MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “mars, 2020”

Er det ikkje lov å le meir?

Dette spørsmålet dukkar opp i alvoret: Er det ikkje lov å le no? Er humor heilt ute? Om du prøver deg med humor i temaet korona, då er du nærast dau på sosiale medier. Heilt ute. Ignorert. I verste fall blir du kalla mordar. Forstår ikkje folk ironi meir? Eg forstår vi lever i unntakstilstand, og at unntakstilstanden kanskje er rett. Men er det ikkje i slike tider av alvor vi treng humor for å gjere kvardagen leveleg?

Men hysteriet og panikken styrer. Og då er det visst ikkje plass til ironi eller anna humor. I alle fall ikkje på sosiale medier. I alle fall ikkje på twitter. Folk IRL klarar heldigvis framleis å le. Også om korona. Men ikkje i same grad på sosiale medier. I alle fall ikkje på twitter. Der kan folk opphøge kongen sin tale om å vise vennlegheit i ein tweet, og i neste kalle folk det styggaste ein kjem på fordi han er usamd men nokon i noko med korona. Eg kjenner folk som har blitt kalla mordar på twitter fordi han sa at koronatiltaka er hysteriske og overdrive. Og kanskje har venen min rett. Hysteriet og panikken som får folk til å handle irrasjonelt er eigentleg den største fienden no. Angst og panikk er koronaen sine beste vener dersom koronaen sitt mål er å ta flest muleg liv. Hysteri og angst er vårt eige immunforsvar sin verste fiende. Likvel reagerer folk med frustrasjon og sinne når ein prøver å formidle at ein må unngå panikk. Og på sosiale medier får ein vite at panikk er påkrevd, og at vi som ikkje er redde eller har panikk er det noko gale med. Vi som prøver å halde humøret oppe og prøver oss på ein vits får vite vi er fullstendig på villspor.

Nordmenn forstår eigentleg humor. I alle fall forstår vestlendigar og nordlendingar humor og ironi. De andre er eg litt usikre på. Somme av dykk forstår ironi, andre forstår ikkje ironi som eg først har prøvd ut på småungar heime, og som småungane forstod. Dersom du ikkje forstod ironien i dette avsnittet er du ein av dei (sannsynlegvis få) som ikkje forstår ironi.

Korfor kan ein ikkje vitse om korona? Korfor kan ein ikkje skrive ei fjesbokmelding eller ein kvitter-status om at ein ynskjer å finne ein pris der ein kan kåre korona til verdas beste klimatiltak dette året? Korfor tåler ikkje folk humor? Forresten var statusen om at korona er verdas beste klimatiltak alvorleg. Talet menneske som overlever pga dette klimatiltaket er sannsynlegvis mangedobbelt dei som dør av dette klimatiltaket som moder jord sjølv, med menneskeleg hjelp, har skapt. Kanskje skulle vi vore takksame?

Men det kan vi ikkje. I staden set verda i gong tiltak som sannsynlegvis knekk verdsøkonomien. Og lokalt i Norge set vi i gong tiltak der ma psykiatri blir stengt ned for folk flest i ein situasjon der mange fleire hadde hatt behov for den tenesta. Dette fører til ein stor auke i sjølvmord, hevdar ein god ven av meg. Kanskje har han rett. Kanskje fleire dør i Norge under dei tiltaka som er sett i gong enn dei vi reddar frå korona. Kanskje mange fleire unge dør fordi vi prøver å redde folk som er i faresona for å dø av korona. Og det er ikkje noko å le av. Men vi som forstår ironi og sjølvironi kan framleis finne noko å le av. Sjølvironi er aldri vondsinna eller sjølvgod, sjølv om det finst dei som hevdar det. Men dei har ikkje forstått ein døyt.

Raudt kjøt som klimatiltak

Dersom du er oppteken av klimaet skal du ikkje slutte å ete kjøt. Men du kan godt spørje kor kjøtet kjem frå, og korleis det er produsert. Så kan du velje deg kjøt som er ein del av løysinga både for klimaet og for å oppretthalde ein viss norsk sjølvbergingsgrad. Fleire nye forskningsprosjekt konkluderar nemleg med at beitedyr på fleire ulike måtar bidreg til å bitte karbon til jord.

Du treng ikkje å ha kjøtskam!

Agri Analyse har gjort ein gjennomgang av nyare internasjonal forskning på beitedyr og lagring av karbon i beitemark. – Beitedyr er ikkje eit klimaproblem, seier prosjektleiar i Agri Analyse, Margaret Hillestad, til nettstaden landbruk.no, som Norsk Landbrukssamvirke står bak. Beitedyr bidreg til karbonbinding på fleire måtar. Beitedyr gir graset djupare røter, og aukar på den måten aktiviteten i jorda og jorda si evne til å bitte karbon. Når sauer beitar i utmarka frå mai til september påvirkar dei gras, blomster, sopprøter og dei «metan-etande» bakteriane i jorda, seier Hillestad. I tillegg kan det sjå ut som beitinga fører til auka aktivitet av mikroorganismar oppå jorda og ein auke i «metan-etande» bakteriar som fangar opp metan frå pusten til dyra. Beitedyr som et lauv og kratt bidreg i tillegg til å halde landskapet ope. Å hindre gjengroing av opne landskap er viktig i eit snørikt land som Norge. Opne flater dekka av snø reflekterer meir sollys enn areal gjengrodd med skog. Dette kallar vi albedo-effekten, seier forskaren til landbruk.no. Totalt meiner ho beitedyr bidreg positivt i det norske klimarekneskapet.

89550854_205687987313737_1931533559940513792_n

I januar la Klimadepartementet fram ein ny klimakur-rapport, som viser korleis Norge skal redusere klimautslepp fram til 2030. Eit av dei viktigaste tiltaka der er å kutte kjøtforbruket til halvparten av dagens nivå. Det vil i fylgje Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) og Menon Economics, som har rekna på konsekvensane, føre til at nær ein tredel av Norge sitt landbruksareal vil gå ut av produksjon. I tillegg vil ein tredel av sysselsetjinga i norsk landbruk bli borte. Mykje av arealet som i dag er grunnlag for kjøt og mjølkeproduksjon er ikkje eigna til å dyrke grønnsaker eller korn. Dette vil føre til ein sterk svekking av norsk sjølvforsyning. Det virkar som ein del av dei meir ekstreme klimafolka ikkje tek inn over seg at det viktigaste behovet menneska har er mat. Ja, lufta vår og klimaet er også viktig, men klimakutta i landbruket må ikkje gå ut over Norge si evne til å produsere mat i ei tid då matproduksjonen i verda er svekka av klimaendringar.

Å sei at Norge må redusere kjøtproduksjon på utmarksbeite er altså feil som klimatiltak. Det same er eit anna av klimatiltaka i klimakur-rapporten: å plante til beiteareal med skog. Det er like dumt som å sei til inuittane på Grønland at dei må slutte å ete fisk og sel.

Dersom du likar kjøt, så treng du altså ikkje ha kjøtskam. Du kan bruke litt tid og finne kjøt som ikkje er produsert av soyabasert kraftfôr (og då må du også velje bort svin, kylling og oppdrettsfisk, som dei klimaekstreme av uforståelege grunnar vil du skal ete meir av). Du kan kjøpe kjøt av t.d. sau og lam som har gått i norsk natur og bidrege til karbonbinding både over og under jorda. Eller du kan kjøpe kjøt av storfe som går ute på beite så lenge det er muleg i norsk klima, og som klarar seg mest muleg utan kraftfôr. Vi har eit stort potensiale i å produsere kjøt på ein klimagod måte. 45 % av arealet i Norge er rekna for å vera eigna til beitebruk. Dette potensialet er langt frå utnytta.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 7. mars 2020.

Les også:
Bønder er ikkje vanlege folk.
Kva hjorten og folk flest ikkje veit.

Post Navigation