MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “mai, 2017”

Musikalitet i jordbruksforhandlingane

Musikalsk og enkel innføring i jordbruksforhandlingane (for dummies).

Bondeorganisasjonane var fulle av optimisme då dei la fram kravet i jordbruksforhandlingane. Stortinget hadde overkøyrt landbruksminister Jon Georg Dale si landbruksmelding, og sa mellom anna at inntektsgapet til andre samfunnsgrupper skulle reduserast. Etter forhandlingar på overtid seier bondeorganisasjonane dei ikkje klarte å oppnå ein avtale med staten som fører til at inntektsgapet til andre grupper minkar. Derfor braut dei forhandlingane og har gått til aksjonar.

Då landbruksorganisasjonane la fram sitt krav for nokre veker sidan, var kravet ein auke i årsinntekt på omlag 31.000 kroner. Dette er 15.000 meir enn prognosert lønnsauke for andre samfunnsgrupper i 2018. Dette meinte statens forhandlar, Leif Forsell, var umusikalsk.

Statistisk sentralbyrå gir kvart år ut tal som viser gjennomsnittleg inntekt for ulike grupper i samfunnet. På denne lista ligg mjølke- og husdyrprodusentar på 305.-plass med ei gjennomsnittleg årsinntekt i 2016 på 331.000 kroner. Det var ein auke i årsinntekt frå året før på 4.800 kroner. Leif Forsell, som tykkjer dette er umusikalsk, er sjølv leiar i offentleg administrasjon. Ifylgje statistikken har hans gruppe ei gjennomsnittleg årsinntekt på over ein million (1.092.000,-) kroner. Det var ein auke på 22.000,- frå 2015. Eg anar ikkje om Leif Forsell dreg opp gjennomsnittsinntekta til gruppa, eller om han dreg det ned. Men eg meir enn anar at han ikkje er særleg musikalsk.

mai17_1.jpg

For å gjere tala meir forståelege kan vi samanlikne med fleire grupper på lista. Bak mjølkebøndene er det ni grupper til. Fire av desse er også innanfor landbruket. Resten av plassane på botn tek kafé-, koisk- og bensinstasjon-tilsette. Alle andre grupper tenar meir. Grunnskulelærarar har ei gjennomsnittleg årsinntekt i 2016 på 513.600 kroner. Det var ein auke på 12.000 frå 2015. Journalistar tente 566.000 kroner i 2016. Det var ein auke på 13.000 frå året før. Politikarar tente 775.000 kroner i 2016. Det var ein auke på 35.000 frå året før, og eit avansement på lista frå 26. til 21.-plass.

Les heile statistikken over inntekta for alle samfunnsgrupper i Norveg her!

Korfor er så Forsell og Dale på den eine sida, og bondeorganisasjonane på den andre sida så usamde om desse faktatala? Når Forsell og Dale snakkar så unngår dei heilt å komme inn på inntekt og inntektsauke rekna i kroner og øre. Dei snakkar om prosentvis inntektsauke. Og alle forstår at om dei gruppene som tenar minst skal ha like mykje inntektsauke som dei som tenar meir, så blir prosentane høge. Slik prøver Forsell og Dale å framstille bøndene som kravstore når dei krev ein inntektsauke som berre tettar gapet til andre grupper litt. Forsell sine uttalar om umusikalitet blant bøndene blir nokså malplasserte. Det framstår som både sjølvmotseiiande og uintelligent når folk som ikkje har greie på musikk brukar manipulasjon og falske tonar for å bevise at andre er umusikalske.

mai17_3.jpg

Gamalnorsk spelsau med trillingar, mai 2017-

Dale snakkar om bøndene si gode inntektsutvikling siste åra. Bøndene hadde altså ein gjennomsnittleg inntektsauke på 4.800 kroner i fjor, medan politikarar hadde ein lønnsauke på rekordstore 35.000 kroner. Når Dale kommenterte brotet i jordbruksforhandlingane brukte han ein del tid på å snakke om bønder og vanlege folk. Han snakka forresten mest om vanlege folk. Det er vanlege folk som må betale for bøndene sine krav, sa han. Han ’forstår’ at bønder ikkje er vanlege folk. Vanlege folk ville vel ikkje arbeidd kvar kvar kveld og kvar helg heile året for landets dårlegaste løn? Kvifor gjer vi bønder det likevel? Ein kollega i Fjærland sa ein gong på eit møte at han verdset det å vere sin eigen herre til 200.000 kroner. Slik kom han opp i same inntekt som ein industriarbeidar, meinte han. Ikkje for å øydeleggje dette gode sitatet, men fridom betalar dessverre ikkje rekningar. Derfor er bondeaksjonane no heilt naudsynte.

Les også:

Kriseførebuing á la Norveg. (Sogn Avis 18.2.2017)

Bønder er ikkje vanlege folk. (Nationen 10.1.2017)

Advertisements

Verste sort mobbing?

Elevundersøkinga for skuleåret 2015/16 er nyleg offentleggjort. Den viser at 5,5 prosent av norske elevar blir mobba av andre elevar. I tillegg blir 1,8 prosent utsett for mobbing frå vaksne på skulen. Sannsynlegvis er det mørketal. Erfaring viser at barn som blir mobba skjuler det heller enn å innrømme det.

Eg har sikkert skrive om mobbing før. Temaet er så viktig at det må gjentakast. Barna våre er det viktigaste vi har. Dagsrevyen viste nyleg ei mobbesak frå Nordfjordeid. Foreldre i fleire mobbesaker på skulen opplevde at rektor ikkje gjorde noko. Rektor meinte at mobbing ikkje var noko problem, og at det ikkje var behov for å gjere tiltak. Det sa han til foreldre med barn som hadde sagt at mobbinga gjorde at dei ikkje orka å leve meir. Og dessverre tek barn sjølvmord pga mobbing. Ifylgje organisasjonar som hjelper unge mobboffer er det eit problem at skular og skuleleiing ikkje ser, eller ikkje vil vedgå, at det skjer mobbing på deira skule. Men dei veit det skjer på alle andre skular. Fornekting er ein viktig årsak til at mobbing får halde fram. Mobbefrie skular eksisterar ikkje. Når nokon seier noko anna må foreldre vere på vakt.

Når vaksne oppfører seg slik kan vi ikkje lukke augene og tru at mobbefrie skular eksisterer.

Elevundersøkinga viser at trivselsfylket Sogn og Fjordane er omlag på landssnittet. Men fleire kommunar i Sogn ligg over snittet. Luster, Sogndal og Leikanger ligg mellom 7,4 og 10 prosent på trinn 7. Det betyr at opp mot 10 prosent blir utsett for gjentakande vondsinna åtferd av medelevar. Utan at vaksne grip inn og stoppar det. Tala for kor mange i kvar kommune som blir mobba av lærarar er ikkje offentleg. Det burde det vore. Uansett er tala høge. I Luster, Sogndal og Leikanger er tala for trinn 10 mykje lågare. Kan det vere slik at større skular (ungdomsskulane) har større fokus på og mindre problem med mobbing enn dei mindre skulane?

På eit foreldremøte eg deltok på nyleg var politi tilstade og snakka om mobbing. Ei av dei verste formene for mobbing er å oversjå folk, sa ho. Å gå rett forbi folk som om dei ikkje eksisterer. Å snu seg bort når nokon seier hei. Det kan vere vondare enn mange stygge kommentarar. Om folk får kommentarar så eksisterer dei i det minste. Å bli bevisst oversett, stengt heilt ute, er ei verre form for mobbing enn grove kommentarar. Sjølvsagt kan alle ein gong gå forbi nokon i eigne tankar utan å sjå folk. Men politidama snakka om gjentakande, bevisst utestenging. Kanskje den verste forma for mobbing.

Ofte er ikkje vaksne betre enn barn. Somme vaksne gjer det vi andre prøver lære barna at dei ikkje skal gjere. Eg har høyrt vaksne snakke respektlaust, stygt og nedlatande om folk dei ikkje likar, medan det er barn tilstade. Siste 5-6 åra har eg sjølv opplevd at somme ikkje helser tilbake, men stirrar på eit punkt bak nakken som om ein ikkje eksisterer. Etter at eg smiler og seier hei. Å bli behandla som ein ikkje eksisterer kan vere spesielt vondt og øydeleggjande for barn. Hat er meir skadeleg for den som hatar enn den som blir hata, skal ein klok person ein gong ha sagt. Men det kjennest ikkje slik for den som blir hata. Eller for mobbeoffer.

Sjølv har eg etter kvart komme til at når ein smiler og seier hei til folk, og dei lest som du ikkje er der, så er det ikkje mitt problem. Men det har teke lang tid. Eg ynkjer å vere venner med alle. Når eg smiler til folk og seier hei, så meinar eg berre å vere hyggjeleg. Om folk oppfattar det som ein provokasjon så er det ikkje mitt problem. Når vaksne oppfører seg slik kan vi ikkje lukke augene og tru at mobbefrie skular eksisterer.

Les også: Når læraren mobbar

Post Navigation