MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Med fare for eg blir slakta av Nortura

Siste vekene har det vore fokus på korleis ein del gris har det i Norveg. Sjølv har eg ikkje orka å sjå dokumentaren på NRK. For meg var det meir enn nok å høyre lyden av grisehyla på radioen. Eg har fått med meg innhaldet likevel, og kjenner at eg må kommentere dokumentaren og debatten etterpå. Eg trur at mange bønder deler mykje av tankane mine, sjølv om ikkje alle deler tankane sine høgt. Alt for mange bønder er alt for lojale mot alt for mange.

Ting er aldri så enkelt som media framstiller det. Ting er ikkje så enkelt som NRK-dokumentaren påstår. Ting er ikkje så enkelt som Nortura eller dyrevernarane insisterer på. Ting er ikkje så enkelt som bondeorganisasjonane eller som politikarane framstiller det. Og ting er ikkje så enkelt som forbrukarane trur, eller som kommentarfelta meiner. Ifylgje kommentarfelta bør alle norske bønder kastrerast utan bedøving fordi enkelte grisebønder har gjort det mot dyra sine. Desverre er det ein del folk som har så lite inne i hovudet sitt at dei trur verda er like enkel som dei er sjølve. Mange av desse enkle sit og fyller kommentarfelta på nett. Andre av dei er politikarar.

Eg prøver ikkje å unnskylde dei bøndene som mishandlar dyra sine. Det er bra at slikt blir avslørt. Dokumentaren har fått i gong ein viktig debatt. Den debatten ville uansett ha komme, før eller seinare.

Eg veit at eg står i fare for å bli slakta av Nortura pga dette innhogget. Ikkje fysisk sjølvsagt. Men for det eg skriv, og fordi dei neste orda eg skriv er at Nortura har handsama denne situasjonen på ein svært uproff og dårleg måte. Dei lest som om problemet er enkeltbønder. Så enkelt er det ikkje. Problemet er ikkje berre enkeltbønder. Problemet er også landbrukspolitikken. Problemet er politikarar og forbrukarar sitt krav om billeg kjøt. Problemet er ei næring som er så pressa på økonomi at dei ikkje ser endane møtast. Ingen ting av dette fritek bonden frå skuld når dyr blir mishandla eller vanskjøtta. Men det fritek heller ikkje politikarar eller forbrukarar. Dei har fått det som dei ville – dei har fått billeg kjøt: Norsk griseindustri er ein suksess. Som norsk kyllingindustri og norsk fiskeoppdrett. At konsekvensen av så billeg kjøt og fisk er dårleg dyrevelferd har både bønder og andre åtvara mot heile tida.

Det skjer noko med bønder som går inn i storskala industrilandbruk, sa ein bonde til meg. Naboen hans, ein flink og god bonde, hadde starta kyllingproduksjon, og han meinte denne naboen hadde forandra seg av å heile tida gå å plukke daude kyllingar. Det skjer noko med folk. Du blir kynisk av ein industriproduksjon der det er så strenge krav til økonomi at det går ut over dyrevelferda. Ansvaret ligg ikkje berre hos bonden.

Når Nortura latar som at alt er i orden med industrilandbruket, og legg skulda på enkeltbønder, då spelar dei ikkje på bøndene sitt lag. Nortura-konsernet er fullt av konsulentar, men det kan sjå ut som dei manglar ein god mediestrategi. Landbruksministeren og bondeorganisasjonar latar som dei ikkje forstår, eller visste om, desse årsakssamanhengane. Det virkar lite truverdig. Norsk landbruk treng ikkje meir industrilandbruk. Vi treng politikarar og forbrukarar som forstår den soleklare samanhengen mellom pris og dyrevelferd. Næringa må ha betre mediestrategi enn dei har i dag. Det nyttar ikkje lenger å kamuflere dårleg dyrevelferd. Forbrukarane er ikkje så enkle i hovudet som Nortura trur.

Eg har trua på den norske bonden. Men den norske bonden er avhengig av vilkåra forbrukarar og politikarar set.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 29.6.2019

Bønder er ikkje vanlege folk

Kva hjorten og folk flest ikkje forstår

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Med fare for eg blir slakta av Nortura

  1. Konkurransesamfunnet er årsaken, og det er vi alle medskyldige i. Men som individuell handlene føler jeg meg ikke skyldig, fordi jeg sjelden ser på prisen.

    Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: