MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “mars, 2018”

Bjørn med bananskal på breblå bakgrunn

Dette er i grunn ikkje eit debattinnlegg. Det er ikkje spesielt sakleg heller, særleg ikkje det om å setje ein bjørn med eit bananskal inn i eit kommunevåpen.

For litt sidan blei eg og fleire andre spurde om å teikne eit forslag til nytt kommunevåpen for den nye storkommunen Sogndal, som Leikanger og Balestrand kommunar skal innlemmast i. Teikne kan eg ikkje, så oppgåva tyktest umuleg.

Om Fjærland var sin eigen kommune hadde vatn som element passa godt: breen, fjorden, regn, snø og is. Men Fjærland er som kjent ingen kommune. Hjort hadde forresten også passa, om det ikkje var for at hjort som kommunevåpen er oppbrukt. Det same er bjørn. Den siste bjørnen som blei sett innafor grensene av den nye kommunen var forresten ein bjørn som løfta eit bananskal. Oppe på Vetlebreen i Fjærland. Derfor blir mitt forslag slik: Bjørn med bananskal på breblå bakgrunn.

IMG_0046

Skjermdump frå Sogn Avis: Bjørn med bananskal på breblå bakgrunn.

Når eg les Sogn Avis i dag ser eg ni seriøse forslag til nytt kommunevåpen – og ein bjørn med bananskal på breblå bakgrunn. Sjølv om nokre av barna mine seier forslaget mitt var det beste, så har eg ikkje tenkt å kjempe for denne bjørnen. Men eg tykkjer Per Christian Grov har gjort eit godt arbeid med å teikne forslaget mitt.

Fleire av forslaga i Sogn Avis i dag har med fjell og fjord. Og eit motiv der både fjell og fjord er med kan fungere godt som kommunevåpen for den nye kommunen. No framover er det opp til einkvar å levere inn forslag. Eg tvilar på at det kjem fleire forslag som har med både bananskal og bjørn.

Advertisements

Dråpar i havet

Denne veka hadde Dampskipskaien Sogndal i samarbeid med ’Rom for ord’ eit arrangement med tittelen ’To skammens kapittel’. Tema var holocaust og flyktningesituasjonen i Europa i dag, og var ein samtale mellom historikaren Bjarte Bruland, som har skrive boka ’Holocaust i Norge’, og sogningane Rasmus Mo og Ole Petter Heggestad, som er aktive i organisasjonen ’Dråpen i havet’. Eit av spørsmåla var om det er likskapar mellom holocaust og dagens flyktningesituasjon.

Av og til trur vi at det vi gjer berre er ein dråpe i havet. Men havet ville vore mindre utan den dråpen.»
Mor Theresa

På spørsmål frå møteleiar om det går an å sei at antisemittisme og det framandhatet vi ser i dag er det same, svara Bruland klart nei. Men det er likevel klare likskapar; mange av mekanismane er dei same, sa han. Mellom anna at vi ikkje ser på flyktningane som individ, men som gruppe. Han meinar også at flyktningleirane vi ser i dag liknar på flyktningleirane både før og etter forrige verdskrig.

dapenihavet

Heggestad og Mo fortalde om sterke inntrykk frå strendene og flyktningeleirane i Hellas. Det kjem framleis 3.500 flyktningar til Hellas kvar veke. Kor mange som druknar på overfarten veit vi ikkje. Når den tyrkiske kystvakta når igjen smuglarbåtar blir flyktningane kasta over bord av smuglarane. I vatn som er 5-6 grader, langt frå land. De kan tenkja dikka at da ikkje går så bra, sa dei to ’dråpane’ frå Sogndal – og vi forstod.

Mange av forteljingane eg har høyrt frå flyktningane kan eg ikkje fortelje til borna mine.»
Ole Petter Heggestad

Dråpen i havet har teke namnet sitt frå eit sitat etter Mor Theresa: «Av og til trur vi at det vi gjer berre er ein dråpe i havet. Men havet ville vore mindre utan den dråpen.» I dag er det viktigaste arbeidet til organisasjonen inne i flyktningleirane. Heggestad og Mo sit med sterke inntrykk. ’Mange av forteljingane eg har høyrt frå flyktningane kan eg ikkje fortelje til borna mine. Eg kan ikkje fortelje dei til dikka heller.’ Forholda flyktningane lever under er utenkjelege. Nokre av flyktningeleirane har ikkje hjelpeorganisasjonane tilgang til. Forholda i dei leirane kan vi berre tenkje oss. I eit fengselsanlegg tenkt for 1500 fangar lever det i dag over 8.000 flyktningar. Dei lever i eit helvete, sa Heggestad. Men det er likevel betre enn det dei flytta frå. Og så kallar norske politikarar dei lukkejegerar. Når dei snakkar om folk som har flykta frå bomber og ruinar. Om menn som har flykta frå ruinane som begrov familiane deira. Om mødre utan barn, og om barn utan mødre.

Band blir brutalt brote.

Eg kan akseptere at folk har ulike meiningar, sa Mo, men eg kan ikkje akseptere at landet vårt lukkar augene og stenger grensene for å sikre vår eigen levestandard. Sjølv om det vi kan bidra med berre er dråpar i havet, så er det viktige dråpar. Ikkje alle kan reise ut. Men då kan ein bidra med å bli faste gjevarar, sa Mo.

Sjølv ser eg fleire likskapar mellom måten jødane blei møtt før og under krigen og måten Norge møter flyktningar på i dag. Måten politiet bryt seg inn i kyrkjeasyl og tek med seg familiar gir assosiasjonar til måten jødar blei henta frå heimane sine av norsk politi under krigen. Vi har lese i Sogn Avis om barn som blir henta frå klasserom utan at dei som sat att i klasserommet fekk teke farvel. Band blir brutalt brote. Heldigvis blir dei ikkje sende til konsentrasjonsleirar. Men mange blir sende tilbake til krig, og somme møter tortur og død. Frykten dei kjenner på veg frå trygge forhold i Norge til krig og frykt for sine barns liv kan vi berre tenkje oss. Eller vi kan lukke augene og tenkje på dei som ein del av ei gruppe vi ikkje likar. Omtrent slik jødane blei sett på på 1930- og 1940-talet.

Post Navigation