MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Om det var eit hol i golvet

I det siste har barn som blir mobba av barn på skulen vore mykje i media. Elevundersøkingar viser at lærarar som mobbar også er eit stort porobelm. Under fylgjer ei oppdikta forteljing om mobbing, og kva konsekvensar mobbing kan få. Lærarar som mobbar kan utan å vite det vere direkte årsak til at elevar ikkje orkar meir.

IMG_5670

Dei stod midt på golvet og krangla, Petter og Ingrid. Han hugsar ikkje lenger korfor, eller kven som hadde starta krangelen. Men no var alle dei andre selskapslydane borte, og gjestene stirra på dei. Kva ventar dei på? tenkte han. At eg skal tabbe meg ut igjen? I det same mista han glaset ut av handa, og det blei knust mot golvet.

Så kom latteren. Den kom frå andleta langs veggane, den kom frå sjølve rommet, frå veggar og tak, frå tidlegare selskap, den kom frå eit rom inne i han sjølv, kom frå barndommen og tok han igjen. Då såg han holet i golvet. Det hadde berre gått nokre sekund, og det hadde opna seg eit hol i golvet der glaset blei knust. Han fall ned gjennom holet, innover seg sjølv, fall tilbake til barndommen.

Latteren kom frå tjue pultar og eit kateter, frå tjue elevar og læraren bak kateteret. Han var tolv år igjen, og var ein av dei tjue som lo. Han hugsa det som det var i går. Lena bak den tjueførste pulten lo ikkje. Det var henne dei lo av. Petter ville rope til Hesten, den leande læraren, at latteren kjem til å ta livet av Lena, og det er din feil, Hesten! Men han fekk ikkje fram anna enn lått.

Det var historietime, og dei hadde høgtlesing om svartedauden. Det var Petter sin tur å lese, og han skulle lese om pesten som herja innnover landet. – Og presten herja vidare innover landet, las han.

Då kom latteren igjen, frå 19 elevar som hadde fått den underhaldninga dei trengte, og frå Hesten i form av lange, stygge vrinsk. Petter såg på Lena, ville ho også skulle le, men ho lo ikkje. Lena lo aldri. Ho sat berre bak pulten sin og såg stygg og trist ut. Dei andre såg kor Petter hadde auga, og ropa hånord om dei to taparane.

Petter gret og såg på Lena. Ho såg berre meir ulukkeleg ut, men ikkje styggare. Petter ville bort derifrå. Han ville at golvet skulle opne seg under han, ville at dette endeleg skulle ta slutt. Han ville aldri meir sjå opp og møte dei spottande andleta. Og golvet opna seg under han, og han blei dregen ned i djupet.

Han høyrde Lena rope Slutt å le! Så blei det stille og mørkt. Er det slutt no? tenkte han, er dette døden? Han snudde seg, og såg nokon stirre mot han. Det var ein hovudskalle, ein vakker hovudskalle som smilte mot han med kvite, fine tenner. Så vakre tenner, tenkte han. Så vakker du har vore, så vakkert smil. Og han forstod det var Lena som smilte til han. Han bøygde hovudet og gret. Han var ikkje trist eller redd. Det var fint å sjå Lena smile. Han hadde ikkje sett henne smile før. Det var synd, for ho hadde så vakre tenner.

Han tenkte på Lena då ho var femten. Han tenkte på klassefesten den våren, siste gongen dei hadde ledd av henne, Hesten og medelevane. Neste dag hadde ikkje Lena vakna. Mora prøvde å vekke henne, men Lena vakna aldri meir.

Det kjendest som han blei dregen oppover, og så stod han på golvet saman med Ingrid og såg den raude flekken der glaset hadde møtt golvteppet. Han såg på Ingrid, som han hadde diskutert med, og visste saka ikkje var verd ein krangel. – Tilgi meg, sa han.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 17. sept. 2011

Single Post Navigation

3 thoughts on “Om det var eit hol i golvet

  1. Viktig sak å sette fokus på og i tillegg godt skrevet 🙂
    Tror ikke mennesket aner konsekvensen av kollektiv kraft når enkelt individ settes i negativ fokus. Hadde vi ant konturene av hvordan dette føles ville mange flere av oss meldt oss ut av kollektive mobbeprosesser.

    Likt av 1 person

  2. Johannes Eggen Mundal on said:

    Reblogged this on MANN MED GREIP.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: