MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Tre ord om deg og nesten din

Då flyktningekrisa stod på som verst for eit år sidan fann Dag og Tid det upassande å trykke denne teksten. Tykkjer den framleis er passande eg.

MANN MED GREIP

Solidaritet

Ordet kjem frå Frankrike. På 1500-talet blei det brukt om ei gruppe sitt kollektive ansvar for gjelda til eit medlem i gruppa. For gruppa var samhald sterkare enn eigeninteresse. Så blei solidaritet eit politisk omgrep; ei kjensle av globalt samhald individ mellom. I dag er solidaritet meir avgrensa til samhald innan eiga gruppe, meir lik den opprinnelege definisjonen.

På papiret er desse orda utan liv. Det krevst menneske for å gi dei liv.

Narssisisme

Ordet kjem frå den greske myta om Narkissos, som forelska seg i sitt eige spegelbilde. I psykiatrien er det usemje om sjukleg narssisisme kan omtalast som personlegdomsavvik. Omgrepet fekk fornya interesse på slutten av 1900-talet av sosionomar som framheva vestleg kultur som sjølvnytande og empatilaus. Eit hovudtrekk med personlegdomsavvik er empatimangel. Men som desse sosionomane antydar kan rikdom og velstand også skape empatiløyse.

Nestekjærleik

Ordet er henta frå Bibelen. Du skal elska din neste som deg sjølv…

View original post 97 fleire ord

Single Post Navigation

Kommenter innlegget