MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “oktober, 2019”

Korleis kvele bygdadyret?

I det siste har eg møtt fleire personar, busette i Sogn, som har fortalt meg om bygdadyret; om sitt møte med det; og om andre dei kjenner sitt møte med dette dyret. Bygdadyret finst nok i alle bygder og bydeler – men kven er eigentleg dette berykta dyret?

Eg trur ikkje at noko enkeltmenneske i bygdene våre er eit bygdadyr. Sjølv om folk kan vere stygge med kvarandre. Eg trur heller ikkje at grupper menneske er bygdadyret. Sjølv om grupper kan oppføre seg som bygdadyret når dei snur ryggen til folk eller snakkar dei ned i sjølvrettvis misunning. Men eg trur at vi alle kan vere bevisste korleis vi skal unngå å late bygdadyret bli ei arv vi gir til neste generasjon: til barna våre.

bygdadyret

Kven er eigentleg bygdadyret? (Ill.: Margrethe og Sigri Otnes Holmen)

Bygdadyret får oss til å misunne den som lukkast. Bygdadyret får folk til å kaste drit om folk som hadde trengt ei skulder å søke trøyst mot. Bygdadyret får folk til å snu ryggen til dei dei ikkje likar, i staden for å ta kontakt for å bli vener. Bygdadyret går over på andre sida av vegen for å markere si motvilje for offeret. Om mulegheiten kjem så gjer bygdadyret det det kan for å krenke offeret sitt. Lat det vere klårt: Når eg skriv at det er bygdadyret som får oss til å gjere desse stygge tinga, så meiner eg at det er kvart enkelt menneske sitt ansvar om det let seg bruke av bygdadyret til å mobbe medmenneske eller å knekke folk. Å late seg bruke av bygdadyret er eins eige val. Og det verste du kan late bygdadyret bruka deg til er å krenke barna til dei du ikkje likar. Det er direkte vondskap.

Korleis ein kan unngå å late bygdadyret gå i arv til neste generasjon er i teoren enkel: Ikkje gjer alle dei tinga bygdadyret ber deg gjere. Sjå deg sjølv i spegelen, og tenk at det du gjorde når du snudde ryggen til (tidlegare) vener, eller når du stengde ute barna til dei du ikkje likar, var ikkje deg sjølv. Det var bygdadyret, ei arv du fekk som barn, enten du arva det frå foreldra dine eller du arva det frå lærarane dine eller andre vaksne. Du kan bryte mønsteret. Du kan slutte å utestenge. Du kan slutte å mobbe. Då vil borna våre få ein betre kvardag enn både dei som i dag let seg bruka av bygdadyret og dei som i dag er offer for utestenging og mobbing. Men om vi skal kvele bygdadyret må alle vere med på det.

Bygdadyret er ikkje spesielt smart, og det avslører lett kor dumt det eigentleg er…

Motsatsen til bygdadyret er kjærleik. «Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryt ikkje, er ikkje hovmodig. Kjærleiken krenkar ikkje, søker ikkje sitt eige, er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde. Han gler seg ikkje ved urett, men gler seg ved sanning. Alt held han ut, alt trur han, alt håpar han, alt toler han,» skreiv Paulus om kjærleiken. Motsatsen til kjæleik er hat. Hovmodig, glad over urett, narsissistisk og sjølvhevdande er bygdadyret når det meinar seg så mykje betre enn offera det har sett seg ut.

Alle nær meg veit at eg har litt erfaringar med dette sjølv. For ein del år sidan fekk eg vita at fordi bygdadyret meiner eg er vondskapsfull og løgnaktig så vil ikkje folk ha noko med meg å gjere. All ære til dei som tok kontakt med meg og fortalde det «alle vi kjenner» meiner om meg. Det var ærleg og modig gjort, og det har eg respekt for. Men i lang tid gjorde denne kunnskapen det vanskeleg å gå på butikken i bygda. Etterkvar har eg forstått at dei som kalla meg vond og løgnaktig ikkje snakka heilt sant då dei sa dei fleste i bygda er samde med dei. Og den forståinga kan eg leva med. Sjølv om det er vondt når folk ein er glad i uttrykker hat, snur ryggen til eller stenger ute – særleg når det går ut over barna. Lat oss saman kvele bygdadyret i staden for å late det gå i arv til barna våre!

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 19.10.2019

Tidlegare bloggtekstar om bygdadyret:
Verste sort mobbing
Ansvaret for mobbing ligg hos dei vaksne på skulen
Ingen likar den mannen

Post Navigation