MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “september, 2016”

Normoppløysarane

Når eg skriv dette sit eg på eit hotellrom i Umeå i Sverige, på ein studietur med Tine. Ikkje for å sjå på korleis normer løyser seg opp, sjølvsagt. Men eg tenkte å skrive litt om det likevel, sidan eg er i det landet som er fremst i verda når det gjeld normkritikk.

Normkritikk går ut på å unnvike og setje spørsmål ved språklege og sosiale normer som kategoriserar menneske i normale og avvikande identitetar. Normkritisk pedagogikk blir brukt både i skule og barnehage, også her til lands. På svenske wickipedia står det at metoden fører med seg at songtekstar, forteljingar, leikar og undervisning snur på roller og kastar om på hierarki. Gutar lærer at det ikkje er sikkert at dei eigentleg er gutar, og jenter lærer at det ikkje er sikkert dei er jenter. Enkelte svenske normkritikarar hevdar at kjønn ikkje er fysisk. Dei seier det er ein sosial konstruksjon som vi må komme bort frå. Eg høyrde på radioen ein dag at dei også seier at kvinner ikkje lenger må finne seg i at det er dei som skal føde og amme barn. Eg kan godt kalle normkritikk dårskap, og eg kan skrive om dårskapen, men eg kan desverre ikkje stoppe normkritisk pedagogikk sitt inntog i barnehagar og skular.

Sverige er leiande i verda når det gjeld normkritikk, sa ein svenske til meg, og meinte det var lite å vere stolt av. Han hevda at normkritikarane, som kritiserer og stiller spørsmål ved alle normer, ikkje toler å få eit kritisk søkelys mot seg. Eg syns tematikken er spennande, og det kan godt hende eg kjem tilbake til dette i eit seinare innhogg. Ein av dei tinga normkritikarane har stilt spørsmål ved er korleis samfunnet har vore bygt rundt familien, som har vore ein av grunnsteinane i samfunnet vårt frå langt tilbake i tid. Barn treng ikkje ein far og ei mor, seier dei. Sex har ikkje noko med kjærleik å gjere, seier dei.

Så då er det kanskje ikkje så rart at vi har fått ein asyl- og innvandringspolitikk som i mindre grad tek omsyn til at konsekvensane mange gonger er at familiar blir skilde. Aviser på papir og på nett er fulle av artiklar om korleis norske styresmakter deler opp familiar. Det kan vere ei mor av utanlandsk opphav som vert send tilbake til krig og håpløyse med sine barn, og ein norsk far som blir igjen. Det kan vere ein far som har flykta frå krig og som har møtt ei norsk kvinne som han har fått barn med som blir sendt tilbake dit han flykta frå. Dette kan sjølvsagt vere ille for faren som blir send bort og kona eller kjæresten som blir igjen, men det er minst like ille for barna som blir farlause. Sjølv om normkritikarar meinar familen er ein konstruksjon vi ikkje treng. Og sjølv om normkritikarar seier barn ikkje treng ein far.

Nestekjærleik er ei gamal norm. Før var nestekjærleik noko som blei sett høgt. I dag har vi ein kristen innvandringsminister som har lagt heilt bort kristen nestekjærleik i ein politikk som ser ut til å handle om å vise minst muleg nestekjærleik til folk som flyktar frå krig. Kva skal vi seie til barna våre som har fått ein ny elev i klassen som saknar søsken som er drept i krig, og faren som norske styresmakter nektar å bli her, sjølv om barn og kone har fått opphald? Dette er spørsmål som gjeld alle som har barn i dag. Kor ærlege skal vei være når vi forklarar skilnaden på nestekjærleik og empati og på den måten flyktningar frå krig blir behandla i landet vårt? Eg meinar vi skal være heilt ærlege. For barna som får dette så nær innpå seg treng å vite at den kjensla dei får av offentleg urettferd er ei rett og sunn kjensle. Og så meinar eg at nordmenn, særleg kristne, må slutte å klappe for ein politikar og ein politikk som nesten er så langt frå kristen nestekjærleik som ein kan komme.

Advertisements

Post Navigation