MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “oktober, 2016”

Klovnar av ulikt slag

Dei siste dagane har det amerikanske fenomenet killer clowns spreidd seg utover Europa. Ungdommar kler seg som klovnar og går rundt og skremmer folk. I USA har trenden blitt brukt både av ungdommar og av ranarar og lokkemenn. No før halloween er det å få tak i skremmande klovnekostyme den enklaste tingen i verda. Det er berre å velja og vraka på leikebutikkar og bokhandlarar. Det eine kostymet meir skremmande enn det andre. «Løp å kjøp!»

Nei. Ikkje gjer det! Eg trur du såg på skrivemåten at dette var lånte ord.

Korfor blir folk så provosert av halloween-klovnar? Dei som kler seg som skremmeklovnar gjer berre det dei har gjort kvar haust sidan dei var barn. Og dei er stort sett van med applaus frå foreldre og samfunn. Både halloween-klovnar og den nye trenden med killer clowns kjem frå Amerika. Det eine fenomenet klappar vi til, det andre fenomenet får trugsel om politi og fengsel. Og det trass i at fenomena nesten er heilt like. Bortsett frå at halloween har ein fast dato. Korfor er vi så dobbeltmoralistiske? Det er ikkje rart om norsk ungdom ikkje forstår kva som er rett og gale når samfunnet rundt dei er så inkonsekvent.

stephen_king_it_blu-ray_nordic-38572061-frntlpaavpdqsbtggtmn4smxs

Bakgrunnen for killer clow-fenomenet skal vere frå ein Stephen King-roman frå 1986. 

Det finst klovnar i politikken også. Den største og mest kjente av dei kan bli vald til amerikansk president denne hausten. Sannsynlegvis blir han det, trur fleire politiske kommentatorar. Fordi alternativet til skremmeklovnen Trump er så mykje verre for mange amerikanske veljarar. Det er vel ein del politiske klovnar her i landet òg. Vi har det med å importere skikkar og fenomen frå Amerika. Eg skal ikkje peike på halloween-klovnar eller andre klovnar i norsk samfunn eller politikk. Dei peikar seg ut sjølve. Om eg peikar på dei hadde eg kanskje gjort meg til klovn sjølv. For kven vi oppfattar som politiske klovnar er farga av kva auge vi ser på dei med. Heldigvis er dei ikkje så mange, og ingen av dei er vel like skremmande som den store amerikanske next president killer clown.

Denne veka drukna alt anna i saka om at landslagslege Fredrik Bendiksen har gitt Johaug doping på leppa.»

Ein skal forresten vere forsiktig med å kalle folk klovn. Dersom det då ikkje er ein sirkusklovn, ein halloween-klovn eller folk som tilsynelatande gjer det dei kan for å bli oppfatta som klovnar. Som til dømes Donald, presidentkandidaten. Eller er han klovneaktig heilt ufrivilleg?

Torsdag denne veka drukna alt anna i saka om at landslagslege Fredrik Bendiksen har gitt Johaug doping på leppa. Landslagslegen gjekk frå stillinga si på dagen. No vil han likevel gjere kva han kan for at Johaug skal bli straffa mildast muleg. Det har han nok god motivasjon for. Han risikerer at Johaug, som var dum nok til å stole på han, blir stengt ute frå idretten i to sesongar. Det kan fort bli dyrt for Bendiksen om han blir erstatningsansvarleg. Eg syns forresten det er fint at folk stolar på andre. Synd at det ikkje alltid er så lurt.

På torsdag kom også kunngjeringa om at Bob Dylan er mottakar av Nobels litteraturpris for 2016. Songtekstane hans blir omtalt som noko av det beste frå engelskspråkleg poesi. Likevel klarar ein kritikar på Dagsnytt18 å lire av seg noko om at litteratur er som kunstløp, medan Bob Dylan ifylgje kritikaren driv med ishokky. Rett nok brukar dei skøyter i ishokky også, sa han. Han meinte visst at sjølv om Bob Dylan går like fint på skøyter som kunstløparar, så tel det ikkje sidan han også er ein dyktig artist. Eg skal vere forsiktig med å kalle folk klovn, sjølv om det av og til er freistande. Du må gjere som du vil. Eg seier heller: Gratulerer med prisen, Bob Dylan!

Teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 15.10.2016.

Advertisements

Post Navigation