MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “februar, 2018”

Den olympiske ånd

No er vi i ferd med å avslutte tidenes beste vinter-olympiade. For Norge. Vi er sannsynlegvis einaste nasjonen som er dopingfri, men likevel vinn. For nordmenn flest er fødde med langrennsski på beina. Og resten er fødde med skøyter eller snøbrett. Eigentleg burde skia, snøbretta eller skøytene vore medrekna i fødselsvekta på norske babyar. Korfor tek vi forresten skia av dei før det vert teke nyføddbilde? Eg trur at vi kunne ha plukka ut norske olympiske vinnarar etter utstyret vi er fødde med. Dei med dei lettaste skia blir dei beste skiløparane, dei med dei største blir hopparar. Og så vidare. Kjemisk hjelp trengst ikkje. Dei gongene norske utøvarar har blitt dømde for dopingbruk har det vore etter tabbar, gjerne gjort av nokon i hjelpeapparatet rundt dei. Og dommane dei har fått har sjølvsagt vore urettvise og for strenge.

Når det gjeld statleg, russisk doping kan sjølvsagt ikkje reaksjonane bli strenge nok. IOC prøvde å stenge ute ’alle’ russiske utøvarar både frå OL i Pyeongchang og frå OL på livstid. Når det gjeld doping gjeld ikkje vanlege lover. Det er nok for IOC med mistankar for å stenge ute folk på livstid. Då 28 av dei russiske utøvarane fekk medhald på sin anke i Idrettens Voldgiftsrett (CAS) pga manglande bevis, høyrdest Gerhard Heiberg indignert og sint ut, og uttalte at russarane uansett ikkje skulle få komme til OL. Her skulle ikkje tvilen komme nokon tilgode. For IOC og Heiberg hadde bestemt seg. Då tenkte eg: Kva betyr eigentleg uttrykket ’i olympisk ånd’?

Er det i den olympiske ånd IOC deler ut OL-arrangementet til den nasjonen som har den beste søknaden? Eller korleis er det eigentleg? Er det ikkje slik at den søkaren som klarar å kjøpe stemmene til flest IOC-medlemmer vinn konkurransen? Eg meinar å hugse at eit av argumenta mot å sende norsk OL-søknad har vore mistankar om korrupte IOC-medlemmer. Men det er berre mistankar, hevdar IOC. Og det er vel berre IOC sjølve som er mektige nok til å dømme andre på mistankar?

cae0c2ac-af18-4ed7-9f75-82a6fee01f22-1

No har eg dessverre ikkje fått med meg alle norske medaljar på direkten. Men litt har eg fått med, mest via radio. På heimebane har eg vore oppteken av ein anna ’konkurranse’ denne vinteren. For det er ein evig kamp å stengje hjorten bort frå vinterfôret til husdyra. I vinter har han vore meir pågåande enn nokon gong. Stort sett klarar eg å stenge han ute, men i vinter har han klatra over traktordekk og høge hindringar for å komme til rundballar i fôrrommet i sauefjøsen. Han har bulka traktoren min og herja med plommetreet mitt. Eg skriv han, for det er same bukken som har gått her i fleire år no. Ein dag eg opna vegen inn til fôrrommet stod han og åt på den første rundballen eg hadde henta då eg kom tilbake med den andre. Eg fekk nokre fine bilde av han den dagen. Eg lurte litt på å sende nokre av dei til deltakarane i ein anna ’konkurranse’; til politikarar og administrasjon i Sogndal kommune. Der er ikkje mykje olympisk ånd eller ’fair play’. Det er som ein ishockeykamp som begge lag meinar dei har vunne, men som berre skaper fleire taparar di lenger dei slåss om kven som vann. Nokre nærbilde av ein hjort under tak vil sikkert ikkje korte særleg ned på den kampen.

Les meir om hjorten som kjem inn og stel mat. Mange bilde.

Når eg skriv om OL og korrupsjon og doping og slikt så er eg fullt klar over at det er ein del folk som vil vri og vende på orda og meiningane mine, for å setje det inn i permen med ’bevis’ på at eg er vond og løgnaktig. Det må dei berre gjere. Eg tek til å bli vant til det no. Slikt må ein vel berre rekne med når ein år etter år stikk fram hovudet sitt med meiningar om alt muleg.

Nesten denne teksten er publisert som Innhogg i Sogn Avis 24.2.2018.

IMG_5742

Skjermdump frå sognavis.no Sogndalsordførar Jarle Årvoll (JÅ) og rådmann Jostein Ånestad (JÅ).

Advertisements

Når hjorten kjem inn og stel mat…

Eg skulle køyre rundballar til både sauefjøsen og samdriftsfjøsen i dag. Først køyrde eg ein rundball inn i fôrrommet til sauene. Så køyrde eg rundballar til samdriftsfjøsen. Og til slutt henta eg den andre rundballen til sauene. Då eg skulle rygge inn i fôrrommet møtte eg denne karen her:

Eg begynner å kjenne han no. Etter å ha kjempa med han fleire vintrar i ein slags leik, der eg prøver å stenge han ute frå fôrrommet, og han prøver å bryte seg inn. For det meste vinn eg. Men av og til vinn han. Og det brukar vere lett å oppdage når han har vore der. Han legg alltid att spor. Spor i snøen utanfor. Litt hår etter han har klatra over eller gjennom sperringar. Ein morgon for nokre år sidan låg geviret hans igjen attmed rundballen.

Denne vinteren har han vore meir pågåande enn nokon gong før. Denne vinteren har hjorten generelt vore meir pågåande enn nokon gong før. Eg veit ikkje korfor, men svoltne er dei. Og det å møte hjort heilt inne på gardstunet på kveld og morgon skjer dagleg. Dei stive stråa i fôret som sauene ikkje et opp blir kasta ut fjøsdøra. Og hjorten er der før det er mørkt om kvelden og et opp det sauene ikkje vil ha. Men han karen eg møtte i dag nøyer seg ikkje med restar etter sauene. Og no stod han altså og åt på rundballen eg akkurat hadde henta til sauene. Klokka kvart over eitt om dagen.

Sjå video av bukken på facebook-gruppa Mann med greip her!

Eg har aldri vore så nær han som i dag. Då eg oppdaga han i fôrrommet gjekk eg ut av traktoren og inn til han. Så oppdaga eg at eg ikkje hadde telefonen med meg. Eg tok sjansen på at han ikkje stakk sin veg, og gjekk inn og henta mobilen. Då eg kom tilbake til fôrrommet stod han der framleis. Eg prata med han og tok både bilde og video av han. På det næraste var avstanden mellom oss mindre enn to meter. Her er nokre av bilda eg tok.

Er det nokon som kan fortelje meg kor gamal han er?

NRK Sogn og Fjordane har laga sak på dette blogginnlegget. 

Les også: Kva hjorten og folk flest ikkje veit

Post Navigation