MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “november, 2016”

President Trump og Europa

Media har i mange månader framstilt det nærmast som ei katastrofe for verda om Donald Trump skulle bli president. Det kan dei sjølvsagt få rett i, sjølv om same media etter valet har forsikra om at alt kjem til å gå bra likevel. Han kjem til å ha gode rådgjevarar rundt seg, forsikrar dei. Javel? Kven trur NRK skal plukke ut rådgjevarane til Trump? Det gjer han vel sjølv? Og frå valkampen veit vi at Trump ikkje held lenge på rådgjevarar som kritiserer han eller er usamde med han. Vi har sett at han har eit temperament han ikkje heilt kontrollerer, og eit kvinnesyn og menneskesyn som ingen politiske parti i Norveg vil identifisere seg med. Ikkje kvinnesynet i alle fall. Eit menneskesyn som byggjer på framandfrykt og framandhat ser vi desverre vekse seg fram i Europa også.

Media her til lands – og elles i Europa – har også framstilt det som heilt utenkjeleg at Trump kunne vinne over Clinton. Media har framstilt valkampen som ein kamp mellom vonde Trump og gode Clinton. Men amerikanske veljarar er altså delt på midten i sitt syn på kven som er den vonde og kven som er den gode av desse to. Amerikanske veljarar var leie av å bli styrt av ein politisk elite støtta av eit politisk korrekt massemedia. Dette ser vi også teikn på her i Europa. Det ga utslag i «Brexit-folkerøystinga». Sjølv var eg heilt sikker på både at Brexit ville skje og at Trump kom til å bli vald til president. Som EU-motstandar tykkjer eg det er spennande med Brexit. Når det gjeld presidentvalet i USA håpa eg at eg kom til å ta feil. Sjølv om Clinton ikkje hadde vore eit godt alternativ heller – uansett kva norsk og europeisk presse måtte meine. Ho var aldri så populær presidentkandidat for amerikanarar som ho var for europearar.

No er somme redde for verdsfreden. Og det kan det kanskje vere grunn til. Men spennande blir det å sjå korleis ein mann som ikkje toler å bli motsagt eller å tape kjem ut av det i møte med presidentar og statsleiarar rundt i verda. Uforutseieleg er eit ord som blir brukt om Trump. I valkampen blei han diagnostisert av norske psykologar som sosiopat og narsissist. Slik fjerndiagnostisering skal ein vere varsam med. Men det er lett å sjå korfor somme vil setje slike merke på Trump, og slik forklare han som ein farleg mann.

For snart fire år sidan publiserte Aftenposten ein kronikk forfatta av representantar for ein «europeisk intellektuell elite». Der åtvara dei mot oppløysingstilstandar, giftig berlusconisme og aukande populisme. Dei skriv at om ikkje noko blir gjort mot desse fenomena, så vil Europa visne bort. «Det er ikkje lenger berre ein hypotese, ei vag frykt, eit raudt flagg å vifte med opp i ansiktet på gjenstridige og motvillige europearar,» skriv dei. «Det er eit faktum.»

Kronikken Europa på dødsleiet var underteikna av Juan Luis Cebrián, Umberto Eco, Julia Kristeva og Salman Rushdie med fleire. Dei skriv om straumningar i Europa som vi ikkje ynskjer. Dei skriv at Europa ikkje er i krise – Europa er døyande.

Desse straumningane gjer seg ikkje berre gjeldande i Europa. I etterkant av presidentvalet i USA har media blitt kritisert for å ikkje oppfatte straumningane som førte til at «bølla» Trump blei valt til president. Den fire år gamle kronikken i Aftenposten åtvarar om kva som kan – og vil – skje dersom ikkje noko blir gjort. Eg skal ikkje påstå at dei får rett. Men med dei straumningane vi ser i dag, og med Trump som «verdas mektigaste» mann og med vaklande økonomi og klima, så ser eg ingen grunn til å ikkje vere budd på at kva som helst kan skje. Men eg har ikkje tenkt å gå rundt å vere redd.

Advertisements

Post Navigation