MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “januar, 2018”

Eg blei vitne til eit drapsforsøk

Her om kvelden blei eg vitne til eit drapsforsøk. Heldigvis klarte eg å avverge drapet. Eller drapa. Men det var kanskje berre flaks. Eller englevakt, som ei skreiv til meg på fjesboka.

Drapsvåpenet var ein bil. Attentatmannen såg eg ikkje. Då eg klarte å avverge eitt eller to mord, forsvann attentatmannen frå åstaden i bilen sin. Det gjekk så fort at eg ikkje ein gong fekk sett registreringsnummeret hans.

Eg blei vitne til eit drapsforsøk. Han prøvde å drepe barnet mitt. Men eg veit ikkje kven han er.

Eg hadde vore i Sogndal og henta eit barn som hadde vore i bursdagsselskap. Då eg kom til «Fjærland vegkryss», og blinka til venstre for å svinge over i avkøyringsfila mot Mundal, såg eg i siste liten ein bil som la seg ut i forbikøyringsfila, og klarte såvidt å vri min bil inn att på hovudfeltet til trafikkmonsteret hadde passert.

Det var altså mitt eige barn eg redda frå trafikkmonsteret sitt drapsforsøk. Og meg sjølv. Han som prøvde å drepe oss slapp frå hendinga utan mein. For eg tvilar på at lyden av bilhornet var særleg til sjenanse for trafikkmonsteret.

forbikjoring_forbudt

Trafikkmonsteret eller attentatmannen kryssa heilstrekte liner. Det er forbode. Det kan gjere ein til drapsmann, sjølv om han kanskje gjorde eit sjølvmordsforsøk.

Eg høyrde på radioen ein gong at folk som tek slike sjansar i trafikken ofte er menneske utan empati, menneske med personlegdomsavvik som ikkje eig empati og trur dei sjølve nærmast er udødelege, eller i alle fall ikkje bryr seg om andre enn seg sjølv. Slike menneske burde ikkje hatt førarkort. Ein heilt anna teori er at folk som gjer slikt gjer det for å ta sitt eige liv, og bryr seg ikkje om at dei tek med seg andre i døden. Kanskje var trafikkmonsteret som nesten myrda oss ein slik ein. I så fall treng han hjelp. Om han ikkje var ein slik ein så kan ingen hjelpa han.

 

Advertisements

«Barna sitt beste»?

Når BUF snakkar om barns beste, men resultatet er diskriminering av far og psykiske lidingar hos barna.

Barn og unge si psykiske helse er eit tema som med jamne mellomrom dukkar opp i media. Ofte i samband med ny forsking. Undersøkinga Ungdata, som blir gjennomført av Høgskulen i Oslo og Akershus, viser at psykiske helseproblem aukar hos ungdom. Dei vanlegaste plagene er angst og depresjon. I landet totalt seier 13% at dei kvar veke er mykje plaga av eitt eller fleire symptom på psykiske problem. Trivselsfylket Sogn og Fjordane ligg ikkje så langt frå landssnittet, med 11%. Så er det store skilnader innafor fylket, med Luster (5%), Sogndal (6%), Lærdal (18%) og Hyllestad (19%), for å nemne nokre døme.

Fleire undersøkingar viser at mellom anna konfliktfylte heimar og mobbing aukar risikoen for psykiske lidingar. Ungdata tyder også på slike samanhengar. I Luster seier 70% at dei trivest på skulen, i Sogndal er talet 80% og snittet for landet er 65%. Kommunar som ligg over snittet når det gjeld ungdom med psykiske lidingar, har også meir problem med mobbing.

barnimotlys

Når det gjeld samanhengen mellom psykiske lidingar og konfliktar i heimen blir ofte skilsmissebarn trekt fram. For å unngå at barn skal utsetjast for konfliktar har det vore vanleg at familievernkontora, som utfører lovpålagt mekling ved samlivsbrot, har anbefalt det dei kallar «vanleg samværsrett». I praksis betyr det at barna bur fast hos mor, men er saman med far ein ettermiddag i veka og annakvar helg. Med ei slik ordning kan mor flytte kvar ho vil i landet, og på den måten misser mange barn kontakten med sin far.

På den måten bidreg Bufdir til at barn og unge får dårlegare psykisk helse. Slik bør det ikkje vere!

Ein svensk studie viser etter mi meining at det Barnelova kallar «vanleg samværsrett» ikkje har vore til barnet sitt beste, slik Familievernkontora har meint. Studien viser at skilsmissebarn som bur hos ein av foreldra er oftare stressa enn barn med delt bustad. Andre studier viser at barn som bur hos berre ein av foreldra har dårlegare psykisk helse, og at barn som har delt bustad har større trivsel. Og resultata er uavhengig av konfliktnivå mellom foreldre. Barn treng både ein far og ei mor. Dette bør det takast meir omsyn til i Barnelova. Ein kan også stille spørsmål når det gjeld adopsjon ol til likekjønna par ut frå funna i desse studiane. Set ein barn sitt beste først når dei blir fråteke mor eller far? Eg veit det er lite politisk korrekt å stille slike spørsmål.

På Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (BUF) si nettside, under tittelen «Barnet sitt beste ved samlivsbrot» er det lettare å finne argument for det dei kallar «vanleg samværsrett» enn for delt bustad. Det å kalle noko vanleg gir sterke føringar. Eit av argumenta er at barn ikkje har godt av konflikt mellom foreldra. Men meklingane om foreldre sin samværsrett føregår alltid i det tidsrommet i foreldra sitt liv då konfliktnivået er høgast. Og sjølv om det er ei utvikling mot at fleire skilsmissebarn har delt bustad, så kjenner mange av oss ein far som blir sitjande att med nesten ingen kontakt etter å ha blitt pressa til å skrive under på ein avtale hos BUF.

Ein kan i beste fall sei om meklaren på «familievernkontoret» at ho diskriminerte meg som far. Verre var det at ho ikkje la vekt på kva som var best for barna.

Mine erfaringar frå Familievernkontoret i Sogndal for nokre år sidan har eg skrive om tidlegare i innlegget Dei hjelper berre damene på BUF. Eg opplevde at sjølv om vi som foreldre hadde tenkt delt omsorg, så brukte meklaren tida på å «overtale» mora om vanleg samværsrett. Eit av argumenta var at då blei ho fri til å flytte kor i landet ho ville, utan at eg kunne hindre henne. Eg prøvde argumentere mot dette, at eg meinte det ikkje var å setje barna sitt beste først, men eg kom nesten ikkje til orde med mine argument. Ein kan i beste fall sei om meklaren at ho diskriminerte meg som far. Verre er det at ho ikkje la vekt på kva som var best for barna.

Vi bestemte oss likevel for delt bustad. Eg har møtt fleire med liknande opplevingar på mekling, unge fedre som har kjent seg pressa til å skrive under på «vanleg samværsrett», og som har mista regelmessig kontakt med barna. På den måten bidreg BUF til at barn og unge får dårlegare psykisk helse. Ifylgje fleire studier. Slik bør det ikkje vere!

Les gjerne desse tidlegare tekstane om ma mobbing:

https://mannmedgreip.wordpress.com/2017/11/23/aktuelt-skule-og-mobbing/

https://mannmedgreip.wordpress.com/2017/05/05/verste-sort-mobbing/

https://mannmedgreip.wordpress.com/2016/08/20/kjaere-ti-ar-gamle-andreas/

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis.

«Det bør bekymre folk i Sogndal»

Tittelen er ein slags konklusjon i ein kronikk i Sogn Avis 23.12., skrive av av Arne Jensen. Jensen er generalsekretær i Norsk redaktørforening, og er soleis ikkje ein lettvektar i norsk presse. I kronikken tek han føre seg Pressens Faglege utval (PFU) si handsaming av Sogndal kommune sin klage mot Sogn Avis.

Sogndal kommunes PFU-klage mot Sogn Avis er alvorlig. For Sogndal kommune,» skriv Arne Jensen.

Sogndal kommune klaga inn avisa på fleire punkt i samband med dekninga av tilhøva i Sogn barnevern. Sogn Avis blei felt for å ikkje ha dekning for ei formulering i ein kommentarartikkel. På dei andre punkta fekk ikkje kommunen medhald. Dei handla om «saklegheit og omtanke» og mangel på «samtidig tilsvarsrett». Tvert imot gir PFU Sogn Avis ros for sitt journalistiske arbeid med å avdekke forholda i Sogn Barnevern, meiner Jensen.

«Så er vel dette en stor seier for Sogndal kommune og Sogn barnevern? Overhodet ikke,» skriv Jensen.

Det Sogn Avis blei felt på har avisa innrømma feil, og det var forventa at dei blei felt på det punktet. Det er sjølvsagt alvorleg for ei avis å bli felt av PFU for brot på god presseskikk. «Så er vel dette en stor seier for Sogndal kommune og Sogn barnevern? Overhodet ikke,» skriv Jensen. Tvert imot er det ei synleggjering av arroganse, feilvurderingar og hemningslaus bruk av skattepengar for å redde kommunen sitt omdøme, meiner han.

Sogndal kommune brukte 106.750 skattekroner på advokat for å lage klagen mot Sogn Avis, ein klage som det låg i korta at kommunen i dei fleste punkta ikkje ville få medhald i. Og det punktet Sogn Avis blei felt på hadde redaktøren hatt møte med kommunen om, og tilbode å trykke ei korrigering. Dette avviste kommunen. Dei gjorde heller ikkje noko anna for å tilbakevise dei feile premissane i artikkelen, noko dei kunne gjort td i form av lesarbrev i avisa. Alt tyder på at no skulle kommunen få sin hevn over Sogn Avis sin artikkelserie om barnevernet, den artikkelserien som PFU understrekar at avisa var i sin fulle rett til å gjere då dei granska og omtale tilhøva i Sogn barnevern. I sin uttale om skriv FPU at det er pressa si oppgåve å beskytte enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømmelsar frå offentlege styresmakter, jf. punkt 1.5 i Vær Varsom-plakaten. PFU skriv altså at Sogn Avis har gjort det meste rett i denne saka når dei avdekkar overgrep mot tilsette i kommunen.

Sist veke stemte kommunestyret i Sogndal ned eit mistillitsforslag mot rådmannen. Det blir sannsynlegvis ikkje siste akt i dokketeateret om korleis kommunen har handsama denne saka. For eit år sidan, under tittelen «Sogndal sine marionettar» skreiv eg at kommunepolitikarar lett kan bli sjåande ut som nikkedokker dersom ikkje denne saka blir rydda opp i, slik at tilliten til Sogndal kommune kan byggjast opp att. Eg skreiv ikkje at dei var nikkedokker. Men på leiarplass laurdag kallar Sogn Avis dei 13 frå AP, SV og SP som stemte ned mistillitsforslaget mot rådmannen nikkedokker som har snudd ryggen til det sosialistiske solidaritetsprisippet. Det er sterke ord.

I ei tid der #metoo dominerer nyhendebiletet kan ein stille spørsmål om dei som har vore varslarar i denne saka har blitt godt teke vare på av Sogndal kommune. Og om arbeidstakarane i Sogn barnevern, som Sogn Avis har avdekka har vore under sterkt psykisk press, trakassering og maktmisbruk over tid har blitt teke godt nok vare på etter dei blei mobba ut av stillingane sine. Har nokon stilt dei spørsmåla? Eller er svara så opplagte at leiinga i Sogndal kommune helst unngår dei? Generalsekretæren i Norsk redaktørforening meiner i alle fall at innbyggjarane i Sogndal kommune bør vere uroa over kommunen si framferd i denne saka, som til no er toppa med eit mislukka hevnforsøk til ein prislapp på 100.000 kroner.

PFU

Utdrag av PFU sin uttale etter Sogndal kommune sin 100.000-kronesklage mot Sogn Avis. Både denne uttalen og kronikken til Arne Jensen, generalsekretær i Norsk redaktørforening, stod på trykk i Sogn Avis 23.12.2017

 

I Sogn ligg også saka om den 12 år gamle jenta som døde i Sogn barnevern si omsorg. Dødsårsaka var truleg epilepsi. Det skjedde etter at både jentas fastlækjar og dei biologiske foreldra hadde gitt bekymringsmelding til Sogn Barnevern fordi dei mistenkte at jenta ikkje blei medisinert då barnevernet hadde ansvar for henne. Kripos var inne i saka, men saka er avslutta i retten pga mangel på bevis.

 

50 er berre eit tal i eit eventyr

Kvart menneske er eit eventyr som ikkje er skrive enno – bli ditt eige eventyr, skreiv Anne Marthe Kvale i ein ’takketale’ til Sogndals-bygda publisert i Sogn Avis ein laurdag i desember i fjor. Sitatet passar best på eit ufødd barn som ikkje blir abortert. Eg har skrive om sitatet til å passe for menneske som er ferdig fødde og halvvegs levde: Kvart menneske er eit eventyr som ikkje er fullført enno. Bli i det eventyret heilt til det tek slutt. Og når eventyret er slutt spelar det lita rolle for deg om det blir fortalt om att eller ikkje. Det vil du aldri få vite. Men dei beste delene av eventyret vil bli fortalt vidare etter det er slutt. Særleg i gravferda.

I eventyr er det somme tal som går att. 3 og 7 er nøklar i norske eventyr. I eit menneske sitt liv er det også tal. Mange tal. Nokre av dei går att, andre går forbi. Nokre er viktigare – særleg datoar sett saman av tal som ikkje gjeld berre deg sjølv. Til dømes dato(ar) forloving(ar), bryllup og fødslar.

50 er berre eit tal for meg. Det er halvparten av 100. Ifylgje wordpress er dette blogginnlegg nummer 100 på denne bloggen. Det er eit rundt tal. Men ikkje eit stort tal i bloggsamanheng. Eg har ikkje halde statistikk på blogginnlegga mine. Tekstane på den gamle bloggen til Sogn Avis forsvann då bloggen blei lagt ned. Om ein reknar med andre blogginnlegg på bloggar før https://wordpress.com/view/mannmedgreip.wordpress.com så er det liten sjanse for at talet blir like rundt som 100. Men 100 er berre eit tal. Det er 50 også. For alle norske mediefolk som manglar talforståing så er 50 halvparten av 100. 500 er forresten halvparten av 1000. Lat det bli med det. Vi lever i 2018, ikkje i tusenårsriket. Slik sett er 50 eit bra tal. Ikkje så høgt at vi tek av oss hatten når vi møter det, men høgt nok til å bere den hatten vi har så godt vi klarar. Helst ein hatt om gongen. Det tek seg best ut. Sjølv om vi er i vårt eige eventyr.

Dagen i dag er berre ein dato. Ein dato med mange hendingar og jubileum. For 50 år sidan, i 1968, landa romfartøyet Surveyor 7 på månen, og folk lytta til Hello Goodbye av The Beatles. 9. januar 2018 er folk stort sett på Facebook og fortel kor vellukka eventyr liva deira er. Dei som prøver å fortelje noko anna enn suksess på Facebook i dag er ikkje som andre. På Twitter skriv folk om kor lite velluka Trond Giske er. Om du lever eit vellukka eller eit ærleg liv på Facebook så er det verkelege livet eventyret om deg sjølv. Eg ynskjer alle ein god slutt på sitt eventyr.

Giske sine venner i Sogn

Det er ikkje lett å finne nokon som har tillit til Trond Giske no, har vi høyrt på NRK fleire gonger siste dagane. Men NRK klarar likevel å finne dei. I Sogn. Og AP-toppar i Sogn stiller villeg til intervju på NRK og fortel kor feil heile saka med varslingane mot Giske er.

På tysdag høyrde vi Clara Øberg på NRK radio. Hennar vinkling er kva partileiinga sentralt har gjort feil i varslingssakene mot Giske. Hennar tankar går til nestleiaren sin situasjon. At mediepresset kan øydeleggje folk. For det har det gjort før. Men Giske visste om media før varslarane varsla om trakassering. Sjølvsagt har Øberg rett i at det også er partileiinga sitt ansvar å ta vare på Giske også i denne situasjonen. Det er deira plikt. Det er Støre si plikt å ta vare på ein venn. Men alt tydar på at Giske sjølv har forårsaka den vanskelege situasjonen han no er i. Det må Øberg også forstå, sjølv om ho i NRK-klippet ikkje tek mykje forbehold i si støtte til Giske.

På onsdag var det Hilmar Høl sin tur på NRK. Han seier Giske er den beste industripolitikaren AP har, som om det trumfar varslarane. Og så legg han til at han har stor tillit til Giske som politikar.

Giske har ikkje så mange venner no. Men han treng dei vennene han har. Og dei kan han finne i Sogn. Er det symptomatisk for Sogn og Fjordane AP sitt syn på Giske og på dei som har varsla?

No meinar i grunn ikkje eg at det er feil å vere venn av Giske, sjølv om det kan vere vanskeleg å vere det no i mediekøyret mot han. Men det må gå an å vere venn utan å stå fram på riksdekkande med å uttrykke sin store tillit til Giske akkurat no. Det gjer ikkje ein gong partileiar Støre, sjølv om han burde vere ein venn av Giske. Slik partileiaren framstår no er ikkje særleg tillitsvekkande. Spørsmålet er kor lenge han har tillit nok til å bli stijande som AP-leiar. Hadia Tajik pustar han lint i nakken.

vennskap

Post Navigation