MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “november, 2017”

Om det var eit hol i golvet

I det siste har barn som blir mobba av barn på skulen vore mykje i media. Elevundersøkingar viser at lærarar som mobbar også er eit stort porobelm. Under fylgjer ei oppdikta forteljing om mobbing, og kva konsekvensar mobbing kan få. Lærarar som mobbar kan utan å vite det vere direkte årsak til at elevar ikkje orkar meir.

IMG_5670

Dei stod midt på golvet og krangla, Petter og Ingrid. Han hugsar ikkje lenger korfor, eller kven som hadde starta krangelen. Men no var alle dei andre selskapslydane borte, og gjestene stirra på dei. Kva ventar dei på? tenkte han. At eg skal tabbe meg ut igjen? I det same mista han glaset ut av handa, og det blei knust mot golvet.

Så kom latteren. Den kom frå andleta langs veggane, den kom frå sjølve rommet, frå veggar og tak, frå tidlegare selskap, den kom frå eit rom inne i han sjølv, kom frå barndommen og tok han igjen. Då såg han holet i golvet. Det hadde berre gått nokre sekund, og det hadde opna seg eit hol i golvet der glaset blei knust. Han fall ned gjennom holet, innover seg sjølv, fall tilbake til barndommen.

Latteren kom frå tjue pultar og eit kateter, frå tjue elevar og læraren bak kateteret. Han var tolv år igjen, og var ein av dei tjue som lo. Han hugsa det som det var i går. Lena bak den tjueførste pulten lo ikkje. Det var henne dei lo av. Petter ville rope til Hesten, den leande læraren, at latteren kjem til å ta livet av Lena, og det er din feil, Hesten! Men han fekk ikkje fram anna enn lått.

Det var historietime, og dei hadde høgtlesing om svartedauden. Det var Petter sin tur å lese, og han skulle lese om pesten som herja innnover landet. – Og presten herja vidare innover landet, las han.

Då kom latteren igjen, frå 19 elevar som hadde fått den underhaldninga dei trengte, og frå Hesten i form av lange, stygge vrinsk. Petter såg på Lena, ville ho også skulle le, men ho lo ikkje. Lena lo aldri. Ho sat berre bak pulten sin og såg stygg og trist ut. Dei andre såg kor Petter hadde auga, og ropa hånord om dei to taparane.

Petter gret og såg på Lena. Ho såg berre meir ulukkeleg ut, men ikkje styggare. Petter ville bort derifrå. Han ville at golvet skulle opne seg under han, ville at dette endeleg skulle ta slutt. Han ville aldri meir sjå opp og møte dei spottande andleta. Og golvet opna seg under han, og han blei dregen ned i djupet.

Han høyrde Lena rope Slutt å le! Så blei det stille og mørkt. Er det slutt no? tenkte han, er dette døden? Han snudde seg, og såg nokon stirre mot han. Det var ein hovudskalle, ein vakker hovudskalle som smilte mot han med kvite, fine tenner. Så vakre tenner, tenkte han. Så vakker du har vore, så vakkert smil. Og han forstod det var Lena som smilte til han. Han bøygde hovudet og gret. Han var ikkje trist eller redd. Det var fint å sjå Lena smile. Han hadde ikkje sett henne smile før. Det var synd, for ho hadde så vakre tenner.

Han tenkte på Lena då ho var femten. Han tenkte på klassefesten den våren, siste gongen dei hadde ledd av henne, Hesten og medelevane. Neste dag hadde ikkje Lena vakna. Mora prøvde å vekke henne, men Lena vakna aldri meir.

Det kjendest som han blei dregen oppover, og så stod han på golvet saman med Ingrid og såg den raude flekken der glaset hadde møtt golvteppet. Han såg på Ingrid, som han hadde diskutert med, og visste saka ikkje var verd ein krangel. – Tilgi meg, sa han.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 17. sept. 2011

Advertisements

Mot til å glede-dagen 2017

23. november var Mot til å glede-dagen 2017. Dette blei markert på skular i heile landet. Sjølv fekk eg verre med på eit flott arrangement på Kvåle skule i Sogndal. Mot til å glede-dagen set fokus på å møte folk på ein positiv måte. Det skal så lite til for å oppmuntre andre, er som eit motto.

BBF0EB3A-D492-4A0A-ADD6-CAE20C1EB977

Arrangementet på Kvåle viser ungdom som tek dette på alvor. Men vi veit at ikkje alt er bra i norsk skule. Teksten som fylgjer blei publisert første gong i 2014:

Norsk skule er sikkert i det store og heile bra, men mange elevar lever under sterkt press for å oppnå gode karakterar, og i tillegg ofte eit press på utsjånad og popularitet. Presset om å prestere i skulefag kan komme frå både skule og foreldre. Dette presset er sjølvsagt ikkje med på å auke prestasjonane til barna, ofte tvert imot. Og jaget etter prestasjonar kan nokre gonger skjule andre alvorlege problem, som mobbing.

FLEIRE UNDERSØKINGAR viser at mange elevar seier dei blir mobba på skulen. Men få skular innrømmer at dei har problem med mobbing på sin skule. Mobbing som skjer ope er lett å ta tak i, men skjult mobbing er… skjult. Mobbe-omgrepet har kanskje endra seg, og noko av det barn seier dei opplever som mobbing, kan vere uskuldig erting.

Ei eg kjenner, lat oss kalle henne Une, gjekk ein gong forbi skulen der sonen hennar var elev. Det var friminutt og elevane var ute og leika. Men ikkje alle leika. Ein gjeng større barn banka eit mindre barn. Fleire barn var over den vesle guten som gråt og ropa om hjelp. Ved sidan av stod ein lærar og flira. Une sprang inn på skuleplassen og fekk drege bort dei større gutane, og frigjort offeret. Det var ikkje hennar barn, men ho såg det som si sjølvsagte plikt å hjelpe. Kva skjedde så? Jau, læraren som hadde sett heile opptrinnet blei rasande på ho som greip inn. Ho hadde ikkje noko med dette å gjere, meinte han. Det var berre leik, sa han. Men slik hadde det ikkje sett ut for Une. For henne såg det heilt klart ut som vald mot eit hjelpelaust barn. Une fortel at etterpå blei ho hengt ut av denne læraren. Une såg eit mobboffer. Skulen sa dei ikkje har noko mobbe-problem.

FYLGJANDE HISTORIE KJEM frå ein anna barneskule i ein norsk by. Ein gut blei mobba av elevar som kom frå ein vidaregåande skule for å selje narkotika i friminutta. Faren til mobbofferet tok opp problemet med rektor. Rektor nekta for at dei hadde slike problem. Då sa faren at han var politimann, og at han kom til å patruljere utanfor skulen til problemet var løyst. – Har du lov til det då? spurde rektoren, og gav uttrykk for at ho ikkje ville ha noko av slikt som kunne setje skulen sitt rykte i fare. Kanskje det var sant at faren var politi, kanskje det var ein falsk politiuniform; men sjølve hendinga skal ha skjedd. Ein gong ringde guten til sin far og fortalde at mobbarane var på veg inn i skulegarden. Faren kom dit i uniform akkurat då dei store gutane plaga sonen. Kjelda mi fortel at narko-seljarane blei rista, og at både narkotikasalet i skulegarden og mobbinga av denne guten tok slutt. Det som ikkje tok slutt etterpå var rektoren sitt hat mot denne mannen som hadde “skada skulen sitt rykte” i byen.

«Usynleg mobbing» frå medelevar eller frå lærarar må alltid ha eit fokus på alle nivå. Heldigvis er det ikkje så mange lærarar eller rektorar som dei frå dei to døma over. Men det skal ikkje så mange til heller før det er eit alvorleg problem for dei elevane det gjeld. For å unngå slike episodar og for å avdekke skjult mobbing bør det innførast eit obligatorisk fag om dette på alle lærarhøgskular. Det er kanskje viktigare enn at lærarskulestudentar skal ha minst karakteren 4 i fag som mattematikk og norsk.

Denne teksten var trykt som innhogg i Sogn Avis laurdag i september 2014. Etterpå blei eg kontakta frå fleire som fortalde om barn som blei mobba og som opplevde at skule og rektor ikkje tok problemet på alvor. Dessverre er dette problemet like aktuelt no tre år etter denne teksten blei skrive.

Dei tunne grensene mellom framandhat og nynazisme.

Det er kanskje provoserande å sei at grensene mellom framandhat og nazisme er hårtunne. Eller gråe. Men grensene mellom politisk korrektheit og rasisme er heller ikkje så skarpe som før. Verda er ikkje svart eller kvit. Ikkje vond eller god. Den er full av gråtonar, har vi lært. Men er det eigentleg sant?

Eg har ikkje til hensikt å sei at framandhat er lik rasisme, eller at rasisme er det same som nazisme. Men eg meinar det er viktig å setje lyset på der det er gråtonar eller mørkre. Sjølv om grensene mellom godt og vondt blir viska bort til gråtonar, må vi snakke om kva som er godt og kva som er vondt. Vi må setje på lyset, for då har gråtonane og mørkret tapt.

studentersamfundet 730

I haust var eg på Polen-tur saman med omlag 75 tiandeklassingar og nesten like mange foreldre. Besøket på Auschwitz og Birkenau, verdas største gravplass, gjorde inntrykk. Der drepte nazistane 1,5 millionar menn, kvinner og barn, for det meste jødar, frå heile Europa. Over sytti år etter nazistane sin største og mest effektive utryddingsleir blei frigjeve av sovjetiske styrkar kan ein framleis fornemme lukta av oske. I 1944 blei det gassa og brent 9000 enkeltpersonar kvar dag. Seks store bål blei brukt til å brenne lika, for kapasiteten på dei fem krematoria var ikkje stor nok.

Ved Auschwitz møtte vi tidsvitnet Arne Eilertsen, 85 år. Han var imponerande klår og skarp i hovudet, og sylskarp i sin kritikk av framandfrykten og nynazismen som veks fram i Europa i dag. Det same framandhatet som veks fram i dag var forutsetnaden for nazismen sin framvekst på 1930-talet. Eilertsen sa at nynazistane ikkje burde få lov å marsjere på gater i Norveg, slik dei har gjort fleire gonger. Slik vi kunne lese i norske nettaviser at dei fekk gjere nokre dagar etter vi hadde vore på Auschwitz.

Berre denne hausten har det vore fleire saker om nynazisme og framandhat i nyheitene som vekker avsky. I Oslo har kommunen anmeldt grove truslar og sjikane mot byråd Lan Marie Nguyen Berg. I Trondheim blei det arrangert fest med nazi-tema på Studentersamfundet. På NRK radio høyrde eg dette grove, usmaklege arrangementet bli forsvart av Studentersamfundet som at dette berre var humor og ein fest med temaet politisk ukorrektheit. Ifylgje leiar i Studentersamfundet,Tale Bærland, tykte dei fleste dette var eit morsomt tema. Berre ein håndfull personar hadde gitt tilbakemelding om at dei reagerte. Når ein har politisk ukorrektheit som tema, er det lett å gå over streken, seier Bærland. Styret i Studentersamfundet beklagar søndag kveld at nokon blei støytt av arrangementet. I kommentarfeltet får dei kritikk frå fleire for ikkje å legge seg flate og beklage arrangementet. Ein tidlegare medlem skriv:

Denne posten gjør meg bare trist. Her hadde dere mulighet til å stå opp som ledere etter det jeg glatt kaller en skandale, og så serverer dere verdens flaueste unnskyldning. Å beklage at noen har blitt støtt er ingen beklagelse.

Korfor tek vi ikkje, som nasjon, eit skikkeleg oppgjer med nynazismen? Korfor let vi dei få vekse seg større i ytringsfridommen sitt namn? Kan noko av forklaringa vere at grensene mellom framandfrykt, framandhat, rasisme og nazisme er viska bort til gråtonar, nokre gonger med innslag av brunt? Gråtonane mellom høgreekstremisme, nynazisme og dagens innvandringspolitikk er heller ikkje så tydelege. Leiar i Studentersamfundet seier det slik: Det er lett å gå over streken i temaet politisk ukorrektheit.

For grensene er i gråtoneland. Grenselina mellom politisk korrektheit og rasisme/antisemittisme er hårtunn. Derfor kan slike hendingar som skjedde i Trondheim skje. Utan konsekvensar for verken Studentersamfunds-styret eller dei som praktisk arrangerte vondskapen. For nazismen er dårleg eigna til humor. I alle fall for eit Studentersamfund som organiserer framtidas intellektuelle og politiske leiarar. Særleg når kunnskapen om nazismen tilsynelatande manglar. Og når respekten for historien og menneske er fråverande. Og når ein går rundt med eit visum med bilde av Hitler og drikk drinkar som heiter ’Mein Kampf’, ’Blücher’ eller ’Auschwitz’, då er ein forhåpentleg (og mest truleg) berre dum og medvitslaus, ikkje nynazist. Men for sikkerheits skuld bør hendinga granskast av norsk politi, og personane bak arrangementet kartleggjast og registrerast. For det er vanskeleg å tru at idéen kjem frå dumme og medvitslause. Eg trur ikkje nokon av tiandeklassingane eg var på tur med, etter å ha vitja Birkenau og høyrt tidsvitnet Arne Eilertsen, ville vore med å laga eit slikt arrangement. Men eg veit at når grensene mellom godt og vondt blir utviska til gråtonenyansar, så kan folk som i utgangspunktet vil godt, hamne på feil side av hårtunne grenser. Og då kan dei bli farlege.

Les også: Nynazistar får ikkje skrive på fb-veggen min meir!

MANN MED GREIP PÅ FB

Denne bloggen har ei eiga fb-gruppe. Her kan du fylgje med når det blir publisert nye blogginnlegg eller tidlegare blogginnlegg som er aktuelle i samfunnsdebatten.

Fylgj MANN MED GREIP på FB her!

Nynazistar får ikkje skrive på fb-veggen min meir!

For fire veker sidan skreiv eg mellom anna om nestekjærleik. Eg skreiv at eg er usamd med Listhaug i at nestekjærleik er å hjelpe flest muleg ’der dei er’. Nestekjærleik er det motsette av å setje folk i grupper. Det handlar om å møte kvar enkelt person med respekt og om å hjelpe personar som treng hjelp.

I samband med valkampen gjekk Martin Kolberg til angrep på Sylvi Listhaug, og sa at ho manglar kristen nestekjærleik i innvandringspolitikken. Men i praksis er det ikkje stor skilnad på Ap og Frp sin innvandringspolitikk. Derfor gjeld bibelsitatet eg siterte i forrige innhogg like mykje for Kolberg som for Listhaug: ’Men den som har jordisk gods og likevel lèt att hjartet sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg? Mine born, lat oss elska, ikkje med tomme ord, men i gjerning og sanning!’ Særleg det om tomme ord.

Eg skreiv også om nynazisme; at det bør vere eit varselskot når nynazistar hyllar Listhaug, og dermed den norske regjeringa, for innvandringspolitikken deira. Eit varselskot både for posisjon og opposisjon. Men eg lagar ingen koplingar mellom Listhaug og nynazisme, slik eg blei kritisert for etterpå. Listhaug er ikkje nynazist. Det er norske og skandinaviske nynazistar som sjølv lagar kopling til Listhaug og regjeringa når dei hyllar statsråden for å vere profesjonell og kjenslelaus i møte med enkeltskjebnar i asylpolitikken. Dette må vi ta på alvor. Det er viktig å setje lys på troll og vondskap. Det er viktig å vite at same krefter som leia til Holocaust er på framvekst i dag. Og det ser ut som grensa mellom høgreekstremisme, rasisme, antisemittisme og nynazisme ofte er svak.

Nynazistar skal ikkje få bruke fb-veggen min til å spreie antisemittiske eller nynazistiske konspirasjonsteoriar!

Ein ting har eg bestemt meg for. Nynazistar skal ikkje få lov å bruke fb-veggen min til å spreie antisemittistiske eller nynasistiske idèar. For det var det som skjedde då eg delte innhogget Kva er nestekjærleik, Sylvi Listhaug? på facebook. Det var ikkje uventa å få reaksjonar på innhogget, men eg hadde ikkje venta det frå folk eg trudde eg ein gong kjente. «Når du nå var i Auswitch, hvordan var gasskammeret synest du? Var det kapasitet der til å gasse 4 mill?» Eg trudde først at kommentaren var eit forsøk på å vere morosam, sjølv om Holocaust slett ikkje er til å spøke med. Eg spurde likevel min no eks fb-ven om han ikkje trudde at jødeutryddinga under førre verdskrig hadde skjedd, og svaret var dette: «Eg stiller spørsmål ved den gassteorien. Synest du det er rart?» For sikkerheits skuld spurde eg korfor han forsvarar nynazistiske teoriar. Då får eg spørsmål tilbake om korfor eg forsvarar jødiske myter og teoriar. Eg veit berre om nynazistar og ein del muslimar som kallar Holocaust mytar. Det var då eg bestemte meg for at nynazistar ikkje skal få lov å bruke veggen min til å dele slike tankar. Og eg har nesten aldri sletta ’venner’ på fb før. Berre eit par gonger når folk har hengt meg ut eller delt private ting på fb-veggen min.

Ein skal ikkje leite lenge på fb før ein finn grupper med nazistiske eller høgreekstreme haldningar. Ei gruppe brukar ein logo som har kombinert NS sin logo med det norske flagget. Og når ei avis denne fredagen skriv kritisk om Listhaug blir det i sinne hevda at det er det enorme stoffmisbruket i redaksjonen som har skulda. 37.000 fylgjarar har gruppa. Og det er skremmande å sjå at blant dei som har klikka likar på sida er nokre av mine fb-venner.

1200px-Nasjonal_Samling_insignia.svg

Nasjonal Samling sin logo.

slåring

Fb-gruppa «Slå ring om Norge» sin logo.

Og no når eg skriv slik veit eg at eg kan vente meg lange, usaklege og injurierande ordremser frå kanskje 37000 fylgjarar av ei fb-gruppe som ikkje toler at nokon kritiserer Listhaug for innvandringspolitikken. Det tek eg i så fall som eit komplement.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 4. november 2017.

Dei tunne grensene mellom framandhat og nynazisme.

Post Navigation