MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Frp sitt moralske kompass

No er Frp rasande. Igjen. På alle som ikkje er samde med dei – folk flest. Ein skulle tru Frp forstår at folk flest har omsorg og nestekjærleik til barn. Men partileiar Siv Jensen let sine medlemmer rase som dei vil i sosiale medier. For henne er det greit at ein fylkesleiar i Frp kallar Abid Raja islamist, sjølv om ho understrekar at Raja ikkje er det. Men når Raja ikkje er villeg til å late barn med forsett dø i kampen om å polarisere norsk politikk., då må han rekne med at Frp-arar i sjølvrettferdig hat mot Raja og andre islamistar kan kalle han det dei vil.

Kanskje det var litt spissformulert. Det er fordi eg prøver herme den nye tonen i norsk politisk debatt. Men eg skal ikkje ta av i same grad som enkelte i Frp.

frp-logo

Frp-Helgheim meiner saka om at Norge hentar heim eit sjukt barn med norsk statsborgarskap er så alvorleg at Frp går ut av regjeringa. Han seier at Solberg sitt val om å berge eit norsk barn frå muleg død riv i folk flest si rettferdigheitskjensle. Han tek med andre ord for gitt at folk flest er villege til å ofre norske barn fordi foreldra har gjort grove feil. Og så forbannar han Solberg fordi ho av samvitsgrunnar tek dette norske barnet til Norge, berre fordi ho ikkje har samvit til å late eit uskuldig barn dø på hennar vakt. Helgheim klarar ikkje å sjå at det å berge eit sjukt barn har noko som helst med samvit og moral å gjere. Frp sin moral om at det er greit å ofre eit barn eller to fordi foreldra har gjort noko alvorleg gale er etter Frp-Helgheim si meining ein like god moral som statsministeren og folk flest sin moral. Helgheim seier også at eikvar god mor ville gitt frå seg barna. Det er muleg han ikkje kjenner så mange mødre. Eg kjenner i alle fall ingen mødre som vil gi frå seg barna. I Syria er det ikkje lov å skille mor og barn. Det var derfor norske styresmakter måtte hente heim mora saman med barna. Men her i Norge er vi blitt vant til at styresmaktene skil foreldre og barn. Det er det dessverre mange døme på.

Spør barna kva dei meinar om dette. Dei trur ikkje det er sant at det finst politikarar som ikkje prioriterer barns beste. Dei ser sviket og vondskapen mot barna.

Eg høyrde ei 91 år gamal tysk-jødisk kvinne på Skavlan i haust. Ho hadde mista heile familien under forrige verdskrig. Medan ho prata om opplevingane frå krigen, stoppa ho plutseleg opp, og sa: «Eg gløymer aldri at eg blei foreldrelaus då eg var 10 år, og det var frykteleg. I våre dager må eg stå fram og sei frå når barn blir skilt frå foreldra sine på grensene. Og eg må sei til verda: Ikkje gjer det! De må late familiar vere samla.» Det var ein beskjed frå barn som blei skilt frå foreldra sine under forrige verdskrig. Beskjeden var nok både til Trump og til politikarar som Erna Solberg, Siv Jensen og Frp-Helgheim. Det ho sa var at det som skjedde med jødiske barn og familiar under førre verdskrigen var feil, og at ho no ser det skje igjen. Ein må ikkje ofre barn fordi foreldra er av feil rase, sjølv om Frp meiner det er moralsk greit. Dette vil Frp bli dømt for av ettertida. Så kan det gjere Frp så indignert som dei sjølv vil at så mange seier frå om at slik er det. Spør barna dine kva dei meinar i denne saka. Svaret eg fekk var at dei trur nesten ikkje det er sant at det finst politikarar som vil ofre barn på den måten. Barn forstår ikkje dette. Dei ser berre vondskapen som blir gjort mot barn. Men vi må ikkje holde skjult for dei at slike meiningar finst.

Som eg sa manipulerer eg kanskje litt med dei politikarane som er villege til å ofre barn for deira framandhat. Men eg er ikkje i nærleiken å manipulere like mykje som Helgheim i Debatten på NRK. Solberg sa at dette var ei humaniter og moralsk handling. Ho kunne ikkje stå og sjå på at eit norsk barn dør på hennar vakt fordi ho ikkje gjorde noko. Helgheim si tolking av Solberg var at berre det er ein IS-terrorist inne i bildet vil Norge ta imot kven som helst. Den graden av vridning og manipulering om kva andre har sagt klarar eg ikkje å herme.

Single Post Navigation

3 thoughts on “Frp sitt moralske kompass

  1. Ingvar Åberge on said:

    Du held fram med å skriva rett inn i barnevernsdebatten. Utan å innrøma at det er det du gjer. Men i alle fall, om ein skil foreldre og born av politiske grunnar, så er ein i alle fall ærleg om kvifor ein gjer det. Men dersom ein skil dei med grunngjeving i ei konstruert omsorgssvikt, meiner eg at det er endå verre, for då tek ein også frå dei involverte retten til å vita kva som eigentleg skjer med dei.

    Om nokon les dette her, vert eg vel kraftig arrestert for det. Men eg meiner at det barnevernet driv med er god gamaldags eugenikk. Det dreiar seg om å hindra at menneske som har dårlege genar eller er til byrde for samfunnet får for mange born.

    Kva gjeld saka med Syria-kvinna: Eg er stygt redd at dette er ei god sak for FrP og ei dårleg sak for regjeringa. I den grad eg har lodda stemninga er inntrykket mitt at folk slit med å forstå denne aksjonen, og eg er slett ikkje sikker på at det er eit fleirtal som støttar han. Det som eg i alle fall ikkje er i tvil om, er at FrP no kjem til å stiga markant på meiningsmælingane. Kjenner eg dei rett, er det ikkje lenge før dei står fram og er imot både kommunereforma og andre upopulære tiltak som Solberg-regjeringa har gjennomført. Med all den misnøya som har bygt seg opp mot Erna Solberg si regjering, vil det vera ei takknemmeleg oppgåve å hausta fruktene av misnøya. Dei som vert sitjande med Svarteper er V og KrF, som lite anna kan gjera enn å verta sitjande i Solberg-regjeringa og lyt ta støyten for den politikken som regjeringa fører.

    Likar

    • Johannes Eggen Mundal on said:

      Det er trist for landet vårt dersom eit parti som står for at det er greit å ofre eit norsk barn til døden, vinn fleire veljarar. Eg håpar at alle kristne som har stemt FrP vaknar opp og tek avstand til dette synet. Ein straffar ikkje og ofrar ikkje barn fordi foreldra gjer ein feil. Lenger frå eit kristent menneskesyn kjem ein ikkje, uansett korleis ein vrir og vender på det.

      Likar

  2. Ingvar Åberge on said:

    Det skulle vera nok å minna om korleis gode kristne gjekk inn for å handsama tyskarungane etter krigen. Den saka vert på somme måtar parallell til IS-kvinnene og deira born. Tyskarungane kunne verta eit framtidig trugsmål mot riket sin tryggleik, vart det hevda, og dei måtte difor enkelt sagt straffast for foreldra sine synder.

    Endå verre er likevel måten som «taterungane» vart handsama på, og med minst like gode kristne i spissen. Systematisk og grov omsorgssvikt i barneheimar var eit av verkemidla som vart brukte for å få borna bort frå omstreifarlivet. Det går pussig nok ein direkte tråd frå forfylginga av taterane/fantane til dagens barnevern.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: