MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Trump kan kjøpe Oslo og Viken

Folketalet i det politisk bestemt døyande «trivselsfylket» Sogn og Fjordane fall med 458 personar i 2018, til 109.774 innbyggjarar. Fødselsoverskotet (tal fødslar minus tal dødsfall) var for første gong sidan registreringa starta i 1997 negativt. Lågare innvandring samanlikna med åra før er likevel hovudårsaka til folketalsnedgongen. Men innvandrarane vil vi jo ikkje ha. Offisiell norsk politikk er at det er betre flyktningar druknar i havet, eller sym tilbake dit dei kom frå, så skal vi «hjelpe dei der dei er». Det siste veit vi er berre ord. Ofisiell politikk er narsissistisk, empatilaus ignoranse av urettvis ressursfordeling og at det finst folk som treng hjelp.

I ei avkristna norsk høgreregjering er ikkje lenger den grunnleggjande tanken om nestekjærleik gjeldande. Lat flyktningane symje tilbake dit dei kom frå, så skal vi hjelpe dei der mot terroren og krigen dei rømmer frå. Det er som dei skulle sei at terroroffera frå Utøya burde symt tilbake til terroristen, så skulle vi ha hjelpt dei der, helsing noverande og tidlegare justis- og innvandringsministrar og vener. Ord utan meining, blotta for nestekjærleik. Mange norske kristne jublar for den norske, narsissistiske flyktningepolitikken. Og sjølv om eg ikkje reknar meg som sosialist, så tenkjer eg ofte at venstresida sitt solidaritetsomgrep er betre enn eit politisk kristenhøgre som har lagt tilside det viktigaste i kristendommen; nestekjærleiken – i ei tid då tal reelle flyktningar er på det høgste sidan den forrige verdskrigen.

Det som i dag er rekna som den mest alvorlege krisa i verda er klimaendringane. No har FN’s klimapanel endeleg innrømma at klimaendringane går raskare enn det dei trudde for nokre år sidan. Det er på tide at den innrømminga skjer. Det må vere fleire år sidan eg første gong skreiv at klimaendringane går raskare enn FN sitt klimapanel sa. Tilsynelatande er det ingen som tek det særleg alvorleg. Politikarane berre snakkar, og gjer tiltak som kostar meir enn dei er effektive.

Kanskje den verkelege krisa i Verda i dag er akkurat det: At vi har politikarar som spring hit og dit, som snakkar utan å lytte, som ropar i munnen på kvarandre, som ikkje klarar å samarbeide om å løyse krisene på jorda. Så har vi alle dei andre på sosiale medier, som også snakkar utan å lytte, og som meiner dei har svaret på alle slags kriser, både store og små, men som ikkje er i posisjon til å gjere noko anna enn å meine noko. Og så har vi dei politikarane som brukar Twitter til å tenkje høgt, som kvitrar kompromisslause ord om alt muleg. Og når ein då har 63,4 millionar fylgjarar, og ikkje vil framstå som svak, så må ein sjølvsagt fylgje opp sine eigne lite gjennomtenkte kvitringar neste dag.

I det siste har det handla om å kjøpe Grønland. Fleire enn meg tenkte då: Kva med å tilby Trump å kjøpe Finnmark? Kva vil Trump betale for Finnmark? spurde folk seg på sosiale medier. Eg har eit anna forslag: Kva med å selje Oslo og nye Viken fylkeskommune til Trump? Eller kanskje ikkje heile Viken, ikkje det som er lengst vest. Så kunne resten av landet endra namn til Norveg. Det hadde løyst ein del ting for regjeringa også. Tenk på all unødvendig administrasjon og slikt vi kunne bli kvitt! Ville Trump ha bite på? Kor lang tid hadde det gått før han forstod at han hadde kjøpt den delen av Norveg som er utan olje, utan vasskraft og utan alle dei andre ressursane som ligg langs kysten av landet?

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 23.8.2019

trumpKvitrar

Single Post Navigation

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: