MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “mai, 2019”

Greta Thunberg, klimaendringar og konspirasjonsteoriar

Dei siste 12 månadane har gjennomsnittstemperaturen på målestasjonen i Fjærland i snitt vore 2,1 grader høgare enn normaltemperaturen. Normaltemperaturen er gjennomsnittstemperaturen i perioden 1961–1990. Kanskje 2018 var eit spesielt år i Fjærland når det gjeld nedbør og temperatur. Men det var det også i heile Norveg, heile Europa, og mange andre stader på kloden. Det er ein trend har vi sett over tid: at det fortløpande blir sett nye rekordar i vær og vind.

Eg har fleire gonger dei siste åra hevda at FN sitt klimapanel tek feil. Det er det forsåvidt fleire som meinar. Det finst framleis folk som fornektar klimaendringane. Somme av dei styrer landet vårt. Dei meinar også at klimarapportane frå FN er feil. Eg ser dei er feil fordi endringane går raskare enn klimapanelet har sagt.

Ei dame i eit ytterleggåande parti sa til meg at klimaendringar er noko sosialistane har funne på for å lure avgifter og skattepengar frå folk. Det er omlag like konspiratorisk som å tru at verda er styrt av reptilar, og at dronning Elizabeth av Storbritania er reptil. Når ho trekker seg tilbake om kvelden tek ho av seg menneskedrakten og et råe fuglar til kvelds. Millionar av mennesker trur at det er fakta, andre millionar trur på tusental ulike konspirasjonsteoriar. Som at klimaendringane er ein konspirasjonsteori skapt av sosialistane. Folk i dag er så opptekne med å byggje sitt eige perfekte ego på sosiale medier at vi ikkje evnar å avsløre konspirasjonsteoriar og falske nyhende. Folk trur på konspirasjonsteoriar som er skapte av folk med vitande vilje for å le av dei som går på limpinnen og trur på toskeskapen. Folk trur på kva som helst. Folk trur at flystripene på himmelen er gassar som sløvar ned menneska slik at vi ikkje gjer motstand mot demokratiske diktatorar som lurer oss i fella. Men folk trur ikkje på fakta som at dei same flya legg igjen enorme mengder klimaøydande gassar i atmosfæren.

Fjorårets kanskje beste tale blei halde av ein svensk femtenåring på ein FN-klimakonferanse i Polen. Greta Thunberg, no 16 år, seier ho skriv talane sine sjølv. Då kan ho retorikk betre enn dei fleste klimafornektarane, langt betre enn dei Frparane som samanliknar henne med ungdom som var manipulert av nazistar. (Dei har forresten gløymt at det var foreldra til nazi-ungdommane som var manipulerte.) Om slike politikarar seier jorda er flat og styrt av firfirsler som dronning Elizabeth blir vi ikkje forundra. Sjølv om dei er statsrådar i den norske regjeringa.

På FN sin klimakonferanse refsar Greta Thunberg min generasjon og min foreldregenerasjon for at vi har hatt kunnskap om kva klimaendringane fører med seg for våre etterkommarar i 20-30 år, og likevel gjer vi ikkje nok for å avgrense eller stoppe det. Kva skal eg svare, spør ho, når mine barn spør korfor ikkje besteforeldra deira, som visste om klimaendringane sine konsekvensar, gjorde meir for å berge livsvilkåra for sine eigne barnebarn.

Somme vil gi Greta Thunberg fredsprisen for at ho har sett så sterkt fokus på klimaproblema menneska har skapt. Men Thunberg er ingen fredsskapar. Ho er ein opprørar. Ho peikar på skulda og skammen hennar foreldregenerasjon har i klimaspørsmåla. Truleg har ho rett i at min generasjon og generasjonen før meg ikkje er vaksne nok til å gjere det som trengst for å gjere det leveleg for våre barnebarn. Vi overlet ansvaret til barn og barnebarn. Skal vi redde klimaet må vi vise Greta Thunberg og barna våre at vi må arbeide saman, ikkje mot kvarandre, for å redusere klimaendringane. At barn står mot foreldre og foreldre står mot barn vil ikkje redde klimaet.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 4.5.2019.

Post Navigation