokre foreldre er eit dårlegare førebilete enn andre. Kva skjer med barn som får kalle mora si ei «jævla fittemamma» utan at det får konsekvensar?  spør den svenske bloggaren Malin Meekatt Birgersson. Sjølv opplevde ho at ein seksåring på besøk kalla mora si akkurat dette utan at mora reagerte. Då Malin snakka til barnet og sa ho ikkje aksepterte slikt språk i sitt hus, reagerte mora med å avbryte vennskapet deira. Kva skjer med barn sine haldningar til andre dersom vi som foreldre ikkje reagerer på slikt? Kva skjer med kvinneynet til gutar som kan kalle mora si det styggaste dei kjem på utan nokon reaksjon? Birgersson meinar vi som vaksne også må reagere når andre sine barn brukar så grovt språk.

Kva skjer med barn som ropar til foreldre eller til medelevar at «eg skal drepa deg» dersom foreldre og lærarar bortforklarar språkbruken med at «ho meinte det ikkje»? Eller når dei normaliserer slike utsegn med at det er heilt vanleg at barn seier slikt? Eg kan ikkje hugse at nokon sa slikt då eg var barn. Eg trur ikkje det er mange no heller. Det har vore mykje fokus på mobbing siste åra. Men skulemiljøet blir ikkje betre før rektorar og lærarar innser at mobbing kan skje utan at dei ser det. Det er ikkje hjelp i at barn og foreldre seier frå om mobbing så lenge dei ikkje blir trudd av skulen. For mobbing skjer. Snakk med barna! Målet må vere mobbefrie skular, sjølv om det desverre ikkje finst.

Straffenivået er ikkje problemet!

Du meinar altså at staffenivået for valdtekt er for høgt, Harald Stabell? Du syns det er litt voldsomt å straffe nokon i tre-fire år når dei i vanvare i fylla har begått valdtekt, eller «eit samleie», som du kallar valdtekt. Du personifiserar problemet, Stabell. Problemet er ikkje straffenivået, men somme menn sitt kvinnesyn.

Eg hadde litt problem med å tru at du meinte det du sa på radioen for nokre dagar sidan. Det høyrdest ut som du syns synd i unge menn som blir dømt til tre års fengsel for eit samleie i fylla, som du uttrykte det. Det hadde visst vore synd i dei tre mennene som dopa ned og gruppevaldtok ei 18 år gamal jente dersom dei hadde blitt dømt til tre års fengsel. I byrjinga av livet deira, sa du. Det er noko du har misforstått her også, Stabell. Livet startar ikkje når ein er tretti, slik mennene i denne saka er. Livet startar minst tretti år før ein er tretti. Problemet er ikkje at valdtektsovergriparar blir straffa for hardt, problemet er mellom anna dei haldningane desse mennene har fått til kvinner då dei var barn! Problemet er manglande respekt for kvinner! Problemet er kanskje oppvekst og oppdragelse. Det er desse manglane som gjer menn til valdsmen og overgriparar. Ingen blir valdtektsmenn ved ein tilfeldigheit. Valdtekter kan ikkje unnskyldast med alkohol. Valdtekter kan aldri unnskyldast med at kvinna også var full. Du kan mulegvis synast synd på valdtektsmenn for at dei ikkje har blitt lært å ha respekt for andre sine grenser eller for å ha lært feil kvinnesyn i oppveksten. Men du kan ikkje unnskylde grove valdtekter. Straffenivået for slike kriminelle handlingar bør vere høgt. Det er ikkje straffenivået som er problemet. Problemet er manglande respekt og haldningar til kvinner. Det er trist at du ikkje forstår dette, Stabell. At nokre menn har eit sjukt kvinnesyn – om dei er valdtektsmenn, juristar eller meddommarar – kan ikkje brukast som argument for at straffa for overgrep mot kvinner ikkje skal vere streng.

Tre av meddommarane meinte at den unge kvinna, som taxisjåføren sa var «ute av denne verda», som berre babla, og som blei løfta ut av taxien som ein potetsekk og deretter gruppevaldteken i over ein time, ikkje blei valdteken, men hadde frivilleg sex. Det seier noko om kvinnesynet deira.

Ekspertar som har gjennomgått saka seier dommen er feil. Meddommarane ville ikkje dømme dei tre mennene som har begått så grove overgrep mot ei tenåringsjente, fordi strafferamma er for høg, seier du, Stabell. Eg trur ikkje det er problemet. Om kvinnesynet til desse meddommarane hadde vore normalt så hadde dei ikkje syns at 6-7 år var for mykje for ei så grov gruppevaldtekt. Strafferamma er ikkje problemet. Problemet er kvinnesynet; kvinnesynet til valdtektsmenn og kvinnesynet til enkelte advokatar og meddommarar. Det er eit deprimerande faktum.

Eg forstår godt at folk blir forbanna på overgrepsmennene og meddommarane som frikjende dei. Eg forstår godt at folk reagerar på at advokat Arne Seland kallar desse valdtekstforbrytarane «uskyldige gutter». Eg forstår ikkje definisjonen hans på uskuldig eller på gutar.

Dette innlegget er ikkje skrive for å støtte noka form for lynsjemobb mot valdtektsforbrytarane eller mot meddommarane som let dei gå fri. Å bli del av ein slik mobb er omtrent å gå ned på deira nivå. Men eg syns det er viktig at grove overgrep blir straffa strengt. Å ikkje straffe gruppevaldtekter fører til at fleire overgrep mot kvinner skjer. Kvinnesynet til mange fleire enn valdtektsforbrytarane og meddommarane i denne saka er skremmande. Og dei er med å forårsake fleire grove overgrep. Så lenge slikt kvinnesyn eksisterar bør ikkje meddommarar brukast i slike saker. Og så lenge slikt kvinnesyn eksisterar må norske foreldre skjerpe seg. Vi som foreldre har eit stort ansvar for å unngå at barn utviklar seg til valdtektsforbrytarar. Det ansvaret har også skulen.

Post Navigation