MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “februar, 2017”

Kriseførebuing à la Norveg

Svensk fjernsyn viste nyleg korleis Sverige er krisebudd. Etter ei veke i krise er det tomt for mat. Noko førebuingslager (på dansk heiter det beredskapslager) har dei ikkje lenger. Eg tvilar på at det er noko betre i Norveg. Her er også førebuingslager av mat borte. I Finland, der dei framleis har slike lager vil dei klare seg med mat omkring eit halvt år. Om dei då ikkje må takle ei flyktningebylgje med utsvelta svenskar og nordmenn.

13267699_784357488367279_67401438609375719_n

Direktoratet for samfunnssikkerheit og førebuing (DSB) har ei heilt anna røyndomsforståing. DSB ser ingen hendigar som kan gi høg risiko for norsk matforsyning. Dei legg nemleg til grunn at handelsstraumar ikkje blir påverka av krisesituasjonar. Det er så sjølvmotseiande at det ikkje ein gong kan bortforklarast som fylletull. Så kjære DSB, ikkje for å kverulere, men dersom handelsstraumane ikkje blir påverka av ei alvorleg hending, då er ikkje hendinga alvorleg nok til å bli definert som krise!

Nokre av krisesituasjonane DSB har vurdert er øydelagt infrastruktur, omfattande pandemi, atomulukke, samanbrot i finanssystem, terror mot transportsystem, bioterror og krig. Fordi vi er rike nok og fordi DSB forutset at handelsstraumane ikkje blir påverka, treng vi altså ikkje noko førebuingslager. Det er heilt uforståeleg at ikkje fleire journalistar stiller kritiske spørsmål til DSB sin tilsynelatande mangel på forståing av kva kriser er. Eg trur DSB eigentleg forstår at kriser påverkar handelsstraumar. Og då må journalistar stille spørsmål om korfor dei fører folk bak lyset når dei skriv rapportar om korleis Norveg er budd på kriser.

I Sverige har massemedia dei siste åra sett fokus på korleis landet er budd på kriser. Og Sverige er ærlege nok til å fortelje folk at kriser vil påverke handelsstraumar. At folk i alle fall bør ha mat nok sjølve til nokre dagar krise. Den svenske innanriksministeren innrømmer at det vart gjort ein alvorleg tabbe då dei tok bort førebuingslagra på 90-talet. Og han seier det tek tid å byggje opp igjen eit tilfredsstillande kriselager.

Og medan deler av norske medier set eit kritisk søkelys på korfor norske bønder ikkje maktar å produsere mat like effektivt og billeg som i andre land, så set svensk televisjon søkelys på korleis effektiviseringa av svensk landbruk påverkar både sjølvforsyningsgrad og korleis landet er krisebudd. I ein rapport frå Sveriges lantbruksuniversitet i Uppsala peikar dei på at ein konsekvens av meir effektiv matproduksjon er at svensk landbruksproduksjon kan bli sett heilt ut av bilde i ein krisesituasjon. Dersom diesel, kraftfôr og kunstgjødsel blir halvert vil matproduksjonen på konvensjonelle gardar bli halvert. Også på økologiske gardar vil produksjonen bli redusert. Om kriser skulle oppstå er det små, kunstgjødseluavhengige og kraftfôruavhengige som får minst avlingsnedgang. Når sjølvforsyningsgraden i dag er ned mot 40 % gjer det oss ekstra sårbare.

Eg høyrde nyleg landbruksminister Jon Georg Dale (Georg tyder forresten bonde, lærde eg av ein Georg prest i Sogn som er flau over å heite bonde) svare på eit spørsmål om økologisk landbruk. Han svara at han heller vil effektivisere norsk landbruk enn å tilretteleggje for eit økologisk landbruk som han veit ikkje gir nok mat til verda. Ifylgje landbruksuniversitetet i Uppsala er det svaret ikkje heilt rett i eit førebuingsperspektiv.

Jan Ivar Botnan i Forsvarets forskningsinstitutt har utarbeidd ein rapport om mattryggleik. Han seier historien har lært oss at kriser kjem til å komme, og at dei kjem som regel når ein minst ventar det, og viser til brev og avisoppslag berre veker før verdskrigane braut ut. Då uttalte samfunnstoppar seg om at det ikkje var anna enn fred å sjå i nær framtid. Men det var enkelte stemmer som åtvara. Winston Churchill var ein av dei stemmene. Han talte for døve øyre heilt til ei av dei største krisene i verdssoga var eit faktum.

Les også: Kva skal vi eta når økonomien kollapsar?

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 18. februar.

Advertisements

Du skal ikkje lamme i februar.

Men det gjorde ho. Sau 9004. Fødd våren 2009. Ganske gamal sau. Ho skulle eigentleg gå til slakt no. Var utsortert. Fordi eine mjølkekjertelen er øydelagt. I praksis betyr det at ho berre har ein spene som gir mjølk. Det kan bli i minste laget for to lam.

Så overraska 9004 og stod plutseleg med to lam rundt seg sist fredag. Ho må ha blitt para av eit værlam i utmarka i Mundalsdalen i sommar. Og no står ho i fjøsen og bryr seg ikkje mykje om eit av dei viktigaste boda for ein sau:

Du skal ikkje lamme om vinteren.

Ho bryr seg nesten berre om lamma sine. Og dessutan er det ingen bod for sauer, tenkjer ho sikkert. Det er bonden sitt bod, meinar nok ho, og det bør formulerast slik: Du må ikkje late sauene dine lamme om vinteren. Og det er ikkje 9004 sitt problem. Det er hennar store glede no om dagen.

lam2017febr3

lam2017febr1

To værlam. Det eine har fått litt råmjølk frå ku første dagane. Bilda lyg litt om kor stor plass dei har. Dei står i ein stall i ein hesteboks.

lam2017febr2

Post Navigation