MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “november, 2018”

Visst er det synd på Frp!

Eit oppkappa, halvdelt Krf elskar Høgre og Frp. Men spørsmålet er ikkje berre kva Erna Solberg og Krf vil med norsk politisk makt. For Frp kjenner seg tydeleg overkøyrt i spørsmålet om Krf skal få dele makt med noverande regjerning.

Christian Tybring-Gjedde seier at begeret for kva han kan tole frå Krf er fullt. Det har han i grunnen sagt i mange år. Og han viser til det han kallar Krf sin manglande kristne haldning. Han er ikkje heilt ærleg. Han burde sagt at begeret for kva han kan tole er alt for lite. I alle fall målt etter kristne prinsipp, som td. det at ein skal snu det andre kinnet til. For det vil han ikkje. Han vil berre kritisere sine meiningsmotstandarar i Krf som ynskjer å gjeninnføre nestekjærleik i norsk politikk. Kanskje motviljen er at kristen nestekjærleik liknar litt på det sosialistiske omgrepet solidaritet. (Frp sin politikk er forresten meir lik solidaritet enn nestekjærleik.) Men Tybring-Gjedde er nok klar over at hans framandhat og islamfrykt ikkje berre appellerar til høgreekstreme og nazistar, men at haldningane også har gjenklang langt inn i kristne rekker (hos kristne som trur at Allah kjem til å vinne over Gud og overta landet vårt.)

tybring-gjedde.jpg

Fullt beger? Somme folk har små beger, men forventar at dei dei ikkje likar har enormt store bege.

Eg vil påminne Frp om nokre ting deira folk har sagt om Krf:

Per Sandberg: Krf har eit enormt ansvar for at vi rekrutterer titalls unge menneske til terrororganisasjonar, som driv med krigshandlingar og massakrerer kvinner og barn. Dette er Krf sitt ynskje, og resultatet ser vi no. (Sandberg nyanserte meiningane sine etterpå, og sa det var uheldig formulert, men at ansvaret for omtalt utvikling likevel må plasserast hos Krf.)  Sylvi Listhaug: Hareide sleikar imamar med ekstreme haldningar oppetter ryggen. (Listhaug sa etterpå noko om at ho ikkje meinte det heilt bokstaveleg at Hareide sleikar imamar oppetter ryggen, men at i overført meining gjaldt uttalen fleire politikarar enn Hareide.) Og på fleire Frp-profilar sine fb-sider blir Krf karakterisert med hat og med haldningar som totalt manglar den respekten som finst i den kristne kulturen dei same Frp-politikarane seier dei forsvarar. Hareide blir mellom anna kalla landssvikar, quisling og hjernedaud. Eg kunne gjort dette avsnittet nesten uendeleg langt, men vel å ikkje gjere det.

Som vanleg brukar altså ein Frp-profil argumentasjonen at «det er synd på oss fordi alle er imot oss», eller «fordi alle snakkar dårleg om oss». Fordi nokre Krf-arar, som stemte mot å samarbeide med Frp, har sagt noko om å styrke nestekjærleik og menneskeomsyn i sin politikk. Det brukar altså Frp som argument for å ikkje ville samarbeide med Krf. Men å sei at Krf-arar er ansvarleg for terror og massakrar på kvinner og barn, og at dei er landssvikarar, quislingar, hjernedaude og mykje meir, (som eg har valt å ikkje ramse opp,) det er vel ikkje så ille vel? I alle fall ikkje like ille som å peke på at KrF uttalar at dei ynskjer å arbeide for eit varmare samfunn.

Når det er sagt så er dette blogginnlegget meint for dei som forstår ironi. Og sjølv om barna mine forstår ironi, så veit eg at det finst vaksne som ikkje forstår ironi, og som derfor ikkje forstår denne teksten. Dette siste avsnittet var til dykk. Men de må ikkje gjere kvar einaste setning eg skriv til ironi!

Solidaritet og nestekjærleik – to ulike menneskesyn!

Advertisements

Medan mannsdagen sklir uensa forbi…

 

Det er mannsdagen i dag, 19. november. Som vanleg har eg høyrt på nyhende heile dagen, og fekk med meg at NRK radio såvidt nemnde «mannedagen», som programleiaren insisterte på å sei. Korfor skal vi ha ein mannedag? spurde den kvinnelege programleiaren. Vi har jo mannedagar heile året, og berre ein kvinnedag. Det heiter mannsdagen, sa intervjuobjektet.

Korfor meinar du det trengst ein mannedag? spurde programleiaren. Kvinner har det jo mykje verre enn menn! Det er menn som skaper problem for kvinner i arbeidslivet, ikkje motsett. Det er menn som bankar kvinner. Eller; statistikken seier jo at i forhold blir like mange menn som kvinner utsett for vald, innrømma intervjuaren. Men menn blir ikkje utsett for like grov fysisk vald, dei blir berre utsett for psykisk vald! påpeika ho.

Intervjuobjektet forsvarte godt at det er naudsynt med ein mannsdag. Menn opplever også å bli diskriminert på arbeidsplassen. Menn blir også utsett for vald. Psykisk vald kan vere like øydeleggjande som fysisk vald. Men det gir ikkje synlege merker på kroppen. Det gir usynlege smerter og merker på innsida. Det kan vere ei av forklaringane på at menn oftare tek sjølvmord, sa intervjuobjektet. Les meir…

Om det går oppover eller nedover er eit definisjonsspørsmål!

Eg hugsar for nokre år sidan ar avisa Firda skreiv i ei sak at det var nedoverbakke frå Kjøsnesfjorden til tunellinnslaget på Fjærlandstunellen. Einkvar anna person enn denne Firdajournalisten forstår kor dum denne påstanden var. Sannsynlegvis forstod han det sjølv også, etter min kommentar i same avis nokre dagar seinare.

Her om dagen var eg på veg frå Fjærland til Sogndal. På veg nedover Sogndalsdalen lyste lampa om at det var lite drivstoff igjen på tanken. Eg kommenterte dette til passasjeren i bilen. Eg sa at det går fint, for i nedoverbakke går det lite drivstoff. Og resten av vegen til Sogndal var det berre nedoverbakke.

Då sa passasjeren at det er eit definisjonsspørsmål om det er nedoverbakke eller om det er motbakke. Det spørst kor på jorda ein er, meinte han, og i kva retning ein køyrer. Enten køyrer vi heile tida motbakke, eller så går det heile tida nedover.

No har eg ikkje sjekka denne teorien med kartet i forhold til Firdajournalisten sin påstand om at det var nedoverbakke frå Jølstravatnet til innslaget på Fjærlandstunellen. Men uansett syns eg teorien til passasjeren min på ein biltur frå Mundal til Sogndal er meir intelligent enn teorien til Firdajournalisten. Sjølv om passasjeren i bilen min berre var elleve år gamal. Når eg tenkjer etter tvilar eg i grunn på at Firdajournalisten, som ikkje visste kva som var opp og ned frå Jølstravatnet, er i stand til å forstå teorien eg blei servert av ein elleveåring i bilen på veg frå Fjærland til Sogndal her om dagen…

nedoppmai17_1

Eit misvisande bilde sjølvsag, i elleveåringen sin teori har ikkje dette skiltet meining. Det spørst om den omtalte Firdajournalisten og lamma på det andre bildet forstår det…

Det krevst ein landsby å oppdra eit barn!

MOT er ein ideell organisasjon starta av norske toppidrettsutøvarar i 1997, med Johann Olav Koss som ein av initiativtakarane. Det viktigaste innsatsområdet til organisasjonen er programmet «Robust ungdom», som vender seg mot ungdomsskular og vidaregåande skular. I dag er nær 300 skular knytt til organisasjonen, og dei når ut til omlag 65.000 ungdommar i heile landet. MOT skriv på nettsida si at det blir gjennomført 15.000 MOT-møter kvart år, og at ildsjeler i organisasjonen årleg brukar 30.000 timar i klasserom. Ifylgje MOT er andelen mobbing langt lågare i skular med MOT-partnerskap. Og blant dei som blir mobba er andelen som trivst på skulen langt høgare i skular med MOT-partnerskap.

IMG_6396

Sidan byrjinga av 2000-talet har Kvåle skule i Sogndal vore MOT-partnar. Rektor Kjetil Sønnesyn inviterte denne veka alle foreldre til temamøtet «Mot som universalverktøy 24/7». Undertema var 1) ingen er berre det ein ser, 2) korleis skape godkjensla hos born og unge, og 3) korleis vise tøff kjærleik. Føredragshaldar var Stein Bratseth, som har 35 års erfaring frå politiet, og som no reiser rundt og held føredrag for foreldre og lærarar på MOT-skular. Ut frå sin erfaring frå politiet, med mellom anna førebyggjande arbeid blant barn og unge, arbeidar han med å inspirere foreldre og lokalsamfunn til å skape robuste ungdommar som inkluderer alle. Bratseth fokuserte på det afrikanske ordtaket: det trengst ein heil landsby for å oppdra eit barn!

Eg hadde eigentleg tenkt å skrive om eit heilt anna tema denne gongen. Eit tidsaktuelt tema i den pågåande politiske debatten: Abort. Eg hadde tenkt å skrive om at skilnaden på å vere mot abort og å vere for abort kun går på kor tid ein definerer eit foster som menneske. I eit innlegg i Aftenposten skildrar professor emeritus i barnesjukdommar Ola Didkrik Saugstad ei jordmor sine opplevingar når eit 18 veker gamalt abortert foster gispar etter pusten nesten ein time etter «abort» før det dør. Denne jordmora seier at dei politikarane som vil utvide abortgrensa sjølve burde oppleve å trøyste fosteret til det sluttar puste. Saugstad er sjølv for abort før veke 12. Men han går sterkt irette med dei politiske ungdomsorganisasjonane som vil utvide abortgrensa. No har eg valgt bort abort som tema fordi auditoriet på Kvåle ikkje var fullt på måndag. Ofte kjem folk til meg etterpå og seier at dei som burde vore her, dei var ikkje her, sa Bratseth. Alle dei tomme plassane på auditoriet på Kvåle representerer alle dei som burde vore på føredraget. Eg håpar nokon av dei tomme plassane les dette innhogget.

Bratseth snakka om kor viktig det er for ungdom å kjenne tilhøyrigheit i grupper. Tilhøyrigheit i grupper kan i yttste grad hindre terrordåd. Det betyr ikkje at 22.7. ikkje kunne vore unngått. Likevel kunne det kankje… MOT sin visjon er å sjå framover, og hindre at ungdom blir ståande utanfor sosiale grupper. MOT til å leve. Til å vere seg sjølv. MOT til å bry seg. Til å skape godkjensle, til å vise respekt, kjærleik og omsorg til dei utanfor. MOT til å seie nei, til å prioritere, til å stå for eigne verdiar, til å våge sei frå, og til å praktisere tøff kjærleik.

Mot til å glede-dagen.

Bratseth utfordra oss til å ikkje vere ein av dei som stenger andre ute. Vi skal vere gode døme for barna og ungdommane våre. Om vi stenger folk ute er vi ikkje gode døme for barna våre. Dei vi stenger ute kan vere dei som havnar i dei feile, negative gruppene. Det er vårt ansvar som vaksne å vere gode førebilde. Det er ikkje alle barn som har ladestasjon i sin eigen heim. Mellom anna derfor krevst det ein landsby for å oppdra eit barn.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 10.11.2028.

 

Stein Bratseth og MOT sitt verdiprogram. (Bilde frå MOT si heimeside.)

Post Navigation