MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “desember, 2019”

Norske verdiar i endring

Dei snakkar om det i nyheitene heile tida. At norske verdiar er i endring. At norske verdiar er under press. Av dei meir ekstreme, på ytste høgre flanke, blir det brukt ord som snikislamisering når dei snakkar om verdiar under press. Det er ikkje berre ’norske verdiar’ som er under press. Menneskesyn og menneskerettar er også under press. Med ord som snikislamisering argumenterer somme politikarar for at det er greit å ofre menneskerettar og nestekjærleik.

Norske verdiar har i tusen år vore fundamentert på kristendom; på nestekjærleik og dei ti boda. Korleis kan det ha seg at dei som hevdar dei kjempar for å oppretthalde norske verdiar vender nestekjærleiken ryggen? Korleis kan det ha seg at ein biskop blir dømt i det norske rettssystemet fordi han viser nestekjærleik til eit medmenneske? Som kristen kunne han ikkje anna enn hjelpe ei kvinne som ikkje er muleg å returnere til heimlandet. Han kunne ikkje. Men ute på ytste høgre flanke blei dommen mot Gunnar Stålsett applaudert. Dei same folka som gir seg ut for å kjempe for norske verdiar klappa i hendene når biskopen blei dømt for å ha utøvd nestekjærleik. Det er noko med menneskesynet til desse folka som gir assosiasjonar til det menneskesynet andre verdskrigen var grunnlagt på. Det er noko med kravet om at eit ureturnerbart menneske skal fråtakast grunnleggande menneskerettar dersom ho ikkje på eige initiativ returnerer. Det er noko med menneskesynet i dette som vi er plikta til å reagere på.

Dagmar

Etter verdskrigen blei kyrkja i Tyskland kritisert fordi dei ikkje tydeleg nok tok avstand til det menneskesynet som etablerte seg på 1930-talet. Det var prestar som sa frå, som gjorde motstand mot det politiske systemet, men dei var ikkje så mange. Dei fleste torde ikkje stå opp for sitt eige verdisyn og sitt eige samvit. Når biskop Stålsett blei dømd for å utføre det han sjølv seier er hans plikt som kristen, hans plikt til det kristne menneskesynet og til sitt eige samvit, då reagerer heldigvis mange. Det får folk til å stille spørsmål ved korleis menneskesyn og menneskerettar blir teke omsyn til i norsk rett. Når ei mor blir utvist medan hennar små barn får bli i Norge saman med faren, reagerer også mange. Sjølv om det er mange slike saker må vi halde fram med å reagere når barn og andre sine rettar blir brote, eller nestekjærleiken blir vend ryggen. Særleg når det offentlege står bak, og spesielt når politikarar langt inn i regjeringspartia står opp for å bryte menneskeverd og nestekjærleik.

Dommen mot Stålsett har altså skapt debatt. Det er ein debatt om lovtolking og norsk rett. For mange blir Stålsett sett på som ein martyr fordi han må gå i fengsel for sivil ulydnad basert på sitt menneskesyn. Eg er redd det ikkje vil bremse endringane i verdiar og menneskesyn.

Les også: Normoppløysarane

Vi går mot ei av årets største høgtider. Jula er ikkje berre ei feiring av Jesu fødsel. Det burde også vere ei markering av det kristne menneskesynet, der alle menneske har lik verdi, og der nestekjærleik er ein grunnleggande verdi. I denne teksten er det forresten eitt ord som får raud strek under seg i ordrettingsprogrammet. Det er ordet snikislamisering. Det ordet høyrer ikkje heime i eit kristent menneskesyn. Framleis god adventstid!

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 14.12.2019

Post Navigation