MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “oktober, 2017”

Kva er nestekjærleik, Sylvi Listhaug?

Å ha vore i Birkenau og sett kva som skjedde er forpliktande.

I ei verd der flaumar og jordskjelv og terror ikkje berre skjer av og til langt borte, er det lett å gløyma menneska bak nyhenda. Vi må ikkje gløyme solidariteten og nestekjærleiken. Desse to viktige omgrepa som ofte blir forveksla. Sylvi Listhaug blei spurt i eit intervju kva nestekjærleik betyr for henne i flyktningepolitikken. For meg betyr det å hjelpe flest muleg der dei er, svarte innvandringsministeren. Då får ein mest igjen for pengane.

Ingen er vel usamde i at ein må prøve å hjelpe flyktningane så nær heimen deira som råd. Ikkje berre av økonomiske årsaker. Men å hjelpe flest muleg lengst muleg borte er ikkje nestekjærleik. Det er betre dekka av ’solidaritet’. Solidaritet handlar enkelt sagt om fellesskap til og med små eller større grupper. Det inneber å gi avkall på eigeninteresse for å skape kollektive verdiar for fleire. I Romarriket var solidaritet ei forplikting der kvar enkelt individ borga for heilheiten (solidum). Solidaritet blir ofte brukt om den rike verda sitt forhold til fattige land.

Nestekjærleik skil seg frå solidaritet på den måten at fokuset er på enkeltindividet: Omsorg og ansvar for eitkvart medmenneske utan omsyn til religion, kjønn eller politiske standpunkt. Eit av topptreffa når eg googla nestekjærleik var eit sitat frå eit brev i Bibelen skrive av ein namnebror av meg: «Men den som har jordisk gods og likevel lèt att hjartet sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg? Mine born, lat oss elska, ikkje med tomme ord, men i gjerning og sanning!»

Tre ord om deg og nesten din

Å seie at ein vil hjelpe flest muleg langt borte, og så redusere pengar til bistand, er å elska med tomme ord. Å skilje familiar frå kvarandre og sende ein far eller ei mor til krigsråka land er ikkje nestekjærleik. Å nekte å tru på dokumentasjon om at ei kvinne er dømt til pisking i Iran og sende henne tilbake til tortur er ikkje nestekjærleik. Å ha Europarekord i kor mange unge flyktningar ein sender tilbake til Afghanistan er ikkje nestekjærleik. Norske nordmenn blir på det sterkaste fråråda å reise til Afghanistan. Flyktningar Norveg har utvist har ifylgje Amnesty blitt drept etter dei blei sendt til Afghanistan. På den høgreekstreme, innvandrarhatande nettsida dokument.no blir Sylvi Listhaug hylla for at ho, som dei skriv, ikkje viser kjensler i desse sakene.

Det burde vere eit varselskot for norske politikarar når skandinaviske nazistar hyllar Frp og Listhaug for måten regjeringa behandlar flyktningar på.

Eg var nyleg med tiandeklassingane i Sogndal til dei tyske utryddingsleirane i Auschwitz og Birkenau i Polen. Der fekk vi møte tidsvitnet Arne Eilertsen, 85 år og sylskarp i sin kritikk av den framandfrykten som veks fram i Europa i dag. Det var den same framandfrykten og hatet som på 1930-talet var forutsetnaden for nazistane sin framvekst, som resulterte i utrydding av 6 millionar jødar, i tillegg til store mengder sigøynerar og funksjonshemma. Eg meinar ikkje på nokon måte å skulde Frp eller Listhaug for å vere nazistar. Det er dei ikkje. Men nazismen er på framvekst igjen i Europa i dag, og det burde vere eit varselskot for norske politikarar når skandinaviske nazistar hyllar Frp og Listhaug på facebook og kommentarfelt.

IMG_5603 (2)

Den norske minnesteinen i Birkenau: «La alltid dette sted være et rop av fortvilelse og et varsel til menneskeheten hvor nazistene myrdet omkring halvannen million menn, kvinner og barn, hovedsakleg jøder fra flere land i Europa.»

NRK hadde denne veka sak om ungdommar som har vore på tur til Birkenau, verdas største gravplass, og sett dokumentasjonane nazistane sjølve gjorde på utryddingane av jødar. Etter dei vel var heime igjen fekk dei brev frå norske nazistar med ’bevis’ på at jødeutryddingane aldri har skjedd. Dette blei opplevd som skremmande av dei som mottok breva. Vi må gjere det vi kan for å stoppe slike krefter, var vårt tidsvitne Arne Eilertsen si oppmoding til dagens ungdom. Sei tydeleg frå når nokon prøver å nekte for nazistane sine utryddingsleirar! Å ha vore i Birkenau og sett kva som skjedde er forpliktande.

Les også:

1200px-Nasjonal_Samling_insignia.svg    Nynazistar får ikkje skrive på fb-veggen min meir!

Solidaritet og nestekjærleik – to ulike menneskesyn

Advertisements

Post Navigation