MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “juni, 2018”

– Det målet tel ikkje!

– Det målet tells ikkje! ropte Anders. Orda slo meg hardt i magen. Eg sprang gråtande forbi læraren i skulegarden. Ho såg bort. Eg sprang rundt hjørnet av skulen, prøvde gøyme meg bak nokre busker, medan dei andre ropte slike ord dei brukte rope til meg. Eg gret. Det var første gong eg hadde klart å score mål.

– Korleis går det? Det var Bjørn si røyst. Vi prata litt, og etter mange fine ord blei eg med Bjørn tilbake til dei andre. I det vi gjekk forbi læraren spør Bjørn henne: – Korfor let du dette skje?

– Såpass får de tole! svara ho.

IMG_6001

Denne vesle teksten blei til på eit skrivekurs midt i Bokbyen i Fjærland for nokre veker sidan. Etterpå delte eg den mellom anna på facebook, utan kommentar eller forklaring. Eg kunne til dømes ha skrive at denne teksten ikkje er sjølvbiografisk. For det var det sikkert mange som trudde. Men eg har ei erkjenning no midt i fotball-vm: Eg har aldri vore god i fotball. Eg har aldri vore spesielt interessert i fotball heller. Eg hugsar då to av klassekameratane mine første gong snakka om engelske fotballag. Den eine likte best Liverpool, sa han, og den andre likte best Leeds. Eg trudde dei snakka om pålegg. Då dei spurde kva eg likte best av dei to, svara eg leverpostei, for eg visste ikkje kva pålegg leeds var.

Så det er kanskje ikkje særleg rart om dei som kjenner meg trudde eg-personen i forteljinga var meg. Men hovudpoenget i forteljinga er vaksne som tillet at slike situasjonar skjer. Gong etter gong, år etter år. Eg kunne fortalt om dei skadane dei borna som lever i ein slik skulekvardag kan få viss det får halde fram lenge nok. Eg kunne dikta om hendingar som er mykje meir alvorlege enn denne vesle episoden. Uansett kva eg dikta om mobbing ville det vore sant for nokon. Eg kunne ha dikta om barn sine minner om dei gongene det hadde dødsangst på skulen eller på veg til og frå skulen. Men eg kjenner barn med slike forteljingar, så eg treng ikkje dikte om det.

Eit klokt lite barn eg kjenner fortalde læraren sin om mobbing på ein skule det hadde gått på tidlegare: – Eg veit at dei (andre barna) eigentleg er snille; at det er ein som startar det og at dei andre berre blir drege med. Det kloke barnet har mange og gode venner på den gamle skulen, og forstår at problemet først og fremst ikkje ligg hos barna. For dei vaksne såg det som skjedde, gong etter gong, år etter år, men dei gjorde ingen ting for å stoppe det, ifylgje barnet.

Og sjølv om det eg har skrive til no kan vere oppdikta, så har eg fått høyre nok til å vite at alt kunne vore sant. Den vesle teksten i innleiinga her vart posta på ein blogg, og delt på facebook. I løpet av eit par dagar hadde det over 1100 treff. Mange kjenner seg att i den enkle teksten. Og det er i grunn berre trist. Nokre av tilbakemeldingane (frå lærarar) var at denne teksten burde henge på tavla på lærarrommet til alle norske skular.

Siste vekene har eg vore på fleire avslutningsfestar for borna mine. Eit barn er ferdig på ungdomsskulen, eit er ferdig i barneskulen og skal starte i ungdomsskulen, eit barn er ferdig i 5. klasse og skal skifte skule til hausten. Altså var det grunn for markeringar for alle desse tre klassane. Det har vore kjekke festar i tre gode klassar, med mykje god underhaldning og god mat. Når både elevar og lærarar seier dei kvar dag på veg til skulen har gleda seg til å treffe klassen, så veit du at dei har hatt dei beste lærarane. Og når barn 2 arvar barn 1 sine lærarar, og barn 3 arvar barn 2 sine lærarar, då veit eg at borna mine dei neste åra framleis skal ha dei beste lærarane.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 23.6.2018

Les også:

Når læraren mobbar.

Om det var eit hol i golvet

Kjære ti år gamle Andreas.

Post Navigation