MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “august, 2018”

Ekstremturke og matforsyning

I sommar har avisene vore fulle av varmerekordar, skogbrannar og turke. Og dei har vore fulle av kva konsekvensar turken får for norske bønder. Men turken har ikkje berre ramma Norge, den har ramma heile Nord-Europa, og truleg vil konsekvensane vere langt meir alvorlege i mange andre land enn her.

IMG_6097
Gradestokken i Mundal 28. juli kl 13.29.

No har ikkje eg tenkt å skrive så mykje om turken sine konsekvensar for norske bønder, sjølv om vi har merka det her òg. Vesentleg nedgang i grasproduksjonen gjer nok at det blir litt mindre dyr i fjøsen i vinter. Heldigvis hadde vi att litt rundballar frå i fjor. Ein del gardar i Fjærland har ikkje hatt så store avlingstap, andre gardar har hatt stor avlingsnedgang. Alt etter kva slags jord det er vi dyrkar gras på. Omlag 2/3-deler av arealet på garden min er turkeutsett, medan resten toler mykje turke. I sommar har eg også vatna areal som toler mykje turke, plassar det aldri har vore vatna før. Det har altså gått ein del diesel til å pumpe vatn frå Mundalselvi. Så lenge det er snø og is i fjella blir heldigvis ikkje elva turr. Men metoden for å berge avlingar medvirkar til klimaendring.

Ein av bonusane med vatning er at ein får sin eigen vesle regnboge.

Det som har undra meg litt er kor lite det har vore skrive om at turken gir konsekvensar for matproduksjonen i verda. At grasavlingane er låge er ein bagatell å rekne samanlikna med avlingstapa på korn og oljevekster. EU samla er verdas største produsent av kveite.Kina er største enkeltlandet på kveite-produksjon, men dei er likevel avhengig av import for å ha nok til seg sjølve. India er nest størst, medan USA og Russland vekslar om tredjeplassen. Men også i Russland er det avlingssvikt i år, med ein stipulert nedgang på minst 20 prosent. I tillegg blir det meldt om stor avlingsnedgang på korn og oljevekstar i Ukraina og Australia.

Konsekvensane av sviktande kornavlingar har her til lands drukna i media sin omtale av konsekvensane for norske bønder. Medan avisene er fulle av bilde med skogbrannar, is-smelting på Antarktis, brune, avsvidde enger og åkrar og at hestar må slaktast fordi fôret blir for dyrt, så er det ikkje mange ord om at turken fører til auka svelt i verda. Korfor er ikkje det eit tema i norske medie? Kanskje fordi vi er så rike at vi trur vi alltids får tak i korn ein eller anna plass frå i verda. Det er i alle fall det norske styresmakter byggjer sin politikk om matforsyning på. Dei seier at uansett kva krise som kan ramme, inklusive krig, naturkatastrofar og konsekvensar av klimaendringar, så er vi trygge på å få tak i den maten vi treng. For handelsvegane i verda vil uansett krisesituasjon fungere som normalt, meiner norske styresmakter, derfor vil vi kunne importere mat som før.

Kriseførebuing a la Norveg

For fagfolk i landbruket er mangelen på såkorn neste utfordring. Etter ein dårleg, våt haust i fjor, blei det knapt med såkorn i vår. Beredskapslageret på såkorn dekkar berre 15 prosent av eitt års forbruk. Landbruksorganisasjonane har år etter år teke opp trongen for å auke beredskapslageret, men har ikkje fått med seg styresmaktene. Til neste vår må det importerast mykje meir såfrø enn normalt. Vanlegvis importerer vi frå Sverige og Finland, for dei har frø som passar våre klimatiske forhold. Men der har som kjent turken ramma like hardt som elles i Europa. No blir det diskutert kor ein alternativt kan importere såkorn frå. Canada kan ha frø som passar her, men å importere derifrå gir utfordringar med floghavre og sjukdom.

Dei mest sannsynlege konsekvensane for norsk matvareproduksjon på kort sikt er auka tilgang på norsk kjøt frå storfe og sau no i haust. I tillegg kan det bli mangel på mjølkeprodukt som til dømes smør neste år. Dette har ein ikkje oversikt over enno. Men korn må vi importere. Slik vi brukar gjere, berre ein del meir enn vanleg.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 18.8.2018

Kva skal vi eta når økonomien kollapsar?

Advertisements

Det målet tells ikkje

– Det målet tells ikkje! ropte Anders.

Orda slo meg hardt i magen. Eg sprang gråtande forbi læraren i skulegarden. Ho såg bort. Eg sprang rundt hjørnet av skulen, prøvde gøyme meg bak nokre busker, medan dei andre gutane ropte slike ord dei brukte å rope etter meg. Eg gret. Det var første gong eg hadde klart å score mål.

– Korleis går det? Det var Bjørn si røyst. Vi prata litt, og eg blei med Bjørn tilbake til dei andre.

– Korfor let du dette skje? spør Bjørn når dei går forbi læraren.

– Såpass må de tole! svarte ho.

 

Les også innhogg om lærarar som let mobbing skje.

Les også BT-kronikken: Når læraren mobbar.

Post Navigation