Sogndal sine marionettar
Vi sit att med inntrykket av ei leiing som skadar tilsette systematisk. Denne leiinga har altså rådmann og politisk leiing i Sogndal kommune forsvart.
I spalta Innhogg i Sogn Avis 21.1. skreiv eg litt om Sogn barnevern, nettroll og administrativ leiing i Sogndal. Med bakgrunn i nye avdekkingar i Sogn Avis same dag og fleire tilbakemeldingar eg har fått etter innhogget sit eg att med nokre tankar eg ynskjer dela.
I mi einfald trudde eg alle forstod at eg ikkje kallar alle som stiller kritikk mot barnevernet nettroll. Med nettroll meinte eg slike som usakleg seier det styggaste dei kjem på i sin manglande sjølvkontroll. Som ho FrP-dama som kalla byråd Lan Marie Nguyen Berg i Oslo «eit fittetryne av ei vietnamesermegge». Nettroll flest forstår sannsynlegvis at det dei seier kan vere litt over kanten, i alle fall dagen derpå. Men denne FrP-dama står fram utan evne til å forstå tydinga av det ho sjølv skreiv. Ho gir skulda til trønderar flest for sin språkbruk og rasisme. Sidan morsslekta mi kjem frå Trøndelag opprører det meg. Men så forstår eg at det i tillegg til dei som blir nettroll fordi dei er sinte eller evneveike, kan vere somme som brukar sterke uttrykk i frustrasjon over at barnevernet har teke barna frå dei. Sjølvsagt forstår eg det.
Mange av tilbakemeldingane kjem frå Sogndal sine nabokommunar. Fleire av dei uttrykkjer mistillit til Sogndal kommune i denne saka. Og det er ein veksande mistillit som både politisk og administrativ leiing i Sogndal må ta på alvor. Somme seier rett ut at Sogndal per idag ikkje er eigna til å ha ansvar for Sogn barnevern.
Sogn Avis sin dokumentar 21.1. om tidlegare tilsette si oppleving av arbeidsmiljøet gir frysingar nedover ryggen på dei fleste av oss. Heile artikkelen er ei beskriving av ein eller fleire leiarpersonar som bryt ned mennesker rundt seg. Ord som narsissist blir brukt. Vi sit att med inntrykket av ei leiing som skadar tilsette systematisk. Denne leiinga har altså rådmann og politisk leiing i Sogndal kommune forsvart, og i tillegg gjort det dei kan for å skjule fakta som dei må ha forstått at Sogn Avis har sitte på. I denne saka har Sogn Avis levd opp til kåringa som «årets lokalavis» – ei slik avis lesarane fortener.
Dei som har kontakta meg set kanskje ord på det mange meinar. At somme politikarar i Sogndal i denne saka sprellar som marionettar kontrollert av eigen administrasjon. Det er i så fall omvendt demokrati. Med ein ressurssterk og på mange måtar flink rådmann nyttar det ikkje med svake politikarar. Då kan politikarane lett bli sjåande ut som marionettar. Nikkedokker. Sprellemenn. Eg har høyrt at kommunestyrerepresentantar skuldar på rådmannen. Som folkevalde er dei ikkje i posisjon til å gjere det. Det er dei som eventuelt gir han for mykje makt. Slik skal det ikkje vere. For Sogndal sitt rennomé som regionssenter treng kommunen at politikarane gjer dei grepa som trengst. Så snøggt som råd. Slik at tilliten til Sogn barnevern kan byggast opp igjen frå grunnen av. Og for å berge tilliten til Sogndal kommune.
Les også:
Om rådmann, nettroll og barnevern.