MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Eg er vestlanding vorten no.

Skulestil av: ein forvirra femtiåring.

Alt var mykje enklare då eg gjekk på skulen. Då var eg fjærlending, sogning og vestlending. Om eg til dømes skulle skrive ein stil om kvar eg kom i frå kunne eg ha skrive: Eg bur i Fjærland. Fjærland er ei bygd i Balestrand kommune i Sogn og Fjordane osv.

vestland fylke

Eg bur framleis i Fjærland. Frå år 2000 har Fjærland vore ein del av Sogndal kommune. Fjærland var tidlegare ein del av Leikanger kommune, og seinare Balestrand kommune. Frå 2020 er Fjærland ein del av alle desse kommunane, då dei no blir slegne ihop. Den nye kommunen Sogndal ligg i Vestland fylke. Vestland fylke ligg på Vestlandet. Det er viktig å skilje mellom i Vestland og på Vestlandet. Det er viktig å skilje mellom Vestland og Vestland i bestemt form. Bortsett frå Vestland består Vestlandet også av to andre fylker. Rogaland ligg i Vestland i bestemt form. Rogaland ligg sør for Vestland. Møre og Romsdal er det tredje fylket i Vestland i bestemt form. Møre og Romsdal ligg på Vestlandet nord for Vestland.

Eg er framleis fjærlending og sogning og vestlending. I tillegg har eg altså, takka vere språkforvirra politikarar frå ein del av Vestlandet, som no heiter Vestland, vorten vestlanding. Kor tid skal eg sei at eg er vestlanding, og kor tid skal eg sei at eg er vestlending? Ein kan fort få inntrykk av ein landsdel i språkleg borgarkrig. Kanskje det var det politikarane i avtroppande Hordaland fylke og avtroppande Framtidsfylket ville oppnå? Uansett er Hordaland og Framtidsfylket snart ein del av fortida. Å vere eit framtidsfylke i fortid er berre patetisk.

Dersom alt dette høyrest sjukt forvirra ut, så skuld ikkje på meg. Eg har berre skrive ein faktaboks om kvar eg kjem frå. Skuld på politikarar heilt utan språkkjensle og heilt utan kreative gener. Med slik forvirra namngjeving av eit heilt nytt fylke tvilar eg sterkt på evnene deira til å ha visjonar eller styringsevne over nye Vestland fylke. Kor tid skal eg eigentleg kalle meg vestlanding, og kor tid skal eg kalle meg vestlending?

(Dei dummaste kommentarane til denne teksten vil komme frå dei som latar som dei ikkje forstår kva eg meiner om saka.)

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Eg er vestlanding vorten no.

  1. Jeg som kom fra østlandet et sted, bodde en tid i utlandet, før jeg kom til vestlandet før det ble Vestland vart ei tid noko forvirra avdi dei her tala eit anna språk enn det eg var vand med. Men det gjekk seg til på eit vis, avdi vestlendingane var vand med innflyttarar som skule integrerast. No seier eg at eg er frå Jorda, da er jeg sikker uansett hvilket mål jeg bruker.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: