MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “mars, 2017”

Tull om gran og gull og grøne skogar

Etter krigen blei det brukt store ressursar på granplanting i Norveg. Måla var høge. Kvart år i seksti år skulle 60.000 dekar plantast med gran. 27 millionar plantar kvart år. Alle skulle vere med på dugnaden. På 80-talet, då eg var elev på skulen i Fjærland, hadde skulen framleis skogdagar med granplanting. Og kvart år blei det naturlege økosystemet i beite og lauvskog på Vestlandet erstatta med granskog. Eit treslag som ikkje høyrer naturleg heime her. Vestlandsbøndene trudde det var ei investering for komande generasjonar. Skogentusiastane hevda bøndene ville doble inntekta om dei reduserte beitedyr og planta gran på beitemarkene. Skogen var banken som skulle gi rekordhøge renter. I dag veit vi kor feil dei tok. Etter å ha bandlagt og øydelagt beiteareal og den naturlege lauvskogen i seksti år er tømmerprisen ein brøkdel av kva den var då grana blei planta, medan kostnadane med granhogst er mangedobla.

Dagmar

Grøne skogar etter Dagmar.

Orkanen Dagmar julehelga 2011 øydela mykje gran. Også her hos meg. Granfelt som blei rydda og har gitt inntekter til skogsentreprenørar, sagbruk og fleire. Etterpå har eg fleire gonger vorte kontakta av skogeigarlag og kommune om at eg må plante gran på areala. Av ulike grunnar ynskjer eg ikkje det. Men det meinar kommunen dei kan påleggje meg. I forskrift om berekraftig skogbruk paragraf 8 står det at «dersom kommunen finn at forynginga ikkje er tilfredsstillande må kommunen vurdere om det er naudsynt å påleggje tiltak for å få tilfredsstillande forynging. Kommunen kan berre gi pålegg om å forynge med treslag som naturleg høyrer heime i området.»

Då kan de ikkje påleggje meg å plante gran, sa eg til skogeigarlaget, fylkesmannen og kommunen. Kommunen og skogeigarlaget bles i nasen og sa at det som står i paragraf 8 ikkje gjeld gran. Gran kan du plante kor som helst i landet, uansett om gran ikkje høyrer heime. Men kva er poenget med at lovgivande forsamling lagar ei lov som dei som skal administrere ho seier ikkje gjeld? spurde eg. Kommunen ba meg stille spørsmålet til fylkesmannen. Det gjorde eg. Først snakka eg med Merete Larsmon ved landbruksavdelinga. Eg sa eg har bruk for arealet til beitemark og at eg ville tilbakeføre arealet til slik det var før. Dessutan er det mykje hjort i Mundalsdalen, og dei øydelegg mykje av granplantane, sa eg. Då meinte Larsmon at hjorteproblemet kan løysast ved å plante til mykje større areal enn før. Etterpå snakka eg med Johannes Anonby i miljøvernavdelinga. Han meinte det er umuleg å tolke lova slik at kommunen kan påleggje å plante gran der gran ikkje høyrer naturleg heime. Kommunen svarte at eg ikkje kunne bruke mi private tolking av ei lov som argument. Men eg kunne søke om å få omdisponere arealet til beite.

Denne veka vart eg innkalla til eit møte med representant frå kommune og fylkesmann. På møtet opplevde eg at Larsmon har moderert seg litt frå sist eg snakka med henne. Å omdisponere til beite er no meir akseptabelt. Å føre areal tilbake til naturleg lauvskog er framleis ikkje greit. Fylkesmannen har eit «direktiv» frå Lars Peder Brekk om at gran skal plantast der gran blir hogge. Av omsyn til klimaet. Men er det så enkelt at ein kan løyse klimaproblem med å plante gran? Forskarane seier det kanskje ikkje er det. Jorda bitt meir karbon enn vegetasjonen. Kanskje blir jorda si evne til å binde karbon endra når ein plantar gran i lauvskog. Men klimaet er vel per i dag det beste argumentet for å halde fram med å bryte paragraf 8 i forskrift om berekraftig skogbruk?

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 18.3.2017

Innhogg20170318

Post Navigation