MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “november, 2019”

Nav, barnevernet og norsk rettstryggleik

Siste vekene har avsløringane om Nav vore ei hovudsak i norske medier. Ein av problemstillingane har vore at domstolane ukritisk har godteke Nav sin dokumentasjon i saker om «grov trygdesvindel». Kontrolleininga til Nav er truleg det beste etterforskningsorganet i landet, har det vore hevda. Eit anna problem er Nav sin skråsikkerheit om at dei har rett, trass alle meldingar dei har fått om at dei tolka lova feil. Ei tredje problemstilling er at fokuset på å avsløre trygdesvindel, har ført til at sjuke og uføre i årevis har kjent seg mistenkeleggjort, kjent seg som lovbrytarar, i sitt første møte med Nav. Det trur eg har vore Nav sitt hovudproblem i mange år. Måten dei møter sjuke folk på. Presset dei har om å avsløre svindel har resultert i at folk som aldri har gjort noko straffbart har blitt møtt med mistru. Dette er først og fremst ein systemfeil som slit ut både sjukmelde og mange gode sakshandsamarar i Nav.

Eg skreiv nokre innhogg om Nav for nokre år sidan. Den gongen kalla eg Nav ein kreftsvulst som burde fjernast og erstattast med nye celler. Eg siterte legar og andre i helsevesenet som sa at Nav møter pasientar slik at dei blir sjukare, og at det tek lengre tid før pasientane blir friskmelde igjen. Desse innlegga førte til at eg fekk mange telefonar og andre henvendingar frå folk som hadde dårlege opplevingar hos ulike Nav-kontor. Det som går igjen i dei historiane eg fekk høyre var akkurat det at folk kjende seg mistenkeleggjort, sjølv om dei etter eiga meining ikkje hadde gjort noko gale. Å fjerne Nav og erstatte det med noko nytt er kanskje ikkje realistisk. Men vi kan håpe at denne alvorlege skandalen fører til at både lovtolking og andre systemfeil blir retta på. Og så må sjølvsagt øvste leiinga i Nav skiftast ut. Hovmotet si løn er fall. Det er passeleg etterbetaling i slike saker. Eller dei må tiltalast for grov svindel mot sjuke og svake folk. Det hadde vore rettvist!

Skal tru kor stor del av norske psykologar og psykiatri som har gått med til å hjelpe uskuldig dømte Nav-offer…

Nav-skandalen har også avslørt andre feil. Det eine er at rettssystemet har dømt uskuldige folk. Ein anna feil er at media ukritisk har publisert Nav sine stolte statistikkar over kor mange dei har fått sett i fengsel for grov svindel. Media skal ikkje vere eit ukritisk talerøyr for statlege etatar. Det har irritert meg kvar gong dei på kne for Nav har skrive saker om korleis folk medvite har gjort grov svindel mot Nav. Heldigvis høyrer eg frå fleire mediefolk at dei også tek sjølvkritikk.

barnimotlys

I det siste har eg venta på brev frå Nav. Denne veka kom brevet til min digitale postkasse. Eg har nemleg også vore sjukmeld og vore på tur. I brevet blir det vist til dei tre dagane eg hadde vore i eit EU-land då eg var sjukmeld. Brevet inneheldt informasjon om at eg kanskje er berørt av Nav si feiltolking av regelverket, og at Nav no skal behandle alle slike saker på nytt. Dei lovar ikkje at feiltolkinga gjeld meg, derfor må dei saksbehandle spørsmålet om eg hadde rett på sjukepengar dei tre dagane. Sakshandsaminga kan fort bli mykje dyrare for Nav enn dei få tusenlappane dei skuldar meg. Og eg reknar med at det brevet eg fekk skal ut til fleire titusen tidlegare sjukmelde. Dette vil koste pengar og tid for Nav i lang tid framover. Sjølv lurer eg på kor stor del av norske psykologar og psykiatri som har gått med til å hjelpe uskuldig dømte Nav-offer.

Medan eg sat og skreiv denne teksten gjekk Debatten på NRK1 i bakgrunnen. Der var temaet Barnevernet. Norsk barnevern har 30 saker til behandling i Menneskerettsdomstolen der dei er klaga inn for brot på menneskerettskonvensjonen. Nokre av påstandane som kom fram i Debatten har likskapar til Nav-skandalen. Mellom anna blei det stilt spørsmål om rettstryggleiken til foreldre og barn. Denne saka kan fort bli ein like alvorleg sak som Nav-skandalen.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 16.11.2019

Post Navigation