MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “august, 2017”

Tenk om Donald bommar på Kim?

Tenk om Kim Jong-un kastar ein snøball mot Donald Trump og treff han på eit ømt punkt. Tenk om Donald i sinne prøver å kaste ein snøball tilbake mot Kim, og ikkje får det til. Han prøver, men klarar det ikkje. Tenk om ting ikkje går slik som vi trur.

DonaldPrump

Eg hugsar då eg var barn, då vi ikkje hadde høyrt om smarttelefonar, iPadder eller andre dingsar som kunne koplast til heile verda via ein verdsvev. Då fann vi på andre leikar. Nokre av leikane vi leikte var krigsleikar. Ganske uskuldige kanskje, samanlikna med krigsspela mange barn spelar i dag. Om sommaren kriga vi i skogen utkledd som indianar eller cowboy – alt etter kva lag vi var på. Om vinteren bygde vi borger og hadde snøballkrig. Fiendskapen var ein alvorsmeint leik. Som hemmeleg våpen brukte vi vatn til å ise snøballane. Eg hugsar ikkje lenger kven som vann krigane. Eg hugsar berre at vi hadde det moro med krigsleikar då vi var barn.

No spelar Donald og Kim krigsspel med ’heile verda’. Vladimir er med på leiken. Akkurat no er han litt på defansiven pga den harde ordbruken mellom Donald og Kim. Det likar han sjølvsagt ikkje. Slik spelet er har han potensiale til å påverke utfallet mellom Donald og Kim. Korleis har vi inga oversikt over. Både Kim og Vladimir har vist verda at dei kan meistre det å legge digitale hinder mot Donald. Donald brukar sterke ord mot Kim om ’eld og raseri som verda ikkje har sett før’. På NRK seier dei at ikkje nokon president har brukt slike ord før. Men Harry (Truman) brukte omtrent same orda før han ga ordre om å atombombe Japan. Elden og raseriet frå den tida sine atombomber har verda sett. Donald truar med noko som er verre enn det verda har sett før.

verdenskart

Donald og Kim og Vladimir spelar krigsspel med heile verda som spelebrett.

Barna Kim og Donald ser på stillinga på spelebrettet og seier dei har hemmelege våpen, verre enn verda har sett før. I sitt ovmot meinar begge at dei kan vinne dette krigsspelet medan Vladimir står og ser på. Men Vladimir vil også vinne.

Donald stolar på sin overlegne militærmakt. Kim er ikkje i nærleiken. Det veit vi. Det veit dei. Det veit alle. Men vi veit også at Kim har testa program for å sette digitale system ut av spel. Løysepengeviruset som ramma verda vart spora tilbake til Kim. Kva om Kim sender ein snøball mot Donald, pluss eit virus som set Donald ut av spel? Tenk så om Donald i sinne prøver å kaste ein snøball tilbake mot Kim, og ikkje får det til. Han prøver, men klarar det ikkje. Då endrar spelet seg. Både for Donald og for alle andre.

Dette er dessverre ikkje ein snøballkrig. Kanskje det ikkje blir meir enn ein ordkrig. Men kanskje er det eit krigsspel på fullt alvor. Der heile verda er spelebrett.

Trafik-ku-kultur

For to veker sidan skulle eg som snarast til Sogndal ein tur. Det blei ein lang biltur. Rett etter vi var komne ut på rv. 5 tok vi igjen nokre syklistar. På ein lang strekning utan møtande trafikk kom vi oss forbi, og køyrde etter fartsgrensa inn i Bergstunnelen. Plutseleg var dei ei gruppe syklistar framfor oss igjen. Heldigvis såg vi dei før vi var heilt oppe på bakhjulet deira. Dei var ikkje så lette å få auga på då det kom bilar mot og syklistane verken hadde lykter eller refleksvestar. Opp resten av Bergstunnelen gjekk trafikken i 10-20 km/t bak syklistane. På Berge er det forbikøyringsfil, og syklistane passa på å legge seg slik at bilkøen ikkje kom forbi. Ein bil brukte hornet. Då fekk han fingeren frå ein syklist.

forbudt_gaende_syklende

Ein bil brukte hornet. Då fekk han fingeren frå ein syklist.

Opp gjennom Frudalstunnelen hadde vi god tid i bilen både til å ergre oss og til å diskutere om dette var nokre uvitande turistar eller om det var nokre som for moro hadde lagt treningsturen opp gjennom tunnelane og gitt blaffen i forbodsskilt og faren dei utsette seg sjølve og andre for. Det var ikkje noko som tyda på at det var ein organisert aktivitet, då det verken var skilting om at det pågjekk sykkelritt eller ledebilar. Det første teiknet på at det likevel kunne vere eit arrangement fekk vi på slutten av Frudalstunnelen, der det var eit lite skilt om kor mange kilometer det var til ’finish’.

Rett utanfor tunnelen i Sogndalsdalen var det eit stort banner på vegskuldra med påskrifta ’Viking tour’. Etter å ha vore vitne til farlege forbikøyringar og det eg oppfatta som nestenulukker inne i tunnelen slo det meg at eg tvilar på om vikingar hadde vore så dumme at dei utsette seg for så stor fare berre for moro. Dei sloss og drap kvarandre, ja, men då handla det om ære og hevn – eller om kvinnfolk. Dei hadde ikkje vore dumme nok til å sykle inn i tunnelar utan lys og refleksvestar. Det kan eg sjølvsagt ikkje bevise. Kanskje for kvinnfolk. Men det var ikkje tunnelar den gongen. Ikkje bilar heller. Eller syklar.

Kyr viser i alle fall ikkje fingeren til irriterte bilistar.

I eit innhogg for mange år sidan skreiv eg ein parodi på Jan Erik Vold sitt dikt ’kulturuke’. Eg når sjølvsagt ikkje opp til Jan Erik Vold verken når det gjeld å skrive eller å framføre dikt. ’Trafik-ku-kultur’ blei slik:

trafikkultur – urtrafikkult – kulturtrafikk – ikkulturtraf – fikkulturtra – turtrakulfik – kulturtrafikku – kukulturtrafik – ukulturtrafikk – kukulturtrafik – trafikk-ku-kultur – trafikkukultur

Og når eg tenkjer på det, så er vel ikkje trafikkulturen til kua særleg dårlegare enn somme folk sin. Kyr viser i alle fall ikkje fingeren til irriterte bilistar. Om Viking tour kunne ein etterpå lese at dei hadde fått løyve til å gjennomføre rittet, med krav om god merking. Om det hadde vore gjort, og syklistane i tillegg hadde hatt syklar lovleg utstyrt med lys, så trur eg mange farlege forbikøyringar hadde vore unngått. Då trur eg fleire av bilistane hadde køyrt meir omsynsfullt. No blei bilistane irriterte over det dei oppfatta som ulovleg sykling. Politiet mottok mange telefonar frå bilistar som reagerte sterkt, skriv Firda. Dei stoppa rittet før målgang. Rittansvarleg Geir Ellingsen gir skulda til syklistane, som ikkje brukte lys og refleksar. At løpet var dårleg merka og at det ikkje var ledebilar med, unngår han å kommentere. Det er mange vegar i Norveg som eignar seg til sykling. For klimaet er sykling bra. Derfor er det ekstra trist at eit sykkelritt blir arrangert slik at det aukar konfliktnivået mellom bilistar og syklistar. Ha ei trafikktrygg helg!

Denne teksten var trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 12. august 2017

Post Navigation