MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Medan mannsdagen sklir uensa forbi…

 

Det er mannsdagen i dag, 19. november. Som vanleg har eg høyrt på nyhende heile dagen, og fekk med meg at NRK radio såvidt nemnde «mannedagen», som programleiaren insisterte på å sei. Korfor skal vi ha ein mannedag? spurde den kvinnelege programleiaren. Vi har jo mannedagar heile året, og berre ein kvinnedag. Det heiter mannsdagen, sa intervjuobjektet.

Korfor meinar du det trengst ein mannedag? spurde programleiaren. Kvinner har det jo mykje verre enn menn! Det er menn som skaper problem for kvinner i arbeidslivet, ikkje motsett. Det er menn som bankar kvinner. Eller; statistikken seier jo at i forhold blir like mange menn som kvinner utsett for vald, innrømma intervjuaren. Men menn blir ikkje utsett for like grov fysisk vald, dei blir berre utsett for psykisk vald! påpeika ho.

Intervjuobjektet forsvarte godt at det er naudsynt med ein mannsdag. Menn opplever også å bli diskriminert på arbeidsplassen. Menn blir også utsett for vald. Psykisk vald kan vere like øydeleggjande som fysisk vald. Men det gir ikkje synlege merker på kroppen. Det gir usynlege smerter og merker på innsida. Det kan vere ei av forklaringane på at menn oftare tek sjølvmord, sa intervjuobjektet.

img_6425.jpg

Som nevnt har eg høyrt på NRK nyheiter heile dagen. Det største dømet på at ein mannsdag er viktig er kjønnsdiskrimineringa som kvinnegruppa Ottar har forsvart på nyheitene i dag. Dei tek dobbeltmoralen til nye høgder når dei påstår dei er fremste forkjempar for likestilling, samstundes som dei seier at likestillingsprinsippa ikkje gjeld dei gongene det ikkje passar for kvinnegruppa Ottar. Dei sa, i fullt alvor, på NRK i kveld at dei forventar at menn står saman med dei i likestillingskampen, men at dei likevel nekta menn å delta med appell på eit arrangament sist helg. Dei ville kun ha kvinner til å snakke «for kvinner». Og han som stiller spørsmål ved standpunktet deira er visst ein narsissist som tenkjer berre på seg sjølv, elles hadde han godteke kjønnsdiskriminering i likestillingskampen sitt namn!

Narsissistar finst. Og sosiopatar. Dei hevar seg ofte over sosiale konvensjonar og reglar. Slik som kvinnegruppa Ottar hevar seg over likestillingsprinsipp dersom dei meinar dei sjølve tenar på dobbeltmoralen sin. Slik som kvinner og menn i forhold hevar seg over vanlege lover og øydelegg kjærestar og barn. Men vi høyrer mest om menn som brukar fysisk vald mot kvinnene sine. Menn og barn som blir utsett for psykisk vald frå kvinner høyrer vi ikkje så ofte om. Dei snakkar ikkje så høgt. Nokre av dei tek livet sitt. Så i dag trengst kanskje mannsdagen like mykje som kvinnedagen, tenkjer eg, medan mannsdagen sklir nærmast uensa forbi.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: