MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “desember, 2017”

Året veg det det veg

Eit år kan vere tungt, og eit år kan vere lett. Men du kan ikkje måle det på ei vekt. Då eg var  eit lite barn var åra lette å bere. Og slik skal det helst vera. Men i livet møter alle år som er tunge å bera. Slike år kan knekke eit menneske. Men dei fleste klarar å bere tunge år, og blir sterkare av dei.

Nå eg ser på blogginnlegg og Innhogg eg har skrive rundt nyår så ser eg mine eigne ord om tunge og lettare år. Då 2015 såvidt var slutt sette eg meg ned for å skrive eit Innhogg til Sogn Avis. Då skreiv eg at «skal eg vere ærleg, var ikkje 2015 mitt beste år«. Det var sjølvsagt inga overdriving. Slikt skal ein ikkje overdrive. 2015 var eit tungt år.

I 2017 har eg vore meir open om ting som har vore tunge. Det kjem særleg til uttrykk i eit Innhogg i mai, Verste sort mobbing, der eg uttrykker at eg har godtek at eg ikkje kan gjere noko med dei som seier dei hatar meg. Det var ein tekst som uttrykte optimisme. Og det var like ærleg meint som då eg skreiv at 2015 ikkje var mitt beste år (og eigentleg meinte at det kanskje var mitt verste, mitt tyngste, år).

Så er det ikkje alltid like lett om hausten som det er om våren. Når det blir mørkare kjem også dei tunge tankane igjen. Då går ein lettare inn i grubling over korfor mange meinar du er ein vond person. I 2017 torde eg å skrive om det også. Om at nokre har sagt at ingen likar slike som meg. Ingen likar den mannen.

2018

Eit år veg det det veg. Om 2017 var tungt, men du klarte å bere det, då har du vorte sterkare, og då er du godt rusta for 2018. Då er du kanskje betre rusta enn dei som hadde eit lett år 2017. Uansett ynskjer eg deg alt det beste for 2018. Ver sterk! Ikkje gi dei som meinar du er vond rett!

Les også Landet som hadde gløymt kva jula var, publisert 30.12 i Sogn Avis og her på bloggen.

Advertisements

Landet som hadde gløymt kva jula var

Langt nord på kloden låg det eit land med eit folk som var litt for seg sjølve. På mange måtar var dei forskjellige som folk flest på kloden; det var store og små, smale og breie, flinke og late, nokre likte pizza og andre likte laks. Men dei skilde seg på ein måte: Dei var overmåte rike. Sjølv dei som var rekna som fattige var rike samanlikna med dei mange fattige på kloden. Rikdommen hadde gjort dei så eigenkjære at dei ikkje ville dele rikdommen sin med dei fattige, og så sjølvgode at hovmotet hadde festa seg på dei. Og dei hadde gløymt korleis ting var før Nordlandet blei rikt.

Kvart år før vinteren kom, sånn i oktober ein gong, tok dei til å førebu ei høgtid dei ikkje lenger hugsa kva handla om. Dei hugsa ikkje lenger forteljinga om det vesle barnet som blei fødd ’den første jula’. Jula handla framleis om tradisjonar og om å vere snill med alle rundt seg, ja. Men det var tre ting som blei større for kvart år: handelsstanden, gåvene og egoet.

IMG_5702

Kvart år kriga handelsstanden i Nordlandet mot kvarandre om å selje mest muleg til høgst muleg pris, og få det til å sjå både billeg og naudsynt ut. I oktober ein gong var julesjokoladen på plass i butikkhyllene. Og folk kjøpte godteri til dobbel kilopris av resten av året, fordi det var pakka i posar med juledekor. Handelsstanden gjorde seg til som nissar, men i staden for å gi bort gåver til dei som hadde vore snille prøvde handlenissane å selje dyrast mulege produkt til alle som budde i landet. Desse nissane såg så snille ut, og folket i landet trudde dei var snille. Men det einaste desse nissane tenkte på var seg sjølve og på å tene mest muleg pengar. På mange måtar tok folk etter nissane. Dei tenkte meir og meir på seg sjølve. Om det kom fattige på besøk til dei, blei dei jaga ut av Nordlandet att, fordi folket der ikkje lenger ville dele av rikdommen sin med fattige, som i tillegg ofte såg annleis ut enn dei sjølve.

Dei tykte det var best dei fattige blei verande der dei var, slik at dei kunne halde fram med å produsere billege varer for dei. Nisseluer til dømes, eller gensarane og buksene dei fekk til jul. Tenk kor dyrt det hadde vore om det ikkje var slik at fattige barn måtte stengast inne i fabrikkar for å sy klede til folket i det rike landet. Det hadde gått ut over velferda vår, tenkte folk i det overmåte rike landet, der dei kosa seg med kaffi og kaker og selskap og vin. Dei sende knapt ein tanke til barn og kvinner og fattige folk som måtte ofre omtrent alt for å overleve, og for at Nordlandet kunne halde fram med å vere rikast i verda. Folket sat heile jula rundt bordet og sveitta og pesa og sikla. Dei hadde heilt gløymt han som levde på jorda for snart 2000 år sidan, han som hadde prøvd å lære dei at den som er rik, men likevel lèt att hjarta sitt når han ser nokon lide naud, han har ikkje kjærleik i seg. Pengar og eigenkjærleik hadde fylt tomrommet etter kjærleiken hos folket i Nordlandet.

På veg inn i 2018 merkar knapt folket i Nordlandet at verda endrar seg. Dei har prøvd å viske bort grensene mellom det som er godt og det som er vondt, og merkar ikkje at det vonde blir mørkare og det gode blir lysare. Dei har lagt heile sin lit til rikdommen sin, og forstår ikkje at det kan komme tider som gjer rikdom ubrukeleg. Dei som styrer Nordlandet seier at uansett kriser, om det skulle bli forårsaka av klimaendring, krig eller anna, så vil handelsvegane i verda ikkje bli påverka. Dei hugsar ikkje lenger kva ei krise er. Eller kva jula var.

Dette var eit forsøk på å dikte ei forteljing. Litt inspirert frå Alf Prøysen si forteljing om bygda som gløymde jula, og litt inspirert av røyndommen. Godt nytt år!

Teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 2017 sin nest siste dag.

Ingen likar den mannen

For ein del år sidan fekk eg høyre om ein person så stygg at eg aldri har høyrt nokon blitt omtalt som så tvers gjennom vond før. Ikkje berre var mannen vond, han var både dum og løgnaktig også. Ingen likar den mannen, fekk eg høyre. Ingen vil ha noko med han å gjere. Og slik han blei omtalt var det lett å forstå at ingen ville ha noko med ein slik mann å gjere. Ingen vil ha noko med vondskapen å gjere.

Den mannen har eg kjent heile livet. Og eg veit at han er følsom og blir lett lei seg. Viss folk ikkje likar han, då blir han lei seg. Når folk snur seg bort når han helser på dei, då blir han også lei seg. Men slikt kan ein ikkje skrive om på Facebook. Og slikt kan ein ikkje snakke om heller, seier mannen, særleg ikkje i jula. Då skal alle vere vener. Og han har ikkje lyst å øydeleggje den førestillinga om at alle er vener. Sjølv så vond folk meiner han er.

I dag er det 21. desember – årets mørkaste dag. Alle seier at frå i dag av går det mot lysare tider. Mannen eg kjenner håpar at kommande lysare tider blir bra for alle. Men han veit av erfaring at somme går på sjukmeldingar og medisinering for å klare seg gjennom mørke tider. Slik er det berre. Sjølv om ikkje alle veit at det er slik.

Han vil ikkje klandre nokon. Dersom somme har eit bilde av han som stygg og vond, så veit han at han sjølv kan ha bidrege til det bildet. Men han meiner likevel det er eit urettvist bilde. Og han veit at han eigentleg har det ganske bra, bortsett frå i dei mørkaste krokane. Og dei eksisterer kanskje mest inne i han sjølv. Det er mange som har det verkeleg vondt i sine mørke krokar. Det er inga trøyst. Men det set ting i perspektiv. Det perspektivet burde alle sett. Ikkje berre dei som meinar han er som vondskapen sjølv.

monsanto-roundup1

Den vondskapen dei snakka om var forresten meg.

Kan menneske utløyse jordskjelv?

Dette spørsmålet har dukka opp inne i det vesle hovudet mitt av og til. I 2011 skreiv eg om dette i eit Innhogg i Sogn Avis. Eg trudde at lesarane då ville sei at no er bonden med greipa heilt på jordet. Derfor blei tittelen på teksten ’De må gjerne kalle meg sprø, om de vil!’ Nyleg var det eit uvanleg kraftig jordskjelv i Nordsjøen som gjorde at spørsmålet om oljeboring og jordskjelv dukka opp i hovudet mitt igjen. Skjelvet blei ikkje merka i Norveg, men på Shetland blei det kvitra (twitra) om sterke sjelvingar. Skjelvet målte 4,8 på Richters skala. Under fylgjer litt av innhogg-teksten frå 2011 med nokre tillegg som er skrive i kursiv.

Det undrar meg at ikkje Norveg har forskning på jordskjelv. Det har eg undra på lenge. Og når eg googlar finn eg ikkje noko om forskning på til dømes samanhengar mellom oljeboring og jordskjelv. Trass i at vi borar etter olje i det mest jordskjelvaktive området nær landet vårt; Nordsjøen. I ei lærebok for vidaregåande elevar i Finland står det at «Människan kan också utlösa jordbävningar genom pumpning av olja och vatten ur marken.» Når norske ekspertar skal svare på om det eksisterar slike samanhengar, så svarar dei at ’det trur vi ikkje’, eller ’det er ikkje sannsynleg’. Vi borar altså etter olje utan å ane om det har nokon påverknad på jordskjelvaktiviteten.

På nettsida jordskjelv.no kan ein no lese at det eksisterar rapportar som viser ein samanheng mellom utvinning av olje/gass og mindre jordskjelv. Det er likevel få større jordskjelv globalt som skuldast jordskjelv. Men eit døme på menneskeskapte jordskjelv er frå Ekofisk, der det har vore to middels store jordskjelv dei siste åra, som seinare blei knytt til oljeutvinning.

For meg er det heilt logisk at det vert skapt ein energiubalanse i jordskorpa når ein i eit område stikk hol på eit stort tal undersjøiske brønnar der olje eller gass er lagra under trykk. Og det er like logisk at ein slik energiubalanse i jordskorpa kan påverke både frekvensen og styrken på jordskjelvaktiviteten. Rett nok blir oljebrønnane fylte opp med vatn. Men eg tvilar på at ein klarar å få tilbake det trykket som var i oljebrønnane før ein opna dei. Energibalansen blir ikkje gjenskapt. Logikk er sjølvsagt ingen vitskap. Men samanhengar som høyrer logiske ut burde utløyse forskning.

Natt til 7. januar 2007 var det eit jordskjelv som målte 4,8 på Richters skala. Det kunne merkast langs heile vestlandskysten. Det tilsvarar styrken på jordskjelvet i juni i år. Dei sterkaste jorskjelva målt utanfor norskekysten har ikkje på langt nær nok kraft til å utløyse nokon tsunami. Eg syns likevel det bør vere eit interessant emne å forske på oljeboring sin påverknad på jordskjelv. Kan oljeboring forårsake at naturleg utløyste jordskjelv vert sterkare enn dei hadde vore utan oljeboringa? Kan risikoen for jordskjelv auke for kvar olje- eller gassbrønn som blir stukke hol på? Kan oljeboringa til slutt føre til jordskjelv som er sterke nok til å øydelegge bygningar i Norveg? Kan slike menneskeskapte jordskjelv forårsake undersjøiske jordras store nok til å forårsake ei større flodbylgje (tsunami)?

tsunamibølge

Verdien av frisk jord

Etter lange diskusjonar og til stor motstand vedtok EU denne veka å tillate bruk av glyfosat i sprøytemiddel i landbruket i nye 5 år. Verdas helseorganisasjon (WTO) har konkludert med at glyfosat sannsynlegvis kan føre til kreft. Andre har konkludert med at glyfosat sannsynlegvis ikkje fører til kreft. NRK Uriks kallar dei to ulike konklusjonane motsette. Men ordet sannsynlegvis viser at konklusjonane er både usikre og ikkje spesielt motsette.

monsanto-roundup1

I 2013 publiserte Forskningsrådet ein rapport om glyfosat der det blir lagt fram det som blir kalla oppsiktsvekkande funn. I studien finn dei at glyfosat er meir enn hundre gonger giftigare enn dei undersøkingane som industrien sjølv (Monsanto) har lagt fram. Industien sine undersøkingar kom på 1970-talet, men er framleis grunnlaget for regulering av lovverket. Påstander som at salt er meir giftig enn glyfosat blir framleis brukt som argument for å bruke sprøytemiddelet roundup. Påstanden kjem frå Monsanto, som ifylgje hemmeleghaldne dokument skal ha visst at glyfosat kan forårsake fleire typar kreft. Uavhengig forskning viser også at glyfosat har påverknad på reproduksjonsevne. I filmen dei viste på Uriks denne veka blei det ’dokumentert’ auka hyppigheit av enkelte krefttypar etter at landbruket tok i bruk roundup. Eit av døma var korleis elevane ved ein skule fekk alvorlege symptom då fly sprøyta roundup over kornåkrar rett ved skulen. Trass slike åtvaringar har bruken av glyfosat auka mykje både her i landet og på verdsbasis dei siste åra.

 

roundup

Korfor blir så roundup framleis lovleg å bruke? Sannsynlegvis fordi utan glyfosat blir matproduksjon vesentleg dyrare. Pris går på kostnad av kvalitet. Forbrukarar flest forstår det. I alle fall når det gjeld bil og sko. Men ikkje alltid når det gjeld mat. Billeg mat gjer at forbrukarane har råd til å fylgje eit forbruksmønster som held på å ta livet av klimaet og av planeten vår. At den billege maten kan ha store personlege og offentlege kostnader når det gjeld helse reflekterar berre eit mindretal over.

I mars fekk eg vere med på seminaret ’Mennesket og molda’ på Ås. Bjørn Egil Flø, bygdesosiolog og forskar på NIBIO, var ein av innleiarane. Då han var liten hadde dei alltid ein pinne i lomma når dei tynna gulrøter. Den skulle brukast kvar gong dei steig frå åkeren og inn på vegen. Då brukte dei pinnen til å pirke molda av støvlane, med klare moralske formaningar om kor viktig det var å ta vare på molda.

I den ferske boka ’Jordboka (det fantastiske universet under føtene våre)’ skriv forfattaren Dag Jørund Lønning om eit møte med ein jærbonde. «- Der har det vore nytta mykje sprøytemiddel opp gjennom åra, sa den aldrande jærbonden til meg, og peika bortover på traktoren som pløygde opp svart mold med total fuglestille bak. – Der har det vore nytta lite, la han til og peike bortover mot ein av naboane som også pløygde, men han i ei sky av måsar som meska seg i alt det levande som plogen virvla opp.»

«Under føtene våre finst eit univers av liv så rikt og komplekst at det sprenger rammene for det me er i stand til å fatta», skriv Dag Jørund Lønning. «Det er eit univers me kan uhyre lite om, og som me i liten grad har interessert oss for. Men det er heilt avgjerande for vår menneskelege eksistens. Den viktigaste nøkkelen til ei berekraftig framtid for planeten vår er ikkje verken ny teknologi, klimakvotehandel eller internasjonalt diplomati. Nøkkelen finst i kvarmannsens hage. Me trør på den dagleg. Nøkkelen er mold.» Og den molda må vi slutte å ta livet av med glyfosat.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 2.12.2017

innhogg

Post Navigation