MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Det krevst ein landsby å oppdra eit barn!

MOT er ein ideell organisasjon starta av norske toppidrettsutøvarar i 1997, med Johann Olav Koss som ein av initiativtakarane. Det viktigaste innsatsområdet til organisasjonen er programmet «Robust ungdom», som vender seg mot ungdomsskular og vidaregåande skular. I dag er nær 300 skular knytt til organisasjonen, og dei når ut til omlag 65.000 ungdommar i heile landet. MOT skriv på nettsida si at det blir gjennomført 15.000 MOT-møter kvart år, og at ildsjeler i organisasjonen årleg brukar 30.000 timar i klasserom. Ifylgje MOT er andelen mobbing langt lågare i skular med MOT-partnerskap. Og blant dei som blir mobba er andelen som trivst på skulen langt høgare i skular med MOT-partnerskap.

IMG_6396

Sidan byrjinga av 2000-talet har Kvåle skule i Sogndal vore MOT-partnar. Rektor Kjetil Sønnesyn inviterte denne veka alle foreldre til temamøtet «Mot som universalverktøy 24/7». Undertema var 1) ingen er berre det ein ser, 2) korleis skape godkjensla hos born og unge, og 3) korleis vise tøff kjærleik. Føredragshaldar var Stein Bratseth, som har 35 års erfaring frå politiet, og som no reiser rundt og held føredrag for foreldre og lærarar på MOT-skular. Ut frå sin erfaring frå politiet, med mellom anna førebyggjande arbeid blant barn og unge, arbeidar han med å inspirere foreldre og lokalsamfunn til å skape robuste ungdommar som inkluderer alle. Bratseth fokuserte på det afrikanske ordtaket: det trengst ein heil landsby for å oppdra eit barn!

Eg hadde eigentleg tenkt å skrive om eit heilt anna tema denne gongen. Eit tidsaktuelt tema i den pågåande politiske debatten: Abort. Eg hadde tenkt å skrive om at skilnaden på å vere mot abort og å vere for abort kun går på kor tid ein definerer eit foster som menneske. I eit innlegg i Aftenposten skildrar professor emeritus i barnesjukdommar Ola Didkrik Saugstad ei jordmor sine opplevingar når eit 18 veker gamalt abortert foster gispar etter pusten nesten ein time etter «abort» før det dør. Denne jordmora seier at dei politikarane som vil utvide abortgrensa sjølve burde oppleve å trøyste fosteret til det sluttar puste. Saugstad er sjølv for abort før veke 12. Men han går sterkt irette med dei politiske ungdomsorganisasjonane som vil utvide abortgrensa. No har eg valgt bort abort som tema fordi auditoriet på Kvåle ikkje var fullt på måndag. Ofte kjem folk til meg etterpå og seier at dei som burde vore her, dei var ikkje her, sa Bratseth. Alle dei tomme plassane på auditoriet på Kvåle representerer alle dei som burde vore på føredraget. Eg håpar nokon av dei tomme plassane les dette innhogget.

Bratseth snakka om kor viktig det er for ungdom å kjenne tilhøyrigheit i grupper. Tilhøyrigheit i grupper kan i yttste grad hindre terrordåd. Det betyr ikkje at 22.7. ikkje kunne vore unngått. Likevel kunne det kankje… MOT sin visjon er å sjå framover, og hindre at ungdom blir ståande utanfor sosiale grupper. MOT til å leve. Til å vere seg sjølv. MOT til å bry seg. Til å skape godkjensle, til å vise respekt, kjærleik og omsorg til dei utanfor. MOT til å seie nei, til å prioritere, til å stå for eigne verdiar, til å våge sei frå, og til å praktisere tøff kjærleik.

Mot til å glede-dagen.

Bratseth utfordra oss til å ikkje vere ein av dei som stenger andre ute. Vi skal vere gode døme for barna og ungdommane våre. Om vi stenger folk ute er vi ikkje gode døme for barna våre. Dei vi stenger ute kan vere dei som havnar i dei feile, negative gruppene. Det er vårt ansvar som vaksne å vere gode førebilde. Det er ikkje alle barn som har ladestasjon i sin eigen heim. Mellom anna derfor krevst det ein landsby for å oppdra eit barn.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 10.11.2028.

 

Stein Bratseth og MOT sitt verdiprogram. (Bilde frå MOT si heimeside.)

Advertisements

Single Post Navigation

3 thoughts on “Det krevst ein landsby å oppdra eit barn!

  1. Ingvar Åberge on said:

    Kom gjerne attende til abortspørsmålet i eit seinare innhogg eller eit eige innlegg!

    Likar

    • Johannes Eggen Mundal on said:

      Det er nesten så eg ikkje torer skrive om det. Kanskje eg tek det som eit blogginnlegg (ikkje avisinnlegg). Du kan fylgje med på fb-gruppa ‘mannmedgreip’ så kan du fylgje med kor tid eg postar innlegg.

      Likar

  2. Ingvar Åberge on said:

    I dag var det eit innlegg i abortdebatten i Sogn Avis av Bjørg Sølvi Refvik. Ho representerer Partiet De Kristne. PDK skal ha den rosa at dei ikkje er redde for å seia det dei meiner.

    Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: