MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “juli, 2018”

Håpar kona spurde korfor han prøvde drepe familien sin.

Var på ein liten tur forrige veke, saman med barna og anna nær familie. To bilar i fylgje. Vi hadde ikkje køyrt lenge før vi møtte ein galen bilførar. Vi hadde såvidt passert Lærdal då vi møtte ein kø bilar. Den første forbikøyringa vi såg var ei forsvarleg forbikøyring. Eg slakka ikkje på farten fordi eg såg at bilen imot hadde god tid til å komme seg tilbake til rett køyrefelt.

Men bak kom det ein sjuk galning. Med campingvogn og sannsynlegvis familien på tur. På oversiktleg strekning starta han ei forbikøyring som han garantert må ha forstått ikkje kom til å gå bra om ikkje både bilen han køyrde forbi og bilen han møtte (meg og barna) måtte bråbremse og stanse for å unngå at familien hans og familien min kunne blitt drept. Eg bråbremsa og stoppa. Det gjorde heldigvis også bilen som blei forbikøyrt. Då klarte den sjuke galningen akkurat å slenge seg inn framfor den andre bilen og unngjekk såvidt frontkollisjon med oss.

Eg håpar den sjuke galningen hadde med seg ei kvinne i bilen. Ei mor til barna hans, eller ein sambuar som bryr seg meir om barna enn han sjølv. Eg håpar at denne mora spurde han korfor han var villeg til å satse livet til barna sine for å sleppe å vente 15-20 minuttar på neste ferje på Fodnes. Eg håpar galningen ikkje utset sine eller mine barn for dødsfare fleire gonger for å tene minuttar i trafikken. Men dersom ikkje galningen hadde med seg nokon som spurde han korfor han var villeg til å late barna sine dø for å tene minuttar i trafikken, så trur eg han kan komme til å gjere det same om igjen. For det gjekk jo bra!!!

forbikjoring_forbudt

Uforsvarleg forbikøyring kan gjere at ein sparar sekundar og kanskje minuttar i trafikken. Det kan også føre til død og tiltale for drap.

Det eg skriv om skjedde kring kl 13.00 onsdag 25. juli. Dersom nokon veit kven som satsa livet til familien sin og familien min, så høyrer eg gjerne frå dykk. Eller de kan melde vedkommande før det er for seint. Før han drep barna sine eller andre uskuldige i trafikken.

Lat Moe-fyren få ein sjanse!

Medan turistane strøymer til Sogn står majestetiske Hotel Mundal som eit spøkelsesslott ved Fjærlandsfjorden. Frå det blei opna i 1891 har det vore i drift kvar sommar bortsett frå under krigen og siste somrane Rolf Wikborg stod som eigar, før han selde hotellet til Ola Moe for eit par år sidan. I 2016 og 2017 var det i drift igjen. No er det stengt pga planlagt renovering. Og fjærlendingane er utolmodige og uroa over at arbeidet enno ikkje er starta. Og utolmod og uro skaper forteljingar om kva som ’eigentleg’ skjer; forteljingar som ikkje alltid har rot i fakta, og som endrar seg etter kven som er forteljar.

 

For nokre veker sidan møtte eg Ola Moe i samband med at han ville sjå på nokre eigedomsgrenser mellom garden min og ein skogteig hotellet eig. Han fortalde då kva planar han har for hotellet. Det er å totalrenovere bygningen og setje han tilbake til arkitektteikningane. Arker og påbygg som er gjort seinare skal bort. For å få økonomi i hotellet må han byggje ein ny romfløy, og auke talet rom til vel hundre. Eit slikt tilbygg er det som må til for å få økonomi i den daglege drifta, trur Moe. Men kostnadane med renoveringa veit han ikkje enno. Heile taket må ned, og byggjast opp på nytt, seier han. Han har hatt møter med fleire entreprenørar, og dei fleste gir råd om å gjere det på den måten.

Det fjærlendingane lurer på, sa eg, er om dette prosjektet er finansiert. Moe såg på meg utan å trekke ei mine. Finansieringa er ikkje den største bøygen akkurat no, svarte han. No er riksantikvaren kopla inn, og vi kan ikkje gjere noko som helst før vi får vite frå dei kva vi kan gjere og kva vi ikkje kan gjere. Og det tek tid. Vi hadde håpa å starte renoveringa i sommar. Men vi kan ikkje starte før riksantikvaren gir grønt lys. Vi kan ikkje risikere å miste dei offentlege tilskota. Men planen er framleis å opne nyrenoverte Hotel Mundal våren 2020. Med tre gonger så mange rom som i dag.

Dersom vi vil Hotel Mundal og bygda sitt beste må vi ikkje gjere alt vi kan for å sverte dei som eig hotellet. Dersom han fyren Moe har ’heile’ bygda mot seg er oddsa for at han skal lukkast med planane om å setje hotellet i stand igjen mykje mindre. Dersom vi ynskjer at det skal gå bra må vi vere positivt innstilt. Viss vi let bygdedyret ri oss så hjelper vi berre bygdedyret å øydeleggje for bygda og hotellet. Og det trur eg ikkje fjærlendingane vil. Det er nok nokre få som har bestemt seg for å mislike Ola Moe såpass sterkt at dei håpar han ikkje lukkast med å restaurere Hotel Mundal. Det er nokre få som trur at hotellet sitt einaste håp er at det blir teke over av ein idealist med pengar. Men det kjem ikkje til å skje. Derfor må vi gi riksantikvaren og Moe-fyren ein sjanse. For hotellet si skuld. For bygda si skuld. Det er kanhende hotellet sin siste sjanse.

Og medan vi ventar på at arbeidet med renovering skal starte står hotellet der som eit spøkelsesslott ved fjorden i Mundal. Og det skal visst vere spøkelse på Hotel Mundal. Eg har høyrt fleire med sommarjobb fortelje at dei har møtt nokre av spøkelsa der. Eg lurer på om spøkelsa er like uroa for hotellet si framtid som levande fjærlendingar. Eller ser dei på planane til den nye eigaren med optimisme og framtidstru?

Denne teksten er trykt som innhogg i Sogn Avis 21. juli 2018.

Då Ola Moe søkte om løyve til å rive hotellet i 2016 skreiv eg dette minneordet:
Hotel Mundal – til minne.

unnamed

Skjermbilde frå Sogn Avis då Ola Moe hadde overteke hotellet etter Rolf Wikborg. Den gongen blei det feira at Wikborg var ute. No meiner somme at Wikborg var ein god mann for hotellet.

Utan lyset sprekk ikkje nazi-trollet!

Såg ein liten video i dag, delt på sosiale medier. Ein svensk journalist på arbeid for SVT er tilstade på ein demonstrasjon eller kanskje ein prideparade. Journalisten går fram til ei bod med nazistorganisasjonen Den nordiske motstandsrørsla (DNM), presenterer seg og spør om å få stille eit spørsmål.

– Hei, Janne heter jag. Kan jag ställa nogra frågor?

– Nei, för du är jude.

Journalisten spør igjen, og mannen svarar at nei, han vil ikkje snakke med ein ekkel jøde. – Hur menar du nu? spør Janne. Svaret frå nazisten er – Hur f*n kan du misstolka äklig jude?

Så kjem ein anna, høgre rangert nazist, og seier han kan svare på spørsmåla. Journalisten stiller spørsmål om demokrati og kven som skal ha stemmerett ifylgje DNM. Journalisten spør korleis det er med hans kone, som er av vallonsk blod, og hennar forfedre kom til Sverige på 1500-talet. Det er ingen problem med henne, svarar nazisten, bortsett frå at ho er gift med ein jøde.

(Sjå videoen her.)

Somme meinar at nazistane må ignorerast, så blir dei borte. Dei blir ikkje det. Troll sprekk ikkje før lyset treff dei, kan vi lese i norske folkeeventyr. I Bibelen står det at lyset overvinn mørkret. Og det er vel ei naturlov. Dersom mørkret får vere i fred i mørkret, så veks det der. Berre lyset kan overvinne mørkret.

Og nazismen er noko av det mørkaste verda har fostra. For 60-70 år sidan fekk nazismen vekse seg stor fordi ingen sette på lyset. Heller ikkje kyrkja, dei kristne i Europa, sette på lyset i mørkret, dei lukka augene og såg bort medan millionar av jødar og andre uønska innvandrarar til Europa blei behandla som dyr eller myrda, med kvinner og barn.

Sjølv om desse politikarane har teke avstand til nazismen, bør det vere eit skremmeskot for oss at nazistane hyllar dei for menneskesynet deira.

Det veks mørke krefter i Europa i dag. Ikkje alle desse kreftene kan kallast nazisme. Men noko har dei felles, og det som er felles er det som gjer dei mørke: Hatet mot dei andre, hatet mot dei framande. For nazistane var hatet mot jødane den viktigaste djevelske næringa. Men om ein tek bort hatet mot jødar og snakkar om hatet mot dei framande, mot dei andre, mot innvandrarane – då er ikkje det så stor skilnad mellom nazisme og mange av dei høgrepopulistiske politiske partia i Europa i dag. Også her i landet har vi sett døme på at profilerte politikarar med makt har bevega seg inn på noko av nazistane sitt menneskesyn. Til stor jubel for nazistane sjølvsagt. Sjølv om desse politikarane tek avstand til nazismen, bør det vere eit skremmeskot for oss at nazistane hyllar desse politikarane for menneskesynet deira.

Dei tunne grensene mellom framandhat og nynazisme.

Dette kan vi ikkje tie i hel. Vi må sette lyset på før det er for seint. Vi kan ikkje tenkje at det nyttar ikkje at eg seier frå. Vi må ikkje late det komme så langt at vi ikkje lenger torer å seie frå. Vi må ikkje late mørkret og framandhatet ta over Europa utan å setje på lyset. Då vi historien dømme oss på same måte som dei som såg kva som skjedde i Europa på 1930- og 40-talet utan å sei frå.

Eg har vore på Auschwitz Birkenau der restane av omlag 1,5 millionar menneske; menn, kvinner og barn, for det meste jødar, kviler i aska. Lukta av aska ligg framleis stramt over plassen. Europa har lova at dette aldri skal skje igjen. Men då må vi stoppe dei kreftene som vi ser i dag som la grunnlaget for det som skjedde då. Vi må ikkje unngå denne debatten. Vi må setje på lyset!

Nynazistar får ikkje skrive på fb-veggen min meir!

IMG_5603 (2)

Post Navigation