MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Mot til å glede-dagen 2017

23. november var Mot til å glede-dagen 2017. Dette blei markert på skular i heile landet. Sjølv fekk eg verre med på eit flott arrangement på Kvåle skule i Sogndal. Mot til å glede-dagen set fokus på å møte folk på ein positiv måte. Det skal så lite til for å oppmuntre andre, er som eit motto.

BBF0EB3A-D492-4A0A-ADD6-CAE20C1EB977

Arrangementet på Kvåle viser ungdom som tek dette på alvor. Men vi veit at ikkje alt er bra i norsk skule. Teksten som fylgjer blei publisert første gong i 2014:

Norsk skule er sikkert i det store og heile bra, men mange elevar lever under sterkt press for å oppnå gode karakterar, og i tillegg ofte eit press på utsjånad og popularitet. Presset om å prestere i skulefag kan komme frå både skule og foreldre. Dette presset er sjølvsagt ikkje med på å auke prestasjonane til barna, ofte tvert imot. Og jaget etter prestasjonar kan nokre gonger skjule andre alvorlege problem, som mobbing.

FLEIRE UNDERSØKINGAR viser at mange elevar seier dei blir mobba på skulen. Men få skular innrømmer at dei har problem med mobbing på sin skule. Mobbing som skjer ope er lett å ta tak i, men skjult mobbing er… skjult. Mobbe-omgrepet har kanskje endra seg, og noko av det barn seier dei opplever som mobbing, kan vere uskuldig erting.

Ei eg kjenner, lat oss kalle henne Une, gjekk ein gong forbi skulen der sonen hennar var elev. Det var friminutt og elevane var ute og leika. Men ikkje alle leika. Ein gjeng større barn banka eit mindre barn. Fleire barn var over den vesle guten som gråt og ropa om hjelp. Ved sidan av stod ein lærar og flira. Une sprang inn på skuleplassen og fekk drege bort dei større gutane, og frigjort offeret. Det var ikkje hennar barn, men ho såg det som si sjølvsagte plikt å hjelpe. Kva skjedde så? Jau, læraren som hadde sett heile opptrinnet blei rasande på ho som greip inn. Ho hadde ikkje noko med dette å gjere, meinte han. Det var berre leik, sa han. Men slik hadde det ikkje sett ut for Une. For henne såg det heilt klart ut som vald mot eit hjelpelaust barn. Une fortel at etterpå blei ho hengt ut av denne læraren. Une såg eit mobboffer. Skulen sa dei ikkje har noko mobbe-problem.

FYLGJANDE HISTORIE KJEM frå ein anna barneskule i ein norsk by. Ein gut blei mobba av elevar som kom frå ein vidaregåande skule for å selje narkotika i friminutta. Faren til mobbofferet tok opp problemet med rektor. Rektor nekta for at dei hadde slike problem. Då sa faren at han var politimann, og at han kom til å patruljere utanfor skulen til problemet var løyst. – Har du lov til det då? spurde rektoren, og gav uttrykk for at ho ikkje ville ha noko av slikt som kunne setje skulen sitt rykte i fare. Kanskje det var sant at faren var politi, kanskje det var ein falsk politiuniform; men sjølve hendinga skal ha skjedd. Ein gong ringde guten til sin far og fortalde at mobbarane var på veg inn i skulegarden. Faren kom dit i uniform akkurat då dei store gutane plaga sonen. Kjelda mi fortel at narko-seljarane blei rista, og at både narkotikasalet i skulegarden og mobbinga av denne guten tok slutt. Det som ikkje tok slutt etterpå var rektoren sitt hat mot denne mannen som hadde “skada skulen sitt rykte” i byen.

«Usynleg mobbing» frå medelevar eller frå lærarar må alltid ha eit fokus på alle nivå. Heldigvis er det ikkje så mange lærarar eller rektorar som dei frå dei to døma over. Men det skal ikkje så mange til heller før det er eit alvorleg problem for dei elevane det gjeld. For å unngå slike episodar og for å avdekke skjult mobbing bør det innførast eit obligatorisk fag om dette på alle lærarhøgskular. Det er kanskje viktigare enn at lærarskulestudentar skal ha minst karakteren 4 i fag som mattematikk og norsk.

Denne teksten var trykt som innhogg i Sogn Avis laurdag i september 2014. Etterpå blei eg kontakta frå fleire som fortalde om barn som blei mobba og som opplevde at skule og rektor ikkje tok problemet på alvor. Dessverre er dette problemet like aktuelt no tre år etter denne teksten blei skrive.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: